Sjakk
Rating på Enga
Då Magnus Carlsen debuterte for Vålerenga denne veka, var det store spørsmålet om han framleis vil vera verdseinar under VM-kampen i november. Før siste runde dukka eit anna spørsmål uventa opp: Vinn Vålerenga Europacupen?
Carlsen gratulerer svenske Grandelius som har sikra lagsigeren for Vålerenga i 6. runde.
Foto: Niki Riga/eurochess2018.com
Verda var enklare då cubanaren Capablanca eller sovjetaren Botvinnik var verdsmeister. Under Capablanca før krigen hadde ein berre radioen, så kom Botvinnik og fjernsynet på 50- og 60-talet. Men det var éin verdsmeister – og i Noreg éin TV-kanal. Ingen spurde om NRK var den beste kanalen, eller om Botvinnik var den rette verdsmeisteren – heller ikkje då han tok ein tre år lang pause utan å spela eit einaste sjakkparti.
No er vi i måle- og konkurransesamfunnet. Med fleire TV-kanalar, sjåartal – og rating. Men ingen stader har ratinga vore så viktig som i sjakken. Der er ho nådelaust objektiv. Ratinga motiverer og demotiverer sjakkspelarar i milliontal. Ratinga får born til å byrja med konkurransesjakk og – eit par år seinare – til å slutta med konkurransesjakk. Ratingtalet er brutalt ærleg.
På topp i 2014
Spørsmålet er når kurva flatar ut. Når ein er 11 år gamal med 1100 i rating? Når ein er 13 år med 1300 i rating? Eller når ein er 23 år med 2889 i rating? Det siste var noteringa til Magnus Carlsen i 2014. Då var den ferske verdsmeisteren på sitt aller beste, aller mest dominerande. Vil han nokon gong koma på det same nivået?
Eg trur ikkje det. Konkurransen er hardare i 2018 enn i 2014. Carlsen spelar kan henda ikkje dårlegare, men han vinn færre parti, og dei andre kjem nærare nesten for kvart trekk. Situasjonen har uroa verdsmeisteren i eit halvt år. Då Carlsen vart nummer éin i 2011, var veteranen Vishy Anand verdsmeister, men nordmannen var den beste spelaren. Carlsen har difor sagt at rating er viktigare enn verdsmeistertittelen. Det er om ikkje lygn, så i alle høve heilt gale. Sjølvsagt er tittelen mykje viktigare. Alle skjønar kva det vil seia å vera verdsmeister.
Sju år
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.