Reportasje
¿ Geitene inntek stølen
Vi må sjølvsagt ha geiter på ein støl. Det eldste husdyret vårt er som skapt for å beita i den norske fjellheimen.
Halldis, Aslaug, Hulda og Marie. Geiter går som regel på rad og rekkje, om så det er på ein steingard.
Foto: Synne Bryn Gjerdåker
Lytt til artikkelen:
Eg er i fjøset på stølen med fire nyinnkjøpte geitekillingar. Det er eit triveleg oppsyn på alle fire, der dei står med nyfikne, kvikke auge. Killingane har eg kjøpt av Lars Tyssebotn på geitegarden Bernes på Osterøy, som ligg innanfor Bergen mot Voss.
Det er som det skal vera at eg kjøper killingar frå Osterøy. Eine tipptippoldefar min kjem derifrå. Far til Henrik Wergeland òg. Og Ole Bull. Farbror min, Johannes, har alltid skrytt av kor driftige osterøyingane er med all slags småindustri.
Driftig er òg Lars Tyssebotn, og roleg og solid. Han har drive med geiter sidan han var liten, og er på ein støl med 80 geiter heile sommaren. Vi kjem tilbake til Lars, han og garden er verd ein reportasje for seg sjølv.
«Ha dei innanfor ei hegn og gje dei ein slump kraftfôr dei to fyrste dagane. Snakk mykje med dei, slik at dei kjenner att røysta di. Då vert dei fort tillitsfulle, og du kan sleppa dei fri. Dei stikk ikkje av», seier han før han fer.
Eg har lenge hatt lyst til å ha geitekillingar på stølen. Men folk har rådd meg frå det. «Dei er ustyrlege og vil henga rundt deg heile dagen. Og er dei ikkje rundt deg, følgjer dei etter folk som måtte koma forbi, og du må gå lange vegar for å finna dei att.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.