JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

🎧 Draumen om Kina

MONTREAL: Etter at europeiske eventyrarar i 350 år hadde leita etter ein nordvestpassasje, kom han med jarnbanen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I Toronto har jarnbaneparken fått den heidersplassen i sentrum som andre millionbyar gjev krigsmonument. På eit vis er lokomotiva og vognene krigsmonument. Dei var dei viktigaste våpena i krigen mot dei som opphavleg budde her.

Alle foto: Håvard Rem

9799
20191213

Canada med tog. Del 5 av 5

Håvard Rem tek toget frå Vancouver og Stillehavet i vest mot Atlanterhavet i aust, frå Britisk Columbia og fjellheimen, via prærien og Toronto, til Montreal. I 2009 gav han ut boka Togreiser. Seks reiseruter i Norden, Europa og Asia.

Lytt til artikkelen:

havard@dagogtid.no

Der draumen om Kina havarerte, vart Montreal til. Der stryka i St. Lawrence-elva stogga skipa, voks ein by opp.

Slik går tankane i hamneområdet i Montreal, attmed den store elva, til ein song frå denne byen:

Suzanne syner deg vegen dit ho bur attmed elva

Du kan høyre skip passere

Du kan ha ein kveld med henne

Kina-stryka

Den austlege landevegen frå Europa til Asia var så lang, sjøvegen om Afrika òg. Var jorda rund, laut ein vestleg snarveg finnast. Columbus sette ut. Blenda av draumen om India og Kina kalla ein urfolka indianarar, alternativt kinesarar.

At Karibia synte seg ikkje å vera Japan, drap ikkje draumen. Eventyrarane vona at vassvegar på austkysten var sjøvegar til Kina, som franske Jacques Cartier då han i 1535 sigla opp St. Lawrence-elva. Men midtvegs mellom Atlanterhavskysten og Dei store sjøane hadde landhevinga etter siste istid gjort elva til stryk. Lenger kom han ikkje.

I 1660-åra slost landsmannen René-Robert Cavalier med same draum og vassdrag. Han og mannskapet vart kalla kinesarane, busetjinga Lachine (Kina), no ein del av Montreal, og dei vonde stryka fekk namnet Lachine-stryka.

Deadwood

Passasjen tok nær fire hundre år å finna. Roald Amundsen sigla ein trong nordvestpassasje i 1906. Panamakanalen opna i 1914 (slik den austlege vegen vart kortare med opninga av Suezkanalen i 1869).

Fyrst med dei transkontinentale jarnbanane kom ein veg gjennom det nordamerikanske kontinentet, i 1869 i USA, i 1886 i Canada. Verknaden var motsett av det eventyrarane såg føre seg: No kom ikkje nordamerikanarane til Kina, men kinesarane til Nord-Amerika.

I westernserien Deadwood (2004­–2006, 2019) vert det nemnt at ein by i nærleiken no, i 1877, husar mange kinesarar. «Jaså», lyder svaret, «skal jarnbanen innom der?» Den gongen stod dei for arbeidskrafta. No står dei for teknologi og ingeniørkunst. Lenge låg dei an til å byggja den nyss utsette snøggtoglina mellom Los Angeles og San Francisco – 611 km på to timar og 40 minutt, som Oslo–Bergen på to timar blank.

Når me kjem til Toronto, har me vore om bord på toget frå Vancouver i nær hundre timar.

Toronto

Ein vert frårådd å tinga reise vidare frå endestasjonen Toronto same dag. Stundom kjem toget sterkt forseinka fram. Skjenegangen er eigd av dei som driv godstog. Passasjertog har vikeplikt. Me har stått lenge på stutte sidespor. Men fredag klokka 15, på timen fire døger etter at me forlét Vancouver, er me framme på Union Station.

Hotellet ligg ved porten til kinabyen. Maten, menneska og miljøet fyller meg som alltid med jubel. Eg er heime i gatene. Det nordaustasiatane vantar i smil, tek dei att i punktleg og grundig teneste. Jubelen vert til lukke når me ein føremiddag finn ein restaurant med berre dim sum, kjend som dumplings, i fransk Canada kalla Ravioli Chinoise, kinesisk ravioli.

Kvar tjuande kanadiar er kinesar. I Toronto meir enn kvar tiande. Berre sjøvegen skil dei frå vestkysten. Jarnbanen har ført dei til austkysten. Men laurdag føremiddag er dei og andre minoritetar vonde å få auga på i den store klimamarsjen, i hovudsak ung, urban og kvit, gjennom Toronto sentrum.

Norsk ulukke

Chinatown og togmuseumspark finst gjerne i ein kanadisk storby, ikkje minst i den største, Toronto. Jarnbaneparken, som i Vancouver og Montreal er så diger at han ligg utanfor byen, har i Toronto fått den heidersplassen i bysentrum som krigsmonument får andre stader. Som viktige våpen i krigen mot urfolka er dei gamle lokomotiva og vognene eit slag krigsmonument.

Brei presentasjon får ei nasjonal ulukke i Halifax i desember 1917, under fyrste verdskrig. I hamnebassenget rende eit norsk kornskip, «Imo», rakt inn i eit skip på konvoikurs mot Frankrike, «Mont Blanc», med tre tonn sprengstoff om bord. Meir enn ti tusen menneske vart drepne eller skadde i verdas største menneskeskapte eksplosjon før atomsprengingane. Bysentrum og jarnbanestasjon vart raserte. Men Bjarne Birkeland frå Lillesand, tredjestyrmann på «Imo», overlevde, og vart att eit halvår i Halifax som vitne.

1600-talskyrkjer

Westernfilmar som Deadwood fell i to tidskategoriar: før og etter toget. Det same gjer dei nordamerikanske byane. Mange av dei oppstod eller voks seg store med jarnbanen, som Vancouver, Jasper og Winnipeg før på ferda mi. Storbyar eldre enn jarnbanen finst på austkysten.

Dei seksti mila frå Toronto til Montreal tek seks timar med toget, attmed Lake Ontario og St. Lawrence-elva. Montreal er eit smykke. Kyrkjer frå 1600- og 1700-talet gjev ei kjensle av å gå i Paris, einaste by i verda med fleire fransktalande.

Montreal er fransk. Montreal er britisk. Montreal er amerikansk. Frå den fyrste faste busetjinga kring 1640 var byen fransk til britane tok over i 1760. Langsamt vart sentrum engelsktalande, med McGill-universitetet i 1821, og kraftig vekst i handelen etter opninga av Lachine-kanalen i 1825, same år Eirin-kanalen opna i sør. Dei to kanalane knytte Dei store sjøane til Atlanterhavet og lagde engelsktalande verdsbyar av Montreal og New York.

Men Montreals omland var framleis fransk, og med byutvidinga kring 1900 vart fransk hovudspråk att. Kring 1960 vart den britiske kultur­dominansen i Montreal svekt frå to hald: av nyvekt fransk sjølvmedvit og separatisme og av ålmenn amerikanisering frå nabolandet i sør. Canada vende seg frå England mot anten USA eller Frankrike.

I dag er den amerikanske impulsen sterkare enn den franske og britiske.

Mckibbins

Jill Menage møter eg på Mckibbins, ein irsk pub i hovudgata St. Laurent Boulevard. Eg er på veg attende til hotellet etter å ha vitja Parc du Portugal, ein park i arbeidar- og bohemstroket der Leonard Cohen budde som vaksen.

Ettermiddagen er roleg, førebels med berre to menneske i baren, Jill og meg. Båe sit og skriv. Etter enda økt vert me kjende. Fransken min er så rusten at ho motviljug går med på å snakka engelsk.

Når ho ikkje driv eit treningssenter i Park Avenue, der ho byrja på golvet og enda som leiar, skriv ho noveller, sjølvsagt på fransk. Fransk språk og kultur er truga her i Quebec, fortel ho. Mest vonbroten er ho over unge som kjem frå Frankrike til Montreal for å studera, og som berre vil prata engelsk, helst med uttale som i Los Angeles.

Ho gjer meg merksam på dei heilfranske bydelane aust for St. Laurent, der ikkje berre arkitekturen er europeisk, men demografien òg. Mellom dei franske kafeane og bistroane sviv tiggarar og psykotiske, kriminelle og narkomane som gjerne har opphav i tidlegare franske koloniar, og ikkje som i Vancouver: i Europa eller det føreuropeiske Canada. Tragediar kjem i mange fargar.

Irving Layton

Tjuefem år for seint kjem eg til Montreal. I 1994 fekk eg eit reisestipend hit, for å gå i fotspora til diktaren Irving Layton (1912–2006), ein av Canadas mest kjende og omstridde, men tida strakk ikkje til. Målet var å laga eit utval av Laytons dikt på norsk, med eit føreord av læresveinen hans, Leonard Cohen (1934–2016). No er båe borte, og eg er i nabolaget, på Mckibbins, frå 1912, same år som Layton kom til verda.

Året etter kom han til Montreal som yngste barn i ein rumensk-jødisk familie. Han var i førtiåra då han vart læremeisteren til ein farlaus Cohen, meir enn to tiår yngre, men alder var aldri ei hindring for Irving Layton. I det fjerde ekteskapet hans var skilnaden 46 år. For dei to forfattarane var klasseskilnaden endå større. Layton voks opp i eit fattigstrok i sentrum, Cohen i ein rikmannsvilla på beste vestkant, Westmount.

Båe utfordra konvensjonane i det konservative synagogemiljøet i Montreal. Båe omtala kjettaren og horesonen Yeshua på eit vis som ikkje var eintydig negativt, ja, som var reint ut inkluderande, som i «Suzanne»:

Og Jesus var ein sjømann

då han gjekk på vatnet

Og lenge heldt han utkik

frå eit einsamt tårn av tømmer

Om nokon forma Cohen meir enn Layton gjorde, var det kan henda farfaren, som under fyrste verdskrig sende alle sønene sine i hæren, for å visa vilje til integrering og kanadifisering. Ein av dei kom sterkt skadd heim frå Europa og døydde tidleg, slik vart farløysa ein raud tråd i dikta og songane til sonen.

Det fleirkulturelle Montreal speglar seg i debutsamlinga som Layton hjelpte Cohen med å få utgjeven alt i 1956, som 22-åring, på McGill University Press, Lat oss samanlikna mytologiar.

For eit kvart hundreår sidan var planen å møtast i Montreal for å førebu den norske Layton-utgåva. Føreordet var klart, for det var alt skrive til ei svensk utgåve av Laytons dikt, som heller ikkje vart noko av.

Te og mandarinar

No er eg sterkt forseinka i den sjarmerande byen, på ein fancy restaurant nedi hamna, ved St. Lawrence-elva, eit strok som var nedslite og forfalle då Layton og Cohen budde her.

Attmed elva, i eit av hamnebygga som i dag er hipt og dyrt, og som i 1960-åra var fråflytta og heim for husokkupantar, budde ei ung kvinne som Cohen vitja. Ho gav namn til «Suzanne», opningssongen på debutalbumet Songs of Leonard Cohen (1967), ein song som for mange unge vestlege vart sjølve ljodsporet til hippietida, men som eigenleg er ei heimstadvise, ein Montreal-låt, med St. Lawrence-elva som the river, med eit kyrkjetårn som the wooden tower og med hamnekyrkja her som Our Lady of the Harbour.

Med er den montrealske draumen om Kina òg:

Ho byd på te og appelsinar

som er komne heilt frå Kina

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Der stryka i St. Lawrence-elva
stogga skipa, voks ein by opp.

Maten, ­menneska og miljøet i ­Chinatown fyller meg som alltid med jubel.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis