Reformasjonens kvinner Reformasjonen ville endre det åndelege tilværet for alle, men ikkje kvinnas plass i verda. Det gjekk ikkje som tenkt.

Reformasjonen ville endre det åndelege tilværet for alle, men ikkje kvinnas plass i verda. Det gjekk ikkje som tenkt.

Publisert

Bak Martin Luther gjekk ei kvinne. Det han sette i gang, endra sosiale strukturar. Eit verdsleg skulesystem gav både jenter og gutar utdanning, familien og ekteskapet fekk på godt og vondt høgare status, prestar skulle leve som anna folk, og kvinner gjekk inn i nye roller. Ein kan ikkje oversjå, skriv historikaren Sølvi Sogner, at kvinnerollene og posisjonane inn i vår tid endra seg meir i protestantiske enn i katolske land.

Alle måtte sjølve få lese Guds ord, men færre kvinner enn menn kunne lese. Eit verdsleg skulesystem blei utvikla med pedagogiske metodar som framleis står sterkt. Lenge lærte jentene mindre enn gutane, men alle skulle lære å lese og skrive. Med skrifta kom kvinnene inn i meir enn Skrifta. Fleire enn før tok til å skrive, dikte.

Sølibatet hadde rakna og blei oppløyst. Dermed kom ei ny yrkesgruppe til verda: prestekonene. Johannes Bugenhagen var blant dei første reformasjonsprestane som gifta seg. Hausten 1522 blei han vigd til Walpurga, ei av dei anonyme med ukjent jentenamn. Sommaren 1525 vigde han sjølv nonna Katharina von Bora og munken Martin Luther.

Skrivekyndige Katharina var ei sterk kvinne i dette miljøet. Ho kjøpte eigedommar, dreiv eiga næring og var med og gjorde heimen deira i dagens Collegienstrasse 54 til ein viktig møtestad for reformatorane. Samtalane rundt Luthers ord, bordtalane er dei blitt kalla, tente både til teologisk drøfting og strategisk pønsk. Frå 1531 fekk presten Konrad Cordatus det umoglege oppdraget å skrive ned desse samtalane. Til slutt blei det om lag 7000 slike bordtalar mellom Martin, Katharina og gjestene deira. Så mange dagar var det ikkje i dei åra.

Kvar og ein skulle svare for seg og sitt og si tru, også kvinnene. I kyrkja hadde klostera vore deira stad, men no stengde reformatorane klostera. Det frigjorde nonnene frå det mannlege overherredømmet, men mange hadde ingen stad å gå.

Kvart år produserte trykkeria tusenvis av flygeblad, det nyaste og største massemediet. Hendingar og gjerningar blei fortalde og illustrerte i kvasse linjer anten det handla om verdslege eller religiøse emne. Dette bildespråket tok Luther i bruk. Reformasjonen var ein strid om tru og ord, ført i ord og bilde. Katolske krefter måtte gi tapt for Luthers masseproduksjon av skrift. Luthers folk vann også bildepolemikken. Knapt meir enn fem prosent var teikna frå katolsk hald.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement