JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

🎧 Soga om Stine og Jacob

STAVANGER: «Den første identifiserte kvinna som skreiv på norsk dialekt», heiter det om organisten Stine Lund (1715–1761) frå Stavanger, rekna som diktaren av ei vise Ivar Aasen sette høgt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jacob Rasch (1667–1737), Stine Lund (1715–1761) og Ivar Aasen (1813–1896) kring Stavanger domkyrkje.

19301
20190816

Dialektferda. Del 6.

Dag og Tid og Nasjonalbiblioteket fer i Ivar Aasens fotefar for å granska korleis norske dialektar lever i litteratur, vitskap og kvardagsprat, og for å møta songpoetar frå mange stader i landet.

26. april: Vennesla

3. mai: Bergen

16. mai: Oslo

24. mai: Øksnes

31. mai: Torpo

16. august: Stavanger

Teikning:
May Linn Clement

Lytt til artikkelen:

havard@dagogtid.no

«Reis dæg, Brita, gakk åd strånnå», skrive i «Stavangers Omegn», er eitt av dei eldste, gode dikta på norsk, men vart det skrive på stavangersk eller på jærsk? I 1698 eller i 1761? Av Stine Lund eller av ein annan? Forskarane er usamde.

Stine Lund frå Stavanger må ha vore ei uvanleg kvinne i Noreg på 1700-talet. Ikkje berre skal ho ha dikta godt på dialekt. Ho var organist i Stavanger domkyrkje, og den fyrste kvinna som fekk ei gate i Stavanger kalla opp etter seg, Stine Lunds gate, som forsvann på 1960-talet.

Men kvar er det eldgamle viseprentet på åtte sider som Aasen såg i Rogaland i 1844 – det var gamalt alt då – og som sist vart sett av språkforskaren Didrik Arup Seip i 1956? Borte vekk. Ingen har visst sett det sidan 1990. På Nasjonalbiblioteket i Oslo saumfer dei magasina på jakt etter klenodiet. Visa høyrer til mellom dei aller mest verdfulle tekstane me har på norsk frå dansketida. Rett nok er teksten frilynt, «verdsleg» og mangfaldig, men av di han er så sjeldan, kunne ein i andre kulturkrinsar ha rekna han mellom dei heilage og kanoniserte.

Handlinga i visa

Visa er skriven på melodien til ein hallingdans – Siunges som den bekiendte Hallinge Dants, står det på tittelbladet –?og «handler om en Forlovelse og indeholder kun en Samtale imellem Frieren, Pigen og hendes Fader», skreiv Ivar Aasen i 1853.

Lokalhistorikaren Sigleif Engen – meir om han til slutt – samanfatta handlinga slik: «Ein langvegsfarande friar kjem sjøvegen og vil fri til Brita, ei ung gjente pa° garden. Brita har hatt gjæve friarar før, men ho har alltid svara nei. Men denne friaren hadde alt slege frampa° med mor til gjenta den gongen ho berre var eit barn. Da° sa Brita: ‘Go brudgom, kjæme du der?’ Og na° skulle det ga° troll i ord. Brita vart oppmoda av far sin til a° seia ja til den mykje eldre friaren, og faren lova henne god heimanfylgje. Friaren Torjus lova òg at han skulle sørgja godt for henne. Det vart trulovingsgilde, og friaren og far til gjenta drakk kaupska°la som ho Besta hadde skjenkt i. Dei hadde det gildt ved bordet, og til slutt ga°r Torjus til sengs og vil kvila etter den lange ferda. Han oppmodar ho Besta til a° be Brita om a° lura seg inn til han, enda° dei enna° ikkje er retteleg feste. Men dagen etter vil presten koma i garden, og da° er festarma°let lovformeleg, og Brita kan ga° til Torjus utan a° lura seg.»

Visa er ikkje den einaste frå dansketida som handlar om ein far som vil gifta bort dottera til ein eldre, rik friar.

I den fyrste av dei tolv strofene ber faren dottera om å ta vel i mot friaren.

Reis dæg, Brita,

gakk åd strånnå gå til stranda

Tag han Torjus

trutt i hånnå Aasen: med Troskab

Han bia Aasen: vente

Og når han tæge

dæg på høgra sia

så må du endele

bokka og nia Aasen: bøie Knæerne

Han bia

Gangje åd ståvå gå til stova

Mase så stilt Aasen: pludre

Hadla så låvå hald det som er lova

Så værte dæ gildt

1844: Ivar Aasen

Kva tid og kvar fann Ivar Aasen visediktet? Av di han måtte få sendt eit viktig brev til Vitskapsselskapet i Trondheim, om finansieringa av dialektferda si, kom han til Stavanger «da Dampskibet sidste Gang for dette Aar skulde gaae herfra nordefter», 16. september 1844. Det var fyrste gong han vitja Rogaland: «Byen Stavanger er både meget større og meget styggere, end jeg havde forestillet mig.» Om domkyrkja der Stine Lund hundre år før hadde vore organist, skreiv han: «Denne Kirke er Byens største Prydelse; den er omtrent af samme Bygningsmaade som Trondhjems Domkirke, men meget simplere end denne.»

Betre inntrykk gjorde visa om Brita. Aasen – og forskarar etter han, mellom andre Gustav Indrebø i Norsk målsoga (1951) – sette visa høgt. Ho er fint skriven, ho gjev eit sjeldan innsyn i sed og skikk, og dialekten er temmeleg presist gjeven att. «En ret god Vise», ifylgje Aasen, «forfattet i reen Dialekt uden Pynt eller laante Ord».

Dimed er diktet ei unik kjelde til forståing av målet i «Stavangers Omegn» på 1700-talet. Då Aasen ti år seinare gav ut boka Prøver af Landsmaalet i Norge (1853), siterte han den andre strofa. Framleis er det far til Brita som fører ordet, med lovnader om dei fine kleda dottera skal få om ho seier ja:

Fløyelsbol mæ kroppen på eit klesplagg

blanke snore

Silkjestakkjen

vie og store –

mi dåkka!

Og knebla skaud kniplingsskaut

så prestkånå okka som prestekona vår

Og træhædla sko og sko med trehæler

ringspodda sokka ringstrikka sokker

Mi dåkka!

Gjeide og saue

gjæve æg dæg

mæ hådn og klauve horn og klover

lye du mæg Aasen: lyder

1956: Didrik Arup Seip

Korleis veit me at Stine Lund skreiv visa? Aasen nemner ingen diktar. Det forsvunne prentet var utan forfattarnamn og utgjevingsår. Men Brita-visa finst i eit handskrift frå 1700-talet òg, eit visehefte, donert til Museum Stavanger.

Så då går ferda mi med tog frå Oslo – frå Nasjonalbiblioteket og den rikhaldige Aure-samlinga av dialektviser –?til Stavanger og arkiv og samlingar der. Eg fer forbi stader og stasjonar sør på Jæren som eg om nokre dagar skal venda attende til i utforskinga av Brita-visa. Kven skreiv henne?

Hundre år etter Aasen, i 1956, slo Didrik Arup Seip fast kven diktaren var. Museum Stavanger hadde gjort han merksam på den handskrivne viseboka frå kring 1780, som museet fekk i gåve i 1946.

«To av diktene er med en senere hånd tilføyet forfatterens navn, Stine Lund», fekk Seip vita, og eitt av dikta er Brita-visa.

Sjølv må eg venta med å få sjå viseheftet, grunna ferieavvikling på museet, men i Ottar Grepstad-boka Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie (2006) finst ein faksimile av den handskrivne versjonen, med tilføyinga «af Stine Lund».

Dialekten

Kva slags mål er nytta i Brita-visa? Å identifisera dialekten kan hjelpa oss å identifisera diktaren.

Aasen lokaliserte ikkje dialekten i visa til anna enn «Stavangers Omegn», som omfatta til dømes Jæren òg. Gustav Indrebø skreiv at visa var dikta på rygjamål. Men Seip slo fast at visa var skriven på bymål frå 1700-talet, på stavangermål – det gav seg sjølv ettersom diktaren, Stine Lund, var fødd og oppvaksen i byen.

Seip meinte dimed at visa var ei særs sjeldan kjelde til forståing av gamalt bymål i landet: «Det er nok det eneste bymål i Norge som har dialekten fra eldre tider så godt opplyst.»

Seip konkluderte med at bymålet i Stavanger på 1700-talet hadde ord og former som no berre finst i distrikta, til dømes okka (vår) og ka (kva). «Stine Lunds vise gir», skreiv han, «gode bidrag til kunnskapen om eldre Stavanger-mål».

Han legg til: «Sammen med det vi har noen år før fra Jacob Rasch.»

1669: Jacob Rasch frå Jæren

Kven var Jacob Rasch (1669–1737)? Somme har nemnt han som visediktaren, og då må me visst gå endå lenger attende i den rogalandske dialektsoga.

Historia ser ut til å byrja hausten for heile 350 år sidan. Då vart skulemannen og ordsamlaren Jacob Rasch (uttala Rask) fødd, berre fem mil frå Stine Lunds Stavanger, på Kvalbein, ein stor gard på Ogna, nær grensa mellom Sør-Jæren og Dalane. Og det var midtvegs i denne soga, for 175 år sidan, at Ivar Aasen kom til Rogaland på eit stipend for å samla inn dialektord og -tekstar – truleg uvitande om at Jacob Rasch hadde freista å skaffa seg eit slikt stipend, han òg, alt i 1690-åra, då han var på same alder som Aasen var i 1844, kring 30 år.

Og som Aasen var Rasch oppteken av å få omsett Bibelen til morsmålet, slik det var gjort i grannelanda. Han byrja på oppgåva. 223 år før den fyrste samla bibelomsetjinga kom på nynorsk, omsette Rasch ein bibeltekst – frå gresk til jærsk, i eit språk som har mykje sams med språket i «Reis dæg, Brita, gakk åd strånnå». Eit døme: I den Aasen-siterte Brita-strofa les me om prestkånå okka (prestekona vår) og i bibelomsetjinga til Rasch om Jesus Kristus, okka herræ (vår herre).

1700: Stine og Jacob

Kva kan me få vita om visa, dialekten og diktaren ved å sjå på liva til Stine Lund og Jacob Rasch?

I Arkivenes hus på Ullandhaug, i den gamle arbeidar- og industribydelen Hillevåg, ei halv mil frå sentrum, står ei diger tralle med gamle bøker og manuskript og ventar på meg.

Livet til Stine Lund, døypt Kristina Friborg Lund, er ei spanande soge. Ho høyrde til ei organistslekt. Farfaren Laurids Lorentzen, son av organisten i Kristiansand domkyrkje, drog i 1680-åra til Stavanger og vart organist i domkyrkja der. Han var på alder med Jacob Rasch som voks opp mellom dei to sørvestnorske hovudstadene, på Kvalbein gard på Ogna – dit eg lyt dra når eg har gjort meg førebels ferdig i Stavanger.

Jacob Rasch og Stine Lunds farfar må ha budd samstundes i Stavanger, for alt som treåring vart Jacob utsett til skulegang og studiar av di han var så skarp, og som trettenåring, i 1682, vart han send til Stavanger, der han gjorde det så godt på skulen at han i 1688 vart sendt til prestestudium i København, men utan å verta prest.

Året etter vart far til Stine Lund, Kristian Fredrik Lund, døypt med velståande stavangerborgarar som fadrar, frå same samfunnsklasse som far til Rasch, sorenskrivar over Jæren og Dalane.

Men som femåring vart far til Stine Lund farlaus. Same år vart ein ny organist tilsett, og han vart snart gift med enkja. Unge Mikel Sadolin var berre femten år eldre enn stesonen, Stine Lunds far.

Samstundes tok Rasch teologieksamen i København, som Søren Kierkegaard nær 150 år seinare, og som Kierkegaard byrja han ikkje som prest, men heldt fram med ein magistergrad i filosofi, som Kierkegaard, det òg (og Per Lønning, biskopen). Rasch studerte hebraisk og gresk, arabisk og syrisk, men hovudinteressa var norsk språk og soge.

Stine Lunds far tok berre 13 år gamal over som organist i domkyrkja i Stavanger, for på jolaftan i 1701 døydde stefaren òg, og i 1707, då han var 18 år, vart tilsettinga formalisert.

Då var Jacob Rasch i gang med ein karriere som rektor ved katedralskulen i Christiania (Oslo), truleg litt motviljug, for som nemnt hadde han fyrst, utan å lukkast, freista å få stipend til å fara kring i Noreg for å samla inn dialektar, og få til ei omsetjing av Bibelen til morsmålet – som jo ikkje var dansk.

1712: Gift til rikdom

Rasch fekk aldri pengane som kunne ha gjort han til ein Ivar Aasen 150 år før Aasen, men som rektor på den viktigaste lærestaden i Noreg var han økonomisk sikra. For organistslekta i Stavanger vart det derimot trongare kår. På grunn av Den store nordiske krigen (1709–1721) vart samfunnet fattigare. Musikkundervisinga i byen vart lagt ned og organistløna sett ned. I 1711, då han var 22 år gamal, fekk far til Stine Lund avslag på ein søknad om lønsauke. I 1712 vart mor hans, Kristine Friborg, stemna for manglande innbetalt skatt.

Men far til Stine Lund visste råd. Same år gifta han seg med ei kvinne som venta ein arv på heile 1800 riksdalar. I samanlikning var årsløna til organisten ti, og sidan åtte, riksdalar. No var organist Kristian Fredrik Lund ein rik mann og kunne stifta familie. Snart kom Stine Lund til verda.

I Brita-visa er det den unge kvinna som giftar seg til rikdom. I røynda kunne det vera motsett: Far til Stine gifta seg til ein formue, som kom i 1713, to år før eldstedottera vart fødd.

I tredje strofe av visa er det unge Brita sjølv som fører ordet. I leksikonet Allkunne les me: «Lund legg meir vekt på kvinnerolla enn det dei mannlege kollegaene hennar gjer, og ho tematiserer spørsmålet om seksualmoral og kjærleiksekteskap lenge før andre namngitte kvinnelege forfattarar. Lund er oppteken av forhandlingane mellom generasjonane før eit mogleg festarmål og skriv med ironisk distanse.»

Torjus, dæ friaren

va rette knaben Aasen: mann, kar

Joumen vil æg jommen

lya paben far, pappa

og takka

Og så vil me åd Aasen: til

noustre lakka naustet; Aasen: gå lett

Så kan me sian om

brødlaube snakka bryllaupet

og takka

Gudmon i Glåmrå dreng på garden?

være sjå dæg sjå: hjå (hos)

Truls i Nordhåmrå dreng på garden?

tæg æg mæ mæg

1721: Hor og fattigdom

Skjærtorsdag 1715 vart Stine Lund boren til dåpen, oppkalla etter farmor si, Kristine Friborg Lund, som truleg var i live då, om lag 50 år gamal. Ho synte interesse for poesi, ho òg: Som ung fekk farmora ei bok som er tatt vare på, ein Huszholdnings-Calender, prenta i København i 1633, og i boka er ulike dikt skrivne inn for hand.

Stine Lunds no velhavande far fekk ei dotter til, Laurentia, oppkalla etter farfaren, og han sytte for å få skikk på musikkundervisinga i Stavanger – noko vesle Stine Lund truleg hadde glede av.

Men i 1721, då dei to systrene, seks og tre år gamle, fekk eit halvsysken, mista far deira heile eller delar av formuen av di barnet vart til utanfor ekteskap, ved såkalla «leiermål», med dotter av sjølvaste sorenskrivaren i Ryfylke fogderi – som sytte for å straffa organisten som hadde sett barn på dottera hans. Far til Stine Lund var elles kjend med rettsvesenet. Han hadde stemna spelemenn for å gå han i næringa – organistane hadde spelemonopol – og vore utsett for overfall i byen.

Då Stine Lund på nyårsdagen i 1729 for fyrste gong hjelpte far sin med organisttenesta, var ho like ung som faren hadde vore då han byrja som organist –?13 år. Og då faren døydde i 1737, og vart gravlagd under orgelverket, tok Stine Lund over som hovudorganist i Stavanger domkyrkje – 21 år gamal.

Var det difor ho i neste hundreår fekk ei gate i byen kalla opp etter seg? Eller kom æra av visediktinga hennar?

1698: Ordsamlinga

Stine Lunds far og Jacob Rasch døydde same år, i 1737 – Rasch i Christiania, 67 år gamal. Arven etter han var mellom anna at morsmålsundervising vart innført i den latindominerte skulen i Noreg – ei sak han hadde kjempa lenge for, ei sak som sjølvsagt var i slekt med det som opptok han i unge år sist på 1600-talet: ei norsk bibelomsetjing og ordsamling.

Eit oppslagsord i ordsamlinga er kumler, som Rasch forklarer på dansk: «Boller på suppen og sådd.» Den sørvestlandske nasjonalretten – komle, kompe, klubb, raspeball, ball (sunnmørsball, som Ivar Aasen kalla yndlingsretten sin) – var med andre ord etablert hundre år før poteten kom til Noreg, så kva var komlene laga av? Mjøl? Kjøt, som i trøndersodd? Eller sei og hyse, som i Kristiansund? Det seier ikkje Rasch noko om, men han nemner at kumler har ei anna meining òg: «Kumler: kalles små, tykke folk, som er ei nett i positur, og senferdig i gang og gjerning.»

Det skulle gå 260 år før ordsamlinga til Jacob Rasch vart prenta. I 1957 sytte Sigurd Kolsrud for at ho kom ut i serien Skrifter frå Norsk Maalførearkiv. Om ein samanliknar Norsk ordsamling. Stavanger 1698 med visa «Reis dæg, Brita, gakk åd strånnå», finn me spor i ord alt i tittelen på visa og fyrstelina. Reis dæg er eit uttrykk Rasch forklarar, for på dansk heitte det stå opp eller statt opp.

1761: Gravlagd under orgelstolen

Om Stine Lund veit me ikkje så mykje meir. Det er ikkje kjent om ho hadde born. Truleg hadde organistslekta vorte nokså fattige att. Ifylgje ei kjelde gifta Stine Lund seg med ein «matros Ole Svendsen». Veslesystera gifta seg med ein styrmann, Jacob Sadolin, i 1741, då ho var 23 år. Han var nevøen til organisten Mikel Sadolin, «stefarfaren» til systrene. Paret fekk sju born på ti år, før huset deira i Øvre Holmegate 22, seinare barndomsheimen til Stavanger-diktaren Jens Zetlitz, kjend frå Norske Selskab i København, vart selt på auksjon i 1753. Sjølv budde dei ikkje i huset; det gjorde mor til Stine Lund, enkja etter organisten som vart dømd for leiermål. Året før vart orgelverket i domkyrkja reparert for midlar samla inn mellom borgarane i byen. Me veit òg at Stine Lund på denne tida eigde og budde i eit hus i Øvre Strandgate.

Den 15. januar 1761 døydde Stine Lund, 45 år gamal. Ho vart gravlagd «under orgelverket ved lectors stol», der far hennar alt låg. Av di me veit så lite om livet hennar, vert diktet gjerne datert til 1761 eller «før 1761». Som nemnt manglar det forsvunne Brita-prentet opplysingar om forfattar og utgjevingsår.

Så høyrer me ikkje meir om henne før 120 år seinare, då ho som fyrste kvinne i Stavanger får ei gate kalla opp etter seg – som organist eller diktar?

1698/1761: Trulovingsfest

I fjerde strofe er det framleis Brita som fører ordet. I førre verset takka ho ja til friaren i naustet, og no gjev ho instruksar for trulovingsfesten – etter at ho i dei fyrste linene forelska har sitert frå ein song som truleg var kjend i samtida.

Fram til 1799 var truloving påbode og juridisk bindande i Noreg. No skulle trulovinga mellom Brita og Torjus feirast, sjølvsagt ikkje nedi naustet, men heime på garden til far hennar.

«Høyra de nå kor

vent dei spella

Rett nå møsse æg Aasen: miste

rokk og snella»

kva Anna sa

Å! Sæl være du så du: friaren Torjus

nå kom te lanna til lands

Loube nå, Ingeri, Aasen: løpe

Sigbjødn og Anna tenestefolk?

te lanna til garden

Be henna Besta, Aasen: med makt i huset

gamla godl, gull

at hu gjære stouber gjer; Aasen: beger

og kruse fodl full

2019: To hòl i kjeldelista

Nei, eg kjem ikkje vidare om eg ikkje legg ferda innom garden Kvalbein mellom Jæren og Dalane, der Jacob Rasch budde til tenåra. Godt eg tok sykkelen med meg på toget frå Oslo, for no kjem eg til småstader – innanfor folkeskikken, men utanfor kollektivtrafikken.

Mange teikn peikar mot Kvalbein. Gode hjelparar i Stavanger og Bergen har nett tetta to hòl i den veksande kjeldelista.

Frå professor Helge Sandøy ved Universitetet i Bergen, som skriv på ei bok om Aasens Prøver af Landsmaalet, får eg ein artikkel av Inge Særheim frå 2011, «Nokre kjelder som gjev opplysningar om sørvestlandsk mål i eldre nynorsk tid». Særheim motseier forskarane som har hevda at målet hjå Rasch og Brita-visa er stavangersk bymål, og peikar sjølv mot Sør-Jæren.

Hovudbibliotekar Bente Kvame Hadland ved biblioteket til Museum Stavanger syner meg ein lang artikkel, «Reis dæg, Britha», frå årboka til museet i 1968, av innleiingsvis nemnde Sigleif Engen (1903–89), lokalhistorikar og bygdebokforfattar. Som Særheim meiner Engen at målet i visa er sørjærsk. Men han går lenger og peikar på kven han trur er diktaren: Jacob Rasch.

Frå domkyrkja, der Stine Lund var organist, går vegen no til Kvalbein og heimstaden til Rasch.

Men eg er ikkje ferdig med Stavanger. For jamvel om det vert sådd tvil om at Stine Lund dikta «Reis dæg, Brita», står fleire spørsmål opne: Kvifor er det ein gamal Stavanger-tradisjon om at ho var «Byens første Digterinde»? Kva med det danskspråklege diktet ho òg vert kreditert i viseheftet frå 1780? Og kvifor fekk ho ei gate kalla opp etter seg, 120 år etter at ho døydde? Ei slik ære gjekk særs sjeldan til ein organist, og 15 gongar oftare til ein diktar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I 1698 sa ein kumler om boller til suppe og sodd eller «om smaa, tykke folk».

Ho var den fyrste kvinna som fekk
ei gate
i Stavanger kalla opp etter seg.

223 år før den fyrste samla bibelomsetjinga kom på nynorsk, omsette Rasch ein bibeltekst – frå gresk
til jærsk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis