JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

– Ja, eg elskar dette landet

RAMALLAH: I ei sidegate stikk eg innom ein bokhandel. Maram Salah er einaste på jobb, og eg er einaste kunden, så praten vert lang.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bokhandel i Ramallah.

Bokhandel i Ramallah.

Foto: Håvard Rem

Bokhandel i Ramallah.

Bokhandel i Ramallah.

Foto: Håvard Rem

14452
20240216

Israel–Hamas-krigen. Del 4

Håvard Rem skriv frå Tel Aviv og Jerusalem, Libanon-grensa og Vestbreidda.

Nord–sør-grensa

havard@dagogtid.no

Det er morgon, og butikken har nett opna. På veggen over disken heng eit bilete av ein drake som vert drepen av erkeengelen Mikael, ei jødisk soge som går att i kristendom og islam.

Tamim al-Barghouti, In Jerusalem and Other Poems, 2017.

Tamim al-Barghouti

– Kva slag bøker likar du, spør Maram.

– Tynne bøker.

– Av di du skal ut og fly? Denne er tynn.

Ho tek fram ei svart diktbok, In Jerusalem and Other Poems (2017), av palestinaren Tamim al-Barghouti. Overalt har yngre palestinarar rådd meg til å lesa han. Al-Barghouti fyller auditorium og stadion når han opptrer. Slik opnar diktet «I den arabiske verda, lev»:

I den arabiske verda, lev

lik ein katt som bur under ein bil

Sko er alt du får sjå

– Han er intelligent og uredd. Han seier sanninga. Og han kjem frå Ramallah.

– No bur han i Doha, høyrde eg.

– Kan henda. Der har eg aldri vore.

– Alt er reint og vent der. Mange qatararar er rike. Eg var der ein månad.

– Eg vonar å vitja Doha ein dag.

Sukket hennar får meg til å tenkja på Inbal og Shani, to jenter eg fór i lag med på toget frå Jaffa til Akko, studentar i Tel Aviv og reservistar i den israelske hæren, engelsktalande, liberale, opplyste. Dei sukka når eg fortalde om Beirut og Damaskus, byar som ligg berre ti–tjue mil frå heimstaden deira, men som dei aldri har vitja.

For meg er det motsett. Det er lenge sidan eg har vore i Israel og Palestina, men i mellomtida har eg vitja granneland som Egypt, Jordan, Libanon og Syria. Ein del av Abrahamsavtalen skulle ha vore eit interrail-pass for heile Midtausten, så unge frå Marokko til Emiratane kunne vitja kvarandre.

– Du er frå Ramallah, du òg?

– Ja, eg voks opp her. Far min er frå Nablus og mor mi frå Jenin, men dei arbeider og bur her, litt nordvest for sentrum, i eit nydeleg grannelag med ei oljepresse frå antikken, men settlarane nærmar seg, og om kveldane kjem dei og kjeftar. Det er tungt. Me søv dårleg. Det er sjølvsagt ikkje så ille som i Gaza, men me opplever brutalitet og trugsmål. Dei ropar: «Pass dykk no, for de har ikkje lang tid att her på Vestbreidda.»

– Og dei vert ikkje straffa av politiet og det militære?

– Settlarane? Nei, om soldatar kjem, er det for å verna dei når dei går til åtak på palestinarar. Men me har vant oss til det. Ein palestinar i dag har ikkje anna ynske enn å få éin roleg dag. Det er vår einaste bøn no.

– Settlarane ropar til oss: Pass dykk no. De har ikkje lang tid att her på Vestbreidda.

Maram Salah

Møbelbutikk i Ramallah.

Møbelbutikk i Ramallah.

Alle foto: Håvard Rem

Kaffi på torget

Medan eg venta i kulda på at bokhandelen skulle opna, sat eg i trappene på torget, der sola kjem fyrst. Ein losliten kar i 40-åra spurde om eg ville ha kaffi, og før eg rakk å svara, gjekk han av stad. Ein yngre, verdsvand kar sat att. I det skarpe ljoset var det berre han og eg som nytta solbriller.

Den loslitne rekte meg kaffien, men rista på hovudet då eg rekte han ein shekelsetel.

– I am from Gaza, sa han.

– You are from Gaza, spurde eg, men han svara på arabisk. Eg vende meg mot venen.

–?I am from Gaza, sa han òg. Og der stogga samtalen. Me røykte og drakk kaffi i sola.

– Har du dollar, spurde ein av dei.

Eg plukka fram to éindollarsetlar. Dei tok takksame imot. Tagnad.

– Vil du ha Ramallah-hasj?

For å vera høfleg og kan henda få vita kva dei tenkte om situasjonen, sidan dei etter eigne utsegner kom frå Gaza, sa eg:

­– Takk, men eg føretrekkjer whisky.

– Eg kan skaffa whisky, sa den loslitne og kvikna til att.

– Takk, men det er for tidleg på dagen, sa eg.

Tagnad.

­– Så de kjem frå Gaza, heldt eg fram. Dei nikka.

– Når kom de hit, spurde eg, men praten gjekk i stå. Eg såg på uret at bokhandelen snart opna, og tok farvel med karane. Eg passerte småbutikkar på gateplan. Ein stad gjekk ein hage heilt ut til fortauet, og under trea i hagen stod ei seng og eit bord. Det var ein møbelbutikk. I eit basarliknande kjøpesenter stod eit elektrisk leikeapparat på utsida av kvar butikk –?ein bil, ein ape, eit politihelikopter.

Déjà vu-kjensla var sterk, men kvar kom ho frå? Eg såg føre meg liknande gater ein annan stad, men kvar? Eg skanna minnet etter stader i Midtausten, men nei. Så hugsa eg det. Harlem. På Manhattan fer eg stundom opp til den svarte bydelen. Ramallah minte meg om Harlem.

Skobutikk med elektrisk leikeapparat for borna.

Skobutikk med elektrisk leikeapparat for borna.

Foto: Håvard Rem

Susan Abulhawa

–?Likar du romanar? Her har du ein god palestinsk roman, seier Maram og syner meg Mornings in Jenin (Morgen i Jenin, 2010) av palestinskamerikanske Susan Abulhawa, fødd i Kuwait, busett i Pennsylvania.

– Den har eg ikkje lese, men i Jerusalem fekk eg tak i den einaste diktsamlinga ho har gjeve ut.

My Voice Sought the Wind kom i 2013. Eitt av dikta, «Svart» («Black»), lyt eg no lesa på nytt, i ljos av Harlem-kjensla som råka meg her i Ramallah.

Slik opnar «Svart»: «June Jordan var fødd svart og har vorte palestinsk/ som syster mi Suheir Hammad/ Eg var fødd palestinsk/ og har vorte svart/ Men er det eigenleg så?/ Håret mitt er slett/ Huda min er brun/ Nasen min er stor og lang, krokete og spiss/ Framleis har eg tilgang til kvite privilegium om eg vil/ Men det ville ha vore verre/ Ville ha rive sjela mi sund/ Så eg søkjer den svarte i meg/ Eg finn henne i den etiopiske kvinna/ gjord til slave av dei arabiske forfedrane mine/ Kvinnene som mista identiteten sin/ fødde arabiske born/ og injiserte Afrika i blodårane mine».

Maram spør:

– Likar du sakprosa betre? Har du lese Orientalismen (1978) av Edward Said? Det er ei god bok, som forklårar ein heil del.

Det er lenge sidan eg las Said. Eg tenkjer: No kjem ho med ei lekse om det rasistiske synet vestlege har hatt på arabisk kultur. Men nei.

– Boka forklårar kvifor arabiske land skuffar palestinarane, held ho fram.

Maram, Abulhawa og al-Barghouti har noko sams. Motsett nyanselause predikantar peikar dei på at arabisk soge og samhald har ei mørk side: Slavehandel på Aust-Afrika, manglande solidaritet med palestinarane, både før og no under krigen.

Då eg forlét Jerusalem, var det ein del snakk om ein vestleg forhandlar som forsvann ut av jobben og landet av di israelske styresmakter meinte ho var partisk, og difor ikkje fornya opphaldsløyvet hennar. Då eg sidan prata med sjefen hennar, sa han:

–?Somme skil ikkje mellom rolla som diplomat og predikant.

Arbeidsløyve

– Diktboka til Susan Abulhawa kosta 90 shekel i Jerusalem. Prisen din er lægre.

– Ikkje relativt sett. I Jerusalem og Israel er lønene høgre. Her er alt dyrt av di løna er låg og knapt rekk til mat og husleige. Difor dreg mange, særleg frå landsbyane, til Israel for å arbeida.

Det er eit typisk globalt nord–sør-mønster, sett bort frå at her kan ein dagpendla. Palestinarar gjer seg meir avhengige av eit israelsk lønsnivå, slik Israel gjer seg meir avhengig av palestinsk arbeidskraft.

Vestlege ekspertar som eg pratar med her nede, oppmuntrar utviklinga, som dei meiner motverkar palestinsk radikalisering. Fast, god løn er integrerande. Dei ynskjer at Israel på sikt skal mangedobla arbeidsløyva.

På grunn av terrorfrykt, ikkje minst etter 7. oktober, er det mange israelarar som mislikar utviklinga. Maram mislikar utviklinga, ho òg.

– Israel freistar å... lat meg finna det engelske ordet, seier ho og tastar på telefonen.

– ... å forføra palestinarane. For at dei skal endra syn på Palestina og berre tenkja på arbeidet sitt, rekningane og dagen i dag. Diverre lukkast Israel.

– Men dei som vil auka talet på arbeidsløyve, er vestlege som ikkje likar Israel.

– Ingen likar Israel.

– Dei meiner at fleire arbeidsløyve er vegen til fred.

– Dei opphavlege menneska i dette landet var palestinarar, så dei kan driva jordbruk og byggja hus. Av di jødane, orsak, israelarane ikkje kan det, vil dei ha palestinarar til å gjera arbeidet. Israel veit særs godt kva ho gjer. Ho legg press på palestinarane for å stela heile landet.

Det siste seier Maram med ein lett lått. Det forførariske Israel vert omtala som ho.

Palestinarar og israelarar flest pratar om krigen, men mindre emosjonelt enn me gjer heime.

Lagnad og ulukke

Folk flest pratar om krigen, men mindre emosjonelt enn me gjer heime. Hjå dei religiøse, på båe sider, kjem det av fatalisme. Di meir slaktinga involverer dei ideologisk, di meir overlèt dei henne til lagnaden dei trur så sterkt på.

Og motsett – di meir sekulære dei er, di meir ser dei på krigen – frå terroråtaket til Gaza-bombinga –?som ei ulukke dei ynskjer ikkje hadde hendt.

Mellom dei mest emosjonelle – sett bort frå dei som har fått nære slektningar drepne eller tekne som gislar –?finn ein utlendingane her. Dei lyt tru at dei kan gjera noko. Ein skal spara engasjementet sitt til det ein kan gjera noko med, heiter eit gamalt ord, og det er difor dei er her: For å utgjera ein skilnad, for å påverka. Det er jobben deira her, og han kan ikkje vera meiningslaus.

Mange av dei som bur her – ­israelarar og palestinarar og palestinske israelarar –?lever av jobbar som vert råka av krigen.

Krigen er ei ulukke, jamvel om alle inst inne er lojale til si side. Israelarar som mislikar Netanyahu, verkar likevel lite kritiske til krigføringa hans, for om dei ikkje stør regjeringa, stør dei Israel. Palestinarar som mislikar Hamas, verkar likevel lite kritiske til terroråtaka, for om dei ikkje stødde Hamas, stør dei Palestina.

Sett bort frå på Gaza: Der krigen er nærast, er kvardagen nærast òg. Krig gjev ikkje betalingsutsetjing. Krigen er ei ulukke. Krigen er lagnad.

Klesbutikk med finlandshetter i Ramallah.

Trur dei då at me skal teia? Nei, dei produserer ein generasjon av raseri, som vil gjera kva som helst for å få hemn.

Maram Salah

Hemn

Me har sett oss kring disken i bokhandelen. Under den lette låtten til Maram ligg eit tungt alvor. Politikarar lyt tenkja kortsiktig. Dei som trur på lagnaden, kan tenkja langsiktig.

– Høyr, Israel gjer alt dette for å skapa frykt i palestinarane, men dei lukkast ikkje. I Gaza er ein heil generasjon traumatisert, og det er ikkje skular att. Det finst inga frykt. Når alt du elskar, er drepe, mor di, venene dine, draumane dine, trur dei då at me skal teia? Nei, dei produserer ein generasjon av raseri, som vil gjera kva som helst for å få hemn.

Etter ein pause legg ho til:

–?Og er dette noko Israel faktisk skjønar? Det lurar eg ofte på. Vil du ha eit glas vatn?

Ho ser på meg med varme og vene, skarpe og blågrøne augo. Når ho kjem attende frå bakrommet, har eg lagt tre bøker på disken. Eg spør:

– Kvar har du lært så god engelsk?

– Det er sjølvlært. Eg elskar bøker, og ser engelske filmar. No jobbar eg med aksenten. Han er ikkje så verst.

– Har du vore i eit engelskspråkleg land?

– Eg har aldri vore utanfor Palestina, svarar ho.

Maram er meir ein førtiåttar enn ein sekstisjuar, og ynskjer seg grensene frå 1948, ikkje frå 1967 – politisk sett ei ekstrem haldning. Ho held fram:

–?Eg vonar å vitja andre land ein dag, men ikkje flytta. Kring meg her har eg gode vener og fine sjeler, og Gud. Og her er me i bokhandelen frå barndomen min. Eg var her fyrste gong då eg var tre år, og no er eg tjuefem. Stundom vert eg så opprørt at eg ikkje vil bu under slike omstende, men nei, det er her eg vil leva. Ja, eg elskar dette landet. Er det desse tre bøkene du vil ha?

Pendlarbuss mellom Jerusalem og Ramallah.

Kontroll

Å flytta på seg har vorte vanskelegare under krigen. Kontrollpostane har vorte fleire og meir uføreseielege. Eg tek pendlarbussen hit i lag med palestinarane. På Vestbreidda spurde eg ein innpåsliten sjåfør om han kunne køyra meg til Hebron, men då rista han på hovudet. Det var uråd no. Eg har folk eg skulle vitja i Betlehem, men vert åtvara om kontrollpostar som sjeldan slepper vanlege reisande gjennom. Maram frårår meg å dra til Jenin, for der bur bestefar hennar, og han kjem ingen veg. Palestinske pendlarar med eigen bil køyrer omvegar for å koma til kontrollpostar med mindre kø.

Når eg fer frå Israel til Vestbreidda, slepp eg å forlata bussen, men når eg skal attende til Israel, vert bussane tømde. 200 palestinarar og éin utlending vert slusa gjennom sperringane. Fem og fem slepp gjennom ein videoovervakt, roterande metallport i full høgd, med krossbom og elektrisk styrt lås. Sistemann vert gjerne ståande fast inne i sjølve krossbommen til det vert opna for neste pulje. Alt går seint. At folk vert handsama som kveg, har vore eit tema i israelsk høgsterett. Eg minner meg på at eg om nokre dagar skal stå i ein lengre kø, med strengare tryggingstiltak, i Ben Gurion-
lufthamna – men det handlar ikkje om identiteten og kvardagen min. Her rår terrorfrykta i kvardagen.

Vel gjennom sperringane og kontrollposten spør ei kvinne:

– Så ein utlending lyt gå her, han òg? Me bur i Ramallah og dei næraste slektningane våre bur i Aust-Jerusalem, så det er det same kvar gong.

Om seta i bussen var fulle før kontrollposten, vert snart midtgangen overfylt òg. Folk skal på arbeid i Israel. Kvardagen går sin gang.

Palestinarar ved ein krossbom på ein kontrollpost.

George Orwell

– Kvifor kan ikkje Fatah og Hamas arbeida i lag, spør eg Maram.

– Båe er palestinarar og skulle stått i lag, men det er diverre så mange israelske spionar blant dei. Om du er frå Hamas og eg frå Fatah og eg fortel deg noko om ein Fatah-person, oppdagar eg snart at israelarane sit med all informasjonen eg gav deg.

– Om israelsk etterretning er så god, kvifor såg dei ikkje 7. oktober koma?

– Dei såg det. Dei ville at det skulle henda. Det tok mange timar før dei greip inn. Dei vil ha Gaza. Dei veit kva dei gjer. Dei er overalt her. Me er glade for at det er mange i Storbritannia som stør Palestina, men her kan me ikkje det, for då veit me kvar me hamnar. Har du lese boka til George Orwell?

1984?

– Om ein kjem i prat med einkvan i Palestina no og fortel kva som hender politisk, kan ein enda i fengsel.

– Kan eg nytta namnet ditt i reportasjen?

– Det er greitt.

– Kan eg ta eit bilete òg?

– Nei. Orsak. Eg lit nok på deg, men me slit med å lita på framande.

Eg går. I trappene på torget les eg vidare i diktboka til Tamim al-Barghouti:

I den arabiske verda, lev

for å forbanna smaken på vatnet, falafelane

kafeen og kundane

kona di og borna hennar

mengda og heten på bussen

knepa til Satan

det å vera blakk

og når du vert spurd om alt saman

seier du:

«Me takkar Gud

Må Han halda fram med å ausa

sine velsigningar over oss»

Kontrolltårn, grensemur og kontrollpostkø i Qalandiya.

Les også: Israel-Hamas-krigen. Del 1: Frose fast i 7 oktober, Del 2: Sabbat i Safed, Del 3: Frelsaren frå nord.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis