Essay
Rapport frå eit maktlandskap h.v.
DDR-eliten heldt hus i Waldsiedlung Wandlitz, eit klårt avgrensa område tre–fire mil nordom Aust-Berlin. Dit fór eg ein mannsalder etter – og priste meg lukkeleg over å vera norsk.
Illustrasjon: Björk BjarkadottirIllustrasjon: Björk Bjarkadottir
Det tyske stadnamnet seier det meste. Busetjinga Waldsiedlung låg i eit skoglandskap i kommunen Wandlitz. Hit flytte dei austtyske partitoppane med huslydane sine alt i 1960. Her levde dei i løynd for folk flest fram til Berlinmurens fall i 1989. Rett etterpå vart området overført til helsestellet. Alt i februar 1990 opna ein rehabiliteringsklinikk på dei gamle tuftene til den utdaterte eliten.
Over tretti år seinare ser eg ei og anna kvitkledd sjukesyster i lag med tilårskomne pasientar som er ute og luftar seg. Somme sit i rullestol, andre går med stokk. Før var dette eit «maktlandskap». Nedst på alle dei utplasserte informasjonstavlene i Waldsiedlung Wandlitz står det skrive eine Landschaft der Macht med store bokstavar. No er det tale om ein geografisk parentes der eg går fritt ikring og synfer plent som eg vil.
Eg orienterer meg ved hjelp av eit digert utstilt kart over det samanbrotne maktsentrumet. Det ser handteikna ut og viser eit todelt terreng innanfor ei brei og tjukk yttergrense mot omverda. Innanfor i Aussenring var det garasjar, gartneri, lager, vaskeri, verkstad og ei rad tenestebustader for livvakter frå den såkalla Hauptabteilung Personenschutz i Ministeriet for statstryggleik – Stasi. Alt i alt talde livvaktene 650 mann, dei arbeidde skift og hadde etter måten fine arbeidstilhøve: På kartet ser eg teikna inn både butikk, idrettshall og -plass og jamvel barnehage.
Vegg i vegg med Aussenring låg den inste sirkelen: Innenring. Der budde partitoppane i lag tett i tett. Her var òg det meste på stell reint praktisk. Gangavstand til eit kjøpesenter med rikhaldig sortiment av vesttyske varer pluss frisørsalong og skreddar, ei lokal sjukestove, eit sportssenter og det som på kartet står omtala som «Funktionärs-Club».
Heilt til venstre på kartet er namna til partitoppane lista opp attmed nummera på husa dei budde i. Eg tel til saman tjuetre bustader, men det var ikkje alltid lys i alle husa. Eg legg merke til at hus nr. 16 og 17 vart ståande tomme etter 1985, då kadrane Konrad Naumann og Herbert Häger fall i unåde og vart utstøytte frå busetjinga. Frå 1986 stod også hus nr. 13 tomt etter eit dødsfall på høgt nivå.
Nokre på lista er meir namngjetne på tvers av landegrenser enn andre. Günter Schabowski (hus nr. 19) var mannen som seint på ettermiddagen 9. november 1989 kunngjorde at grenseovergangane mellom aust og vest skulle opnast same kvelden. Og rett bortanfor – i hus nr. 14 – budde den omsynslause Erich Mielke. Han var frå 1957 sjef for Stasi. Men til sist var vegen frå Kapitol til Den tarpeiske berghamaren kort for han med. I 1993 vart han dømd til fengselsstraff for både mord og drapsforsøk. Brotsmannen Mielke døydde så seint som i 2000, dement. Grava hans einkvan stad i Berlin er umerkt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.