Reportasje
¿ Slakta
Dag og Tid-kua Somrei er slakta. Trist, men slik er røynda i husdyrhaldet.
Lars Selheim og Somrei utanfor døra inn til slakteriet.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Lytt til artikkelen:
Det er leitt, men det var ingen veg utanom. Dag og Tid-kua Somrei vart slakta sist veke. Ho mjølka for lite, det var eitt. Dessutan var ho for uroleg og ville helst ikkje inn i mjølkestallen. Ho gjekk alltid unna, vart ståande til sist og måtte møtast inn.
Ho vart berre fire år gamal. Ei vestlandsk fjordfe-ku, ei av dei fem verna storferasane i Noreg. Fjordfea vart berga frå å døy ut i 1980-åra. Dei har korte bein, men ledda er kraftige og klauvene tilpassa ulendt terreng. Dei mjølkar rundt 4000 liter i året, berre vel halvparten av det NRF-kua gjer, men mjølka har mykje kaseinprotein, som gjer ho ideell for ysting. Og så er det kvikke, sjølvstendige og vakre dyr.
Somrei er fødd i Valdres 15. april 2016. Kjøpt for 4000 kroner og henta til Voss saman med Dag og Tid-kua Ameline, som vonleg skal leva mange år til. To kalvar har Somrei fått, begge oksekalvar. Men no er det altså slutt, og delar av skrotten skal enda som gourmetmat på ein restaurant i Bergen.
Bonde og slakterieigar Lars Selheim har henta Somrei frå fjøset 50 meter unna og står med ho utanfor døra til slakteriet. Fem somrar har vi vore i lag på stølen. Eg klør ho under halsen og tek farvel.
Lars opnar døra inn til slakteriet og fører kua inn i den smale båsen der ho skal skytast. Slaktaren Jonny Bøe står klar med boltepistolen. Eg kjenner han frå før. Ein stødig og solid type som har slakta sidan 1978, då han var 16 år gamal.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.