Reportasje
¿ Diftongane i songane
SOGNDALSFJØRA: Olav Stedje voks opp på skuggesida av sentrum i Sogndal, på feil side av elva, og bur no på feil side av fjellet, men bygda er på beina når han kjem heim.
Lytt til artikkelen:
Nei, eg likte ikkje at Sogn og Fjordane forsvann som fylke; for meg er det Noreg på sitt beste. Her har eg reist og budd, men aldri vitja Sogndal. På veg ned i sentrum ser eg eit digert skilt: Saman. Så høg status har han på heimstaden, tenkjer eg om han eg skal samtala med på Sogndal bibliotek i kveld, Olav Stedje, landskjend for signatursongen «Vi vandrar saman».
Den heimkomne sonen kjem over fjellet frå Bærum. Bibliotekarane går tomme for stolar. Han deler scenen med Eli Bjørhusdal, språkvitar ved Høgskulen på Vestlandet og styremedlem i Språkrådet, og Liv Kreken, forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket og visesongar. Bjørhus bur i Jostedal, og Kreken kjem derifrå, og det er i den avsidesliggjande dalen dialektferda stoggar neste veke.
Stedje vart fødd her i Sogndalfjøra i 1953. Som sjuåring song han på juletrefest og som tenåring i dansebandet Compact, før han fronta Ole Brums orkester som albumdebuterte i 1977. I 1980-åra vart han ein av Noregs mest kjende soloartistar. Han har vore sentral i sceneframsyningar bygde på songane til Evert Taube, attdikta av Hartvig Kiran, og Ivar Medaas. No på 2000-talet har han gjeve ut fleire album.
1970-åra
– I 2008 fekk du Medaas-prisen for nynorsken din, men du byrja på engelsk?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.