Sport
Raudt, blått og fluor
OL i Sarajevo i 1984. Bills Koch legg på eit ekstra lag, truleg fluorfritt. OL i Sarajevo i 1984. Bills Koch legg på eit ekstra lag, truleg fluorfritt.
Foto: Tom Smart / AP / NTBFoto: Tom Smart / AP / NTB
Å smørje ski er både eit studium og ein lidenskap. Me riggar oss til i bua med små boksar i alle slags fargar og variantar. Kva slags smurning me til slutt endar med, kan diskuterast i det uendelege, til dømes i lunsjen.
Den fyrste smurningen vi kjenner til, vart gjord alt i 1673, då med harpiks og bek. Vidare vart hemmelege oppskrifter som kunne innehalde øyrevoks, salt sild, okseblod og grammofonplater, testa ut. Om lag 200 år seinare kom det fyrste smurningspatentet. Smurningen heitte Fart og inneheldt eit metallpulver. Trass i at smurningen fanst i butikken, heldt folk likevel fram med å teste ulike heimelaga variantar. Heilt fram til Swix i 1946 tok over marknaden med Blå, Grøn og Rød.
Eit nytt vendepunkt kom i byrjinga av 1990-åra, då den omdiskuterte fluorsmurningen vart utvikla. I dag brukar vi tusenvis av ulike smurningstypar. Måten ein legg smurningen på skia på, avgjer korleis skia støyter frå seg vatn, kor godt dei toler forureininga frå snøen, og kor stor friksjonen mot underlaget er.
Fram til no er fluor det stoffet som gjev best glid og er mest slitesterkt, men det er også det mest helse- og miljøfiendtlege smørjemiddelet. Frå sesongen 2020–2021 har Det internasjonale skiforbundet (FIS) forbode fluor i alle greiner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.