Teknologi
Reguleringsteknikk
Nytt og gammalt Brio labyrintspel. Mitt frå tidleg i sekstiåra verkar framleis aldeles utmerkt. Legg merke til at den svarte streken har vorte mykje meir kanta i det nye spelet. Eit teikn i tida?
Eg dreg i snora. Tom for skriveidear har eg sete på do altfor lenge. Eg høyrar tanken med vatn fylla seg. Så stoppar det opp. Kvifor? Eg opnar tanken. Ein flottør er vorten lyft og har stengt for meir vatn. Eit særs enkelt reguleringssystem. No er det berre å finna fram tastaturet.
Reguleringssystem finn ein overalt. I bilen har vi antispinn, blokkeringsfrie bremsar og automatisk avstands- og filhaldar, i huset termostatar og støvsugarrobot, båtar har autopilot, og når du er ute og flyg, skjer det meste automagisk. Til dømes kan ikkje moderne jagarfly vera i lufta utan reguleringssystem, då flya er gjort ustabile for å auka manøvreringsevna. Ja, til og med kroppen din er full av reguleringssystem, mellom anna for blodsukkerkonsentrasjon og kroppstemperatur.
Er det nokon likskap mellom desse ulike formane for regulering? Heldigvis. Dei er tilbakekopla system (reguleringssløyfa). Ein kan teikna eit generelt blokkdiagram for slike reguleringssystem. Me skal læra om regulering ved å sjå på læring som eit reguleringssystem, sjå figur 1.
Denne modellen for læring er sjølvsagt ei forenkling, men mykje betre enn ein pedagogisk læringsteori. Til venstre har me læringsmålet, og læraren er ein regulator som med formidling hjelper studenten med læring. Studenten vert diverre utsett for støy i læringsmiljøet. Ein sensor måler kvaliteten på det som er lært, og samanliknar det med læringsmålet. Lærar og student arbeider så saman for å gjera avviket så lite som mogleg. Dette er eit eksempel på negativ tilbakekopling som vert brukt i dei fleste reguleringssystema.
Ei line frå Albert Camus roman Sisyfos har brent seg inn i hjerneborken min: Me får vanen å leva før me får vanen å tenkja. Då eg var liten, fekk eg eit Brio labyrintspel av foreldra mine. Eg veit ikkje om far min var merksam på Piagets teori om utviklingssteg til barn, men han gav meg ein kraftig repetisjon av den senso-motoriske fasen.
Eg vart eit levande reguleringssystem som vrei på dei svarte hjula, såg kor kula fór og korrigerte for avvik frå den svarte lina frå 0 til 60. Etter nokre veker var det full kontroll. Eg trilla kulla fram og tilbake så lenge eg ville, og i motsetning til annan lærdom sit han i enno. Det gav meg meistringsglede tidleg i livet, og eg fekk også gleda av å vera lærar for foreldra mine som heile tida ramla ned i hol 3 eller 15.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.