🎧 Bygdefolk og hyttefolk
VALDRES: Innland i Innlandet, råka av fråflytting og aldring, med fleire hytter enn menneske – eller er hyttefolket dei nye valdrisane?
Sauebonde Guro Lajord på Lajord-stølen, med utsyn til det attgrodde storfebeitet på austsida av Nørdre Syndin, der det kan henda kjem hyttefelt.
Alle foto: Håvard Rem
Sauebonde Guro Lajord på Lajord-stølen, med utsyn til det attgrodde storfebeitet på austsida av Nørdre Syndin, der det kan henda kjem hyttefelt.
Alle foto: Håvard Rem
Lytt til artikkelen:
regionar i Noreg
havard@dagogtid.no
Det kan vera mi tolking, men det lyder som eit kvalitetsstempel når sauebonde Guro Lajord fortel at stølsområdet me no nærmar oss, er utan hytter.
Den jordbruksutdanna kvinna i tjueåra driv slektsgarden i Vang, nørdst i Valdres, med 120 sauer på vinterfôr. Garden ligg på ei høgd rett sør for Vangsmjøse, som ein studie i god byggjeskikk, med draumeutsyn mot innsjøen og fjellheimen i nord: Skyri- og Vennisfjellet, før Jotunheimen.
No er ho travel med sauesanking i fjellet, så om eg vil vita meir, må eg fylgja med opp til Lajordstølen ved Nørdre Syndin, eit vatn nær 1000 meter over havet, mellom Vangsmjøse i nord og Slidrefjorden i aust.
I sør, mot Vestre Slidre, ligg hyttefelta tett, med vinterveg. Her er ingen hytter.
I lag med ein framandkar er det som om ho ser gamle trakter med nye auge. Ho kommenterer:
– Det gror att. Då eg var jentunge, var det meir ope. Geit er gode beitedyr, men det har ikkje vore geit her i mi tid. Norsk kvit, sauen me nyttar, er for fin på det og går ikkje på trea.
Folk og flatemål
I bukhòla til Noreg, inst i landet, ligg nyreforma Valdres som eit indre organ, hjartet truleg, eller ein indrefilet. Administrativt har det vore futedøme, no tingrettsdistrikt, prosti og seks kommunar. Kor stort er Valdres? Om lag 5500 kvadratkilometer – som kommunen Karasjok, øya Bali og innsjøen Vänern.
Og folketalet: Berre tre valdrisar per kvadratkilometer. Det bur 17 579 menneske her, ned nokre tusen frå førre hundreåret. «235 færre kvinner på fem år: Folketalet rasar», melder Valdres-avisa. Den dystre post-svartedauden-demografien, synleggjort av attgrodde utsyn, skal me granska nærare ei anna veke, men no: 17 579 er like mange eller få som i Kongsvinger, på Stord eller på Nesodden i Oslofjorden.
Eg freistar å finna ein bydel i Oslo med folketalet til Valdres, men den minste, Grorud, er nær dobbel så stor. Me må samanlikna med delbydelane: Heile Valdres har folketalet til Grønland og Enerhaugen i bydel Gamle Oslo, til Homansbyen og Uranienborg i bydel Frogner.
Valdrisane er meir vande med å samanlikna seg med grannedalføra: Hallingdal i vest er jamstor i folketal og flatemål. I aust er storebrørne Gudbrandsdalen og Østerdalen kvar for seg tre–fire gonger større målt i menneske og mil.
At Valdres no er innlemma i eit storfylke med det dystre namnet Innlandet, verkar som eit vardøger: Innland er fråflyttingsland.
Jordbruk
Kva lever valdrisane av? Jordbruk og reiseliv har ei lang soge som viktige næringar, frå gamalt av med ein valdresk vri.
Jordbruket her, med skogbruk i sør og matbruk sentralt og i nord, var tidleg i gang med ei spesialisering som har synt seg naudsynt for bønder som vil overleva i eit fjelland som ikkje kan konkurrera med dei store i volum og kvantitet på korn, kjøt og mjølk.
Som stølsdal var Valdres alt frå gamalt i gang med alternativet til volum: kvalitet og merkevare. Feitevare – i lag med pelsvare av bjørn, rev, ulv, gaupe og mår – var det valdresbøndene frakta til marknader i kystbyane alt i eldgamal tid. Ysta mjølk, spekt kjøt, raka fisk – alt feitt og godt, kompakt og tungt, lett å reisa med.
Reiseliv
Reiselivet har vore spesialisert òg. Her har vore meir enn gjennomreise og tradisjonell turisme. Kvar leier Valdres? Hallingdal leier mot Bergen, og fekk Bergensbanen. Gudbrandsdalen leier mot Trondheim, og fekk Dovrebanen. Valdres leier mot Jotunheimen, og mista Valdresbanen (og Randsfjordbanen og Sperillbanen).
Rett nok har Valdres òg vore viktig ferdsleveg mellom Aust- og Vestlandet, men i aukande grad vart Valdres sjølve målet for Valdres-ferda. Frå å vera stølsdal har Valdres vorte hyttedal.
Overgangen er ikkje så stor som ein skulle tru. På stølen budde ein ikkje i hus, men i hytte. Husmannsfamilien som fekk ta over ein fjellstøl, budde i hytta. Stølsbygget er sumarhytte, i dag vinterhytte òg.
I Valdres har hyttefolket vorte så viktig at dei omformulerer det demografiske problemet. Sjå på tala: Det er fleire hytter enn menneske her. Drygt 17.000 fastbuande og kring 20.000 hytter.
Handverk
Kva har det å seia? Mykje. Både for næring og folketal. Og for no å ta næring fyrst: Valdres er handverk, ikkje industri. På Leira, midt i dalen, kjem eg i snakk med ein sjølvgjord kar i 70-åra, Anders Sundvold, handverkar og gründer, tidlegare kommunepolitikar for Arbeidarpartiet, som pensjonist travel med verksemda «Gamle ovner».
– Eg rår gjerne ein ung til å ta fagbrev og verta handverkar. Murarar, snikkarar, elektrikarar – dei har gode tider i Valdres. Fastbuande treng tenestene, sjølvsagt, men den store marknaden er hjå hyttefolket. Og når ein hytteeigar fyrst har nytta ein lokal handverkar, vankar det gjerne arbeid i heimen òg, i bustaden på Austlandet. For ein handverkar i Bagn sør i Valdres tek det knapt to timar å køyra til Asker og Bærum.
Ølhandverk
Hyttefolket – meir enn fastbuande og turistar – er avgjerande viktig for dei som lever av nisjeprodukt, og om nokon er handverkarar, er det dei.
Kristian Belsheim har i fem år arbeidd i Små Vesen, eit ølbryggjeri i eit ombygd sauefjøs, med vidt utsyn over Aurdalsfjorden. Han syner meg store tankar dei har kjøpt i andre landsdelar av lokalbryggjeri som ikkje har klart seg. Når Små Vesen klarar seg, strekar Belsheim under at det i stor grad er takka vera dei tilreisande. Hyttefolket har mange namn.
Nett no driv han og bryggjar ein amerikansk lager, så ny at ølet enno ikkje har fått namn. Små Vesen-øl får namn etter små vesen. Bryggjeriet skriv: «Ein skal ikkje langer attende i folketrua enn til 1800-talet, då trudde folk det var dei underjordiske som gav alkoholen i ølet. Ja, ein kunne sjå dei i bruset og boblene. Desse små vesena set me stor pris på.»
Lageren vert bryggja på oppdrag frå eit høgfjellshotell på Gol. På mange utestader oppe på Beitostølen seier det seg sjølv at dei har Små Vesen, helst på tapp, i det minste på flaske.
Utvalet er magrare i Fagernes, Valdres-hovudstaden, der dei fastbuande er i fleirtal. Einaste utestaden i Fagernes med eit Små Vesen-tappebatteri er Kremar’n. Ho som styrer spakane tykkjer det er underleg at ikkje hotella på Fagernes byr på lokaløl. Lokalmat byr dei på.
Sykkelmakaren
At det lokale er mindre fascinerande for dei lokale, kan ein annan nisjegründer og handverkar skriva under på. Sykkelbyggjar og -reparatør Wubbo Boiten frå Nederland, som i ti år har drive sykkelverksemda si i Valdres, hadde ikkje klart å etablera seg om det ikkje var for hyttefolket. Han smiler:
– Det tok tid før dei innfødde sette foten sin i butikken. Eg lagar køstøm-syklar som ligg i ein høg prisklasse. Fyrste året kom ikkje mange lokale hit.
Men det endra seg med kvart. Han fortel:
– Om det vert ein vanskeleg vinter for meg no, leverer fastbuande inn syklar til service, syklar som strengt teke ikkje treng service, for å støtta verksemda og halda hjula i gang.
Han legg til:
– Om lokale privatpersonar trong litt tid for å venja seg til konseptet mitt, har lokalt næringsliv støtta meg frå fyrste stund. Lokalavisa skreiv, og lokale verksemder tinga syklar til tilsette. Men utan hyttefolket hadde det nok ikkje vore verksemd her i dag.
Flukta til fjells
Så mykje om næring og lønsemd. Hyttefolket handlar ikkje berre om at dei handlar. Dei er viktige for demografien òg, indirekte, for næringslivet – og direkte.
Då eit virus i vår gjekk til åtak på hovudstaden, rømde folk byen, som i aprildagane for 80 år sidan. Kvar rømde dei? Til hytta i Valdres. Det hende som på instinkt. Var ikkje garden og bygda trygg, har folk rømt opp til bygdeborga eller stølen. Frå ungdomen hugsar eg at eldre kjenningar, som hugsa okkupasjonen, hadde eit forråd av hermetikk på hytta.
I mars vart hyttefolket motviljug sende heim att, for ikkje å liggja det lokale helsevesenet til last. Hyttefolket skattar til byane dei bur i. Og den problemstillinga vert meir relevant framover, ikkje minst på grunn av epidemien. Korleis?
Hyttene i Valdres vert ikkje berre fleire, dei vert betre. Dei vert heilårshytter, eigde av folk som i større grad kan eller lyt nytta heimekontor. Ei arbeidsveke med pc-en tykkjer mange gjev meir i stølsheimen enn i bygryta.
Fleire kjem til å dela livet mellom bustad i byen og hytte på fjellet, ikkje minst her. Storbyane kjem nærare og nærare med den hektiske og omfattande utbetringa av E16 gjennom Valdres.
Deltidsinnbyggjaren
Heimflyttaren Ole Aastad Bråten, direktør for Valdresmusea, gjer seg tankar om dette. Etter studium i Oslo og Bergen flytta kulturhistorikaren og Venstre-politikaren heim til Valdres som 30-åring.
– Då høvde det jo godt at kultursjefjobben eg fekk, som nyutdanna etnolog, var i Etnedal, smiler han.
Det var i 2006.
– Den gongen vart hyttefolket gjerne sett på som noko negativt. Men det har endra seg. Hyttefolket held oppe tradisjonane og livsgrunnlaget for bygdefolket. Dei syter for at tradisjonsrike næringsvegar er noko ein kan leva av og driva med.
Så tek han av seg kulturhistorikarhatten og set på seg lokalpolitikarhatten:
– Det bastante skiljet mellom lokale og tilreisande, mellom fastbuande og hyttefolk, har vorte mindre bastant. Utfordringa no er å utvikla ei meir differensiert skattlegging. Korleis kan ein som vel å bu fire–fem månader i året på hytta, leggja att skattekroner i hyttekommunen?
Flyttemelding
Eitt av svara kjem i Dagsrevyen nokre dagar etter praten. Reportasjen syner ein trend i delar av landet: Hytteeigarar oppheld seg så mykje på hytta at dei melder flytting. Dei held på bustaden i byen, der dei kan henda har born og barneborn, men vert skatteytarar til hyttekommunen – kjærkomne inntekter som kan rusta opp helsetilbodet til det deltidsbuande og aldrande hyttefolket, som kan rusta opp hyttefelta med offentleg veg, vatn og kloakk, så hyttene eignar seg som heilårsbustad.
Å få kartlagt denne mobiliteten er så viktig at museet har rydja kontorplass til ein sosialantropolog, Tom Bratrud, til dagleg fyrsteamanuensis i Drammen. Då hytteforbodet kom i vår var han, kan henda av di han opphavleg er frå Valdres og Fagernes, alt i gang med å forska på tilhøvet mellom fastbuande og deltidsinnbyggjarane – endå eit namn på hyttefolket. Den høgaktuelle forskinga fører han no vidare frå heimstaden.
Sauebonden
Nørdst i Vang er sauebonde Guro Lajord og eg no oppe på 1000 moh. Utsynet er vidt og vent. Nørdre Syndin ligg blikstill som ein spegel. Det er sjeldan. Lajord-stølen syner same gode byggjeskikk som garden der nede.
At synet på deltidsinnbyggjarane endrar seg, ikkje berre hjå næringsgründerar og forskarar, men òg i primærnæringane, hjå trauste bønder, skjønar eg av sauebonden.
– Kvifor det har vorte så attgrodd? Nei, det er ikkje aktiv stølsdrift att i stølslaget vårt, berre beitedyr. Småfe og storfe, men ikkje mjølkeproduksjon.
Ho peikar på hi sida av innsjøen, der skogen står ned til vatnet.
– På austsida har me beiterett for storfe. Men eg trur ingen vil motsetja seg at kyrne får gå her på vestsida.
– Kva skjer på austsida?
– Nei, no freistar grunneigarlaget å verta samde om å få eit hyttefelt der. Eg trur det er bra. Kvifor skal me i stølslaget ha alt dette for oss sjølve når me driv så lite støling her? Med hyttefelt fylgjer heilårsveg og oppkøyrde skiløyper om vinteren. Butikken og handverkarane nedi Vang vil få betre kår. Og det har ein stor verdi!
Ho legg til:
– Utbygging bør ikkje koma i konflikt med noverande beitebruk, sjølv om det er få dyr att i fjellet. Beitebruken er framleis særs viktig – men eg trur at det er mogeleg å få til båe delar. Ei løysing hjå oss kan verta beite på den eine sida av elva, og hytteutbygging på den andre sida.
«Norsk kvit er for fin på det og går ikkje på trea.»
«Hytteutbygging bør ikkje koma i konflikt med noverande beitebruk, sjølv om det er få dyr att i fjellet.»
Valdres
Del 1 – hyttefolket
Dei neste vekene skriv Håvard Rem frå regionen Valdres i fortid og notid.
Flatemål: 5406 km2.
Folketal: 17.579
Kommunar: Etnedal, Sør-Aurdal, Nord-
Aurdal, Vestre Slidre, Øystre Slidre, Vang.
Fylke: Innlandet.