🎧 Heime i Älmhult
Älmhult i Småland har fostra to av Sveriges største søner: naturforskaren og rasisten Carl von Linné, og møbelhandlaren og nazisten Ingvar Kamprad.
Streif gjennom Sverige
Sommaren 2020 reiste journalist Hallgeir Opedal på ein ti dagar lang scooterekspedisjon inn i Sverige. Målet var å finne ut kvifor svenskane er så svenske. Dette er hans historie om historia til broderfolket.
Dag 8: Älmhult–Råshult–Kinneberg–Markryda–Laholm–Halmstad

Lytt til artikkelen:
Eg ligg i senga på rom 259 på Ikea-hotellet i Älmhult og les tilbakemeldingar frå gjester på Tripadvisor: «Ikea tyder billege prisar, funksjonalitet og rimeleg komfort. Dette gjeld òg for Ikea-hotellet. Romma er små, men har optimalisert plass. Møblane er sjølvsagt frå Ikea, noko som gjer at du føler deg heime.»
Ha! Denne er skriven av Sergi Viciana frå Barcelona. Han kunne like gjerne vore frå Singapore eller Hong Kong. Han kunne vore frå Bergen eller Burbank i California, eller frå Moskva, Shanghai eller Kairo. Han kunne vore frå Istanbul eller Casablanca, ja, han kunne forsyne meg vere frå Riyadh i Saudi-Arabia. Heile verda er jo innreidd med svenske møblar – det er klart folk flest vil føle seg heime på Ikea-hotellet i Älmhult. Eg gjer det sjølv, det er attkjennande, det er heimleg. Sjølv har eg både Volfgang kjøkenstolar, Lack vegghylle, Jonaxel trådkorger, Billy bokhyller, ja, som eg plar seie til folk som kjem på besøk: «Ser du noko som ikkje er frå Ikea, kan du få det.»
Og nett no, når du les dette, trillar fleire tusen menneske rundt på ei voluminøs handlevogn i eit varehus ein plass i verda, dei pressar vogna gjennom teppeavdelinga, lampeavdelinga og sengekledeavdelinga, og i vogna ligg serviettar, stearinlys, glas, saueskinn, dobørstar og persienner. Akkurat no virrar det folk inne på dei store lagera, dei les merkinga på dei halvhøge hyllene og leitar etter flatpakka Malm-nattbord, Hemnes-senger, Volfgang-kjøkenstolar ... Ja, akkurat no ligg det arabarar, tyskarar, kinesarar og amerikanarar på golvet med bruksrettleiing og Unbrako-nøkkel og forsøker å setje saman nattbordet, senga eller kjøkenstolane, og det er ein svimlande tanke.
«Ingvar Kamprad var en sann entreprenör, som genom sitt livsverk Ikea bidrog till att föra ut Sverige i världen», sa kong Carl Gustaf då Kamprad gjekk bort i januar 2018.
Og den globale møbelinvasjonen byrja her i Småland.
I 1896 steig den 29 år gamle Erdman Achim Kamprad av båten i Trelleborg hamn, som ligg heilt sør i Sverige. Saman med den fire år yngre kona og dei to sønene sine hadde han reist frå Sachsen i Tyskland. Achim var son av godseigaren Zacharias August Kamprad, og dette etternamnet skal vere ei omskriving av det tyske Kamerad – altså kamerat. Sjølv var Zacharias August Kamprad av simpel slekt, men han gifta seg med Sidonie von Bährenstein, som kunne spore anane sine gjennom ulike tyske adelsslekter tilbake til 1300-talet. Til saman fødde ho han tolv born, men berre tre voks opp, og eit av dei var Achim Kamprad.
Achim fekk eit strengt tilhøve til foreldra sine. Han var ein lausliva ranglefant som svinga seidlane og forelska seg i Franziska Glatz, den uekte dottera til ei driftig krovertinne i Böhmen. Foreldra hans var sterkt imot dette svermeriet, ho var langt under hans stand. Men så døydde far hans, og to år seinare var dei gifte.
På grunn av Achims utagerande livsførsel hadde faren laga eit tillegg i testamentet sitt: Achim skulle ikkje arva noko som helst før han hadde fylt 28 år, og håpet var at han då hadde roa seg. Då Achim omsider fekk tilgang på farsarven, ville han frigjere seg. Han kom over ein annonse i eit tysk jaktblad, der ein gardseigedom var for sal i Sverige. Denne kjøpte han usett for 54.000 kroner.
Etter at Achim og familien hadde sett føtene i det nye heimlandet sitt, tok dei tog frå Trelleborg til Älmhult, der det venta dei hest og kjerre. Og så bar det innover dei trøysteslause svenske skogane, til Elmtaryd i Agunnaryd sokn, der eigedomen låg ned mot innsjøen Möckeln og var ein av dei større i traktene: Med innmark og skog målte han 449 hektar.
Men garden var i dårlegare stand enn godseigarsonen hadde førestilt seg. Det viste seg at det heller ikkje var lett å vere innvandrarar i Sverige. Ikkje kunne dei språket, og naboane var mistruiske til tyskarane og møtte dei med illvilja och rovgirighet. Og – dette kan ikkje nemnast for ofte – på alle kantar var dei omgitt av knuande granskog.
Achim Kamprad trong pengar og fekk avverka skog, men fekk ikkje selt han. Samstundes forfall låna han hadde teke opp. Han skjøna snart at flukta til Sverige var eit mistak, og sende brev heim til mor si i Tyskland. Han bad om hjelp. Ho avslo.
Om kva som eksakt skjedde onsdag 16. mars 1897, er det minst to versjonar av. Éin fortel at Achim Kamprad fyrst skaut jakthundane sine og så seg sjølv. Ein annan er at han ynskte Franziska eine gute Nacht og gjekk opp på soverommet i andre etasje. Så small det.
I den siste versjonen blei Achim Kamprad funnen i senga med hol i tinningen og pistolen kvilande i handa over brystet. Han blei 31 år.
Der stod enka Franziska aleine igjen i den smålandske skogen med to barn, sylta ned i gjeld. Denne hardt prøva kvinna er Ingvar Kamprads farmor.
Eg åt frukost på Ikea-hotellet – utvatna appelsinjuice og seig bakst med lökkorv og blaute tomatskiver pakka inn i plast. Deretter kryssa eg den store tomme parkeringsplassen til Ikea Museum. Det var i dette kvite og elegante bygget at Ingvar Kamprad opna den fyrste møbelbutikken sin i 1958. Samanlikna med dei skrikande, gulblå varehusa Ikea som no sprett opp rundt i verda, må dette vere ei arkitektonisk perle, så vidt eg kan skjøne.
Eg ruslar rundt i museet, og sjølv om det er stort, er det forbausande tradisjonelt, eg hadde nær sagt tråkig. Eg finn ikkje noko ordning, og er det noko Ikea kan, så er det ordning og retteleiing med skilt og piler, men her famlar eg rundt. Kor skal eg byrje? Oppe i andre etasje finn eg det som må vere starten; gamle bilete og plakatar fortel historia om affärspojken från Elmtaryd som selde fyrstikkesker og julekort i bygdene kring Möckeln. Han plukka tyttebær og fiska åbor, og alt fekk han omsett i kroner og øre. Handelsblodet hadde han i seg frå morssida. Morfaren var landhandlaren og jernvarehandlaren CB Nilsson i Älmhult. Ingvars fyrste store salssuksess var frø, og på dei tente han såpass mange pengar at han fekk råd til sykkel og skrivemaskin.
«Och när Ingvar Kamprad var 17 år, startade han Ikea», les eg. Han byrja å selje varer på postordre, sengeklede, belte, klokker, lamper, klede, kamera, och i slutet av 40-talet möblar som han fekk laga på snikkarverkstadar rundt Möckeln. I 1951 prenta han den fyrste Ikéa-katalogen på 68 sider, med gyngestolen Inge, den charmanta sittsoffan Rose Marie, kjøkenbordet Universal og dobbeltsenga Prinsess, en förnäm representant för småländsk stil och kvalitet. Alt då visste han å setje namn på møblane.
På plakatane les eg vidare om korleis folk bila frå heile Sverige for å handle på møbelhuset i Älmhult. Kundane måtte ha mat, meinte Ingvar Kamprad, for ingen vil handle på tom mage, og dermed opna han kafé. Sidan byrja han å selje møblar i Stockholm, og i 1963 starta han Norsk Møbel-Ikea i Nesbruhuset i Asker – den fyrste Ikea-butikken utanlands. Deretter byrja Ingvar Kamprad å bygge varehusa med sjølvbetjening.
Slik fortel museet historia om korleis den smålåtne, sparsame og lettrørte gründeren från Småland skapte ein global milliardindustri som i dag har 418 varehus i 52 land. Her og der heng sitat frå Kamprad: «Lyckan är inte att nå sina mål, lyckan är att vara på väg.» Og: «Jag skulle inte kunna leva en enda dag om jag inte hade en tre–fyra–fem fiaskon att bearbete. Ett liv utan misstag ger mycket lite framgång.»
Museet fortel ingenting om dei store mistaka i livet hans. Det står ingenting om milliardformuen som han gøymde bort i Liechtenstein. I 2011 avslørte Uppdrag granskning at Ikea hadde 100 milliardar i ei hemmeleg stifting. Då han blei konfrontert med dette etter Ikeas julefest i Älmhult, kom sinnet fram i Ingvar Kamprad:
– Hur kan du ställa såna jävla idiotfrågor?
– Men…
– Hur kan du ställa såna idiotfrågor?
– Är du…
– Men…
– …är du, är du, är du snurrig i huvudet?
– Nej, jag är inte snurr…
– Jo, du är jävla snurrig i huvudet!
Skal ein finne den fulle historia om Ingvar Kamprad og Ikea, må ein ty til andre kjelder, og dei fører oss tilbake til den tyskfødde farmora, Franziska, eller Grossmutter Fanny, som Ingvar kalla henne. Ho var rådriken og dominant, frykta og respektert, men ho hadde eit mjukt punkt i det harde og tyske skalet: Ho forguda det eldste barnebarnet Ingvar. Det var gjensidig. Han älskade sin farmor.
– Ho ikkje berre verna meg mot omverda, ho blei i særklasse den mest trufaste kunden då eg som femåring byrja å kjøpe og selje saker.
I 1935 small det igjen på Elmtaryd. Denne gongen var det onkelen til Ingvar Kamprad som skaut seg.
– Eg var ni år og kan enno hugse den dystre stemninga som rådde. Eg elska farbror Erich.
Franziska Kamprad hadde med det mista ektemannen og ein son i sjølvmord. Ho hadde òg mista sitt kjære Böhmen. Etter fredstraktaten i Versailles i 1919 var Sudetland blitt ein del av Tsjekkoslovakia, og ho kunne ikkje lenger besøke skyldfolket sitt. Ho heldt kontakt gjennom brev, og gråtkjøvd fortalde ho vesle Ingvar om kor dårlege kår dei tyske slektningane deira hadde under tsjekkoslovakisk styre. Grossmutter Fanny sende pengar, klede og – når ho hadde – kaffi. Ho følgde interessert med på den politiske utviklinga i heimlandet. Folket på Elmtaryd hadde nemleg eit familiært band til den øvste leiinga i Tyskland. Svigermor til Franziska, oldemor til Ingvar, altså Sidonie von Bährenstein, var syskenbarn til sjølvaste Paul von Hindenburg, generalfeltmarskalken som leia dei tyske styrkane under fyrste verdskrigen, og som var rikspresident i Weimarrepublikken i ni år. Det var han som i 1933 noko motviljug utnemnde Adolf Hitler til rikskanslar. Grossmutter Fanny fryda seg, for ho var ein stor beundrar av den handlekraftige rikskanslaren. Hennar lykkelegaste dag i livet, har Ingvar Kamprad fortalt, var då Sudetland igjen blei ein del av Stor-Tyskland. Då inviterte Fanny til kaffislabberas på Elmtaryd, for ho var ein overtydd nazist, og det same var Ingvar Kamprads far, Feodor.
«Själv var jag ett barn som älskade både min sträva farmor och min gode far», uttala Ingvar Kamprad mange år seinare.
«Til gården kom en mängd propaganda från Tyskland. Den visade glättiga bilder av vackra ungdomar i uniform vid lägereldar. Min barnsliga reaktion var forstås att det var fint att ’farbror Hitler’ gjorde så mycket for farmors anhöriga och spesielt för barn og unga.»
Då den unge driftige Ingvar Kamprad sykla rundt i bygdene, selde han ikkje berre pennar og tyttebær, som dei fortel på museet. Han forsøkte samstundes å verve medlemmer til nazistpartiet Svensk Socialistisk Samling. Han var blitt kjend med den profilerte fascisten Per Engdahl, grunnleggjar av Nysvenska rörelsen. Den unge Kamprad såg opp til leiarskikkelsen Engdahl og finansierte utgjevinga av Politisk allmänbildning. Boka kom ut på Förlags-Ikéa i 1948 og blei marknadsført som «en utmärkt bok för alla dem som vill lära känna det samhälle vi lever i».
I 1950 gifta Ingvar Kamprad seg, og Per Engdahl var ein sjølvskriven gjest som heldt tale for brudeparet. Same år skreiv Kamprad eit brev til Engdahl: «Dessutom vill jag att du ska veta att jag är stolt över att tillhöra den nysvenska kretsen.» Ingvar Kamprad var 24 år.
Det var i ei bok i 1994 at det fyrste gong kom avsløringar om Ingvar Kamprads bakgrunn i nazistiske organisasjonar. Han skreiv eit personleg brev til alle tilsette i Ikea, der han forklarte det med förvillelser og beklaga sitt livs största misstag. Men så blussa det opp att i ei ny bok, der det kom fram at Ingvar Kamprad nok hadde vore meir aktiv enn inntrykket han gav, tilsa. Det svenske tryggingspolitiet hadde ei mappe på han: «Aktiv nazist. Partimedlem. Värvar medlemmar.» Det blei ein ny runde med orsakingar.
Før, under og etter andre verdskrigen var det eit virvar av fascistiske og nazistiske organisasjonar i Sverige: Riksförbundet Det nya Sverige, Sveriges Nationella Förbund, Riksförbundet Sverige-Tyskland, Svensk Opposition, Nysvenska Rörelsen. Mens Noreg hadde sitt landssvikoppgjer, der ein trekte ei moralsk linje mellom dei gode og dei vonde, hadde Sverige aldri eit slikt oppgjer. Kvifor skulle dei det? Dei var aldri okkuperte, dei hadde ingen landssvikarar, det var ingenting å gjere opp. Derfor ulma det vidare på ytre høgre, og det går ei tydeleg linje frå Per Engdahls Nysvenska rörelsen til den innvandrarfiendtlege organisasjonen Bevara Sverige Svenskt og fram til Sverigedemokraterna.
Når – eller om – Ingvar Kamprad braut med Per Engdahl, er uklart. Det underlege er at mens den unge Ingvar Kamprad lefla med høgrekreftene, var hans beste ven ein jødisk flyktning frå Austerrike. Otto Ullmann kom til Småland under krigen og fekk jobb som gardsdreng på Elmtaryd. Dei to var jamgamle og voks opp saman.
I 2010 blei Ingvar Kamprad konfrontert med dette paradokset, venskapen med fascisten Engdahl og venskapen med jøden Ullmann. Den aldrande mannen kunne ikkje sjå at det var ein motsetnad, han sa: «Att Per Engdahl var en stor människa, det kommer jag att vidmakthålla så länge jag lever.»
Eg leitar i suvenirbutikken på museet, for eg vil jo gjerne ha med meg eit minne. Eg finn ingenting. Det er fyrste gongen eg er på Ikea utan å handle.
Utanfor har det byrja å yre, og det passar meg dårleg. Planen i dag er å køyre til Halmstad, som ligg ved kysten, og kvifor skal eg dit? Nei, eg har fått nok av det skogtunge innlandet og vil ut mot kysten, eg vil sjå det vidöpne, skimrande havet, kjenne salt havvind og kjenne lukta av tang og tare, og dessutan er Per Gessle frå Halmstad. Gessle er, saman med Marie Fredriksson, kjend frå popduoen Roxette, som eg blei aldri nokon fan av, men bandet han spela i før han blei Roxette, har eg eit nært forhold til: Gyllene Tider. Å, det er Sverige for meg. Sommartider, hej hej! No er ikkje eg ein person som er komfortabel med å bruke verbet elske, det blir forstilt for meg, men la meg seie det så sterkt: Eg likte Gyllene Tider. Alle heime i Odda song på svensk på 80-talet: Jag vil känna din kropp emot min.
Dessutan har dei ein Picasso-statue i Halmstad, og sidan eg gjekk glipp av Picasso i Kristinehamn, kan eg sjå statuen i Halmstad. Og så vil eg sjå om eg ikkje kan få kjøpt meg ein ny genser der.
Men før eg reiser, skal eg besøke garden til Carl von Linné. Råshult ligg seks kilometer frå Älmhult.
Eg er komen nord for Markaryd, og det å kome hit har teke heile dagen. Eg brukte altfor lang tid i Älmhult, og ikkje minst på Råshult, det er det ingen tvil om, og så fekk eg for meg at eg skulle svinge nedom Skåne, det gamle Aust-Danmark. Eg køyrde så vidt over grensa, så vestover, og forvilla meg i skogen, for også der er det mykje skog. I fleire timar tråkla eg meg skrått oppover kartet på små grusvegar, til eg nådde Markaryd, der eg tok ein pause ved turistkontoret. Ulrika ville no ha meg til å køyre motorvegen mot Halmstad, men ved fyrste høve svinga eg av, og no, no er eg på ein herleg svingete og kupert riksveg i retning Halmstad.
Eg høyrer ein podkast om Halmstad, det vil seie, eg fann ingen direkte om Halmstad, men ein som heiter «Gunilla af Halmstad», som er eit intervju med den vidgjetne stripparen Gunilla Ekroth. Ho fortel om buskiskulturen i Sverige på 60-talet, då ho reiste rundt på marknader, tältvarieteer og folkparkar i Sør-Sverige saman med Knatten Olsson, fakiren Mr. Swing og Nisse «Jättebabyen» Nordström. Sjølv var ho berre 17 år, og ho gjekk under namnet Miss Tonga. I byrjinga var ho staty, det vil seie at ho stod naken på scena utan å kunne røre seg, for då blei det striptease, og det var ulovleg. Men så slo ein mild og liberal vind inn over Sverige, svenska synden blei eit omgrep, og då blei det liv i Miss Tonga.
Kva var det?! Eg bremsar opp. På venstre side av vegen skimta eg ei søyle. Var det eit minnesmerke? Skal eg snu? Klokka er snart fem, og eg må kome meg til Halmstad, men eg er redd for å gå glipp av noko. Eg snur, og takk og pris for det! For når eg les på søyla, blir eg himmelfallen: «Freden i Knäred slöts här den 20 januari 1613.» Oh my god! Denne freden har forfølgt meg heilt sidan Karlstad, dette er jo freden som la grunnlaget for stormaktstiden! At eg skulle få oppleve å sjå denne søyla! Og denne nærast snublar eg over!
Ja, no blei det vel mange utropsteikn, men eg kunne valt så mange vegar til Halmstad, men ved ein slump valde eg denne, og denne vegen førte meg rett til Knäred. Eg kjenner at heile svenskeekspedisjonen er velsigna.
Så dette er altså Knäred. Det er ikkje mykje å sjå, det skal seiast, det er skog, åkrar og nokre gardar, men søyla i seg sjølv er verd ein omveg. Eg tek eit bilete og sjekkar Tripadvisor. Ikkje ei einaste melding om statuen i Knäred.
Nei, no må eg til Halmstad.
Hallgeir Opedal
Kjelder: Historien om IKEA – Ingvar Kamprad berättar for Bertil Torekull, Bertil Torekull, og Och i Wienerwald står träden kvar, Elisabeth Åsbrink
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dette er ikkje lett for svenskane, og jamleg tek dei dei oppgjer med sin store naturvitskapsmann.
Den globale møbelinvasjonen byrja her i Småland.
Eg ruslar rundt i museet, og sjølv om det er stort, er det forbausande tradisjonelt, eg hadde nær sagt tråkig.
Fleire artiklar
Erlend Viken har med seg Marius Graff (t.v.) og Sondre Meisfjord i trioen.
Pressefoto
Urban Viken
Erlend Viken Trio med gjester byr på kreativitet.
Carl Reinecke (1824–1910) var Edvard Griegs lærar i Leipzig.
Nordisk tone
Carl Reineckes symfoni Håkon Jarl har kraftfull patos.
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.
Foto: Marcel Leliënhof
Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten
Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.