Reportasje

¿ Blandingsfolket

ONTARIO: Kring oss oppstod for 400 år sidan ein eigenarta, sterk og varig kultur av franske pelsjegerar og urfolkkvinner i ei ymsesidig utveksling av kunnskap, tenester og arv.

Morgon i Ontario. Mellom prærien og Dei store sjøane ligg landskap med skog, åsar og innsjøar. Her frakta kolonistvognene millionar av europeiske innvandrarar til dei innføddes jaktmarker.
Morgon i Ontario. Mellom prærien og Dei store sjøane ligg landskap med skog, åsar og innsjøar. Her frakta kolonistvognene millionar av europeiske innvandrarar til dei innføddes jaktmarker.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Chefen som kom på i Winnipeg i går, er like flink og medviten som den fyrste. Raudt kjøt er det lite av, bøffel aller minst. Fisk kjem til kvart måltid, men ikkje laks. Heller ikkje veganarane får ei kald skulder.

Ved soloppgang torsdag, fjerde dagen, stoggar me ein time for å fylla diesel i Sioux Lookout, nær ei høgd der chippewa-krigarar speida etter sioux-krigarar, som røpte seg når sola blenkte i bjørkeneveren på kanoane deira. Frå prærien og Manitoba har me nådd Ontario og eit landskap av skog, åsar og innsjøar.

Passasjerane har vorte kjende. I barvogna fortel to nordmenn om ei sjøferd på 24 dagar gjennom Nordvestpassasjen, med toget som fyrste etappe på heimvegen. I restaurantvogna legg Matt ut om planane til sjefen heime i Seattle, Jeff Bezos i Amazon. I kafévogna sit den unge Oxford-forskaren Bernard og svarar på klimaspørsmål. I morgon er me framme i Toronto ved Dei store sjøane.

Jambyrdige

Austkysten og Atlanterhavet nærmar seg. Det nordamerikanske kontinentet såg eg fyrste gong frå vindauget i eit fly frå Reykjavik, etter å ha floge over sørlege Grønland. Synet av Newfoundland-kysten vart ei kontrafaktisk soge: Kva om europeisk og amerikansk kultur hadde møtst før? Ikkje kring år 1500, då handskytevåpen med luntelås og krut var komne i bruk, men kring år 1000? Kva om Leiv Eriksson og mannskap hadde gjort tusenårig landnåm med varig samkvem?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement