JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Quiz og kaos på Sørlandsbanen

Togturen til Dag og Tids quizmeister gjekk slett ikkje på skjener, men det vart jammen innhaldsrikt likevel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Herremåltid til 20 kroner: Utopiabrus.

Herremåltid til 20 kroner: Utopiabrus.

Herremåltid til 20 kroner: Utopiabrus.

Herremåltid til 20 kroner: Utopiabrus.

6121
20230811
6121
20230811

REISEBREV

davidasprusten@gmail.com

Til å vere telemarking busett i hovudstaden, har eg uvanleg mange vener på Jæren. Etter eit flott opphald der i fellesferien, gjekk toget mitt frå Vigrestad stasjon til Oslo S. Det vil seie, me kom berre til Egersund. Der lét bytet frå lokaltog til fjerntog vente på seg.

På nabobenken på Egersund stasjon sat to kvinner, den eine hadde med dottera på åtte år. Dei sa at dei var frå Sveio og skulle til Kristiansand Dyrepark.

Så vart me sitjande og vente. Uvissa skulle vare i tre timar. Høgtalaren repeterte seg sjølv om togstans og «Me kjem tilbake straks me har meir informasjon».

SVEIO-QUIZ

Stemninga på stasjonen nærma seg ein dupp. Då fann eg fram skrivesakene. Etterpå gjekk eg bort til dei tre sveibuane. «La oss gjere noko kjekt. Eg har laga ein quiz om Sveio. Vil de prøve?» Du kan tru dei vart begeistra. Dei to kvinnene var systrer og ville gjerne konkurrere. Presset låg på henne som framleis budde i heimkommunen. Det enda med stor meistring og meir eller mindre uavgjort. Den eine var attpåtil tilsett i kommunen og spurde om å få leggje ut dei 20 spørsmåla på kommuneheimesida.

Sjølv har eg valt ut tre til Dag og Tids lesarar. Fasiten står til slutt.

1. Sveio kommune ligg heilt sørvest i kva for eit fylke?

2. Kva komponist (1887–1952) er truleg den mest berømte personen frå kommunen? Eit stort verk av han er «Kirkegården ved havet». Heimen hans er museum.

3. Kva for eit av verba sveitte, svi og svinge har namnet Sveio samanheng med?

HJULSLAG, SA DU?

Under quizen kom ein eldre kar inn på stasjonen. Han var ikkje utsending frå togselskapet Go-Ahead, som me trudde. Nei, han var «berre» pensjonert konduktør og interessert i faget. Han fungerte som levande leksikon dei neste timane. Det forseinka toget stod visst på Nærbø stasjon på grunn av hjulslag. Han forklarte at det er når hjula er slitne, ikkje lenger heilt runde, slik at dei slår mot skjenene.

«Er det farleg?», lurte eg på.

«Ikkje for dei som er på toget, men det kan øydeleggje skjenegangen.»

På Nærbø var det visstnok usemje i kor alvorleg hjulslaget var i dette tilfellet. Somme ville køyre vidare, andre ikkje.

TIMETURIST I EGERSUND

Etter langt om lenge i Egersund innsåg me at toget kanskje aldri ville komme, at me laut vente på neste fjerntog. Det var ein dryg time til.

I mellomtida ville eg sjå meg rundt. Kva rekk du på ein time i Egersund, tru? Trollpikken vart eliminert raskt, han ligg fleire kilometer opp i fjellet. Derimot ligg stasjonen rett attmed lokalavisa i distriktet. Inne hos Dalane Tidende peikte journalisten ut vegen mot Berentsens Brygghus, i retning sentrum.

Brygghuset har både produksjonslokale og butikk. I butikken kunne sommarvikaren fortelje at dei mest kjende produkta deira er Rogalandspils og Utopiabrus. Fråhaldsmannen gjekk for sistnemnde og hasta vidare mot sentrum av Okka by.

Eg synest Egersund er ein fin by. I sentrum rakk eg sjå utsida av Egersund Fayancemuseum og Egersund kyrkje. Her kom Håvard Rem meg til unnsetning – i Dag og Tid 30. juni tek han oss med inn båe stadene. Attmed kyrkja står statuen «Losen», der eg kjende att namnet på skulptøren, Hugo Wathne (1932–2017). To dagar tidlegare hadde eg nemleg sett eit anna verk av han, det store andletmonumentet av Arne Garborg. Det står på Knudaheio, Garborgs sommarstove på Jæren.

KLARE TIL AVGANG

Ein time går fort. Tilbake på stasjonen snakka den pensjonerte konduktøren om posisjonering. Dei hjulslagråka passasjerane hadde nemleg vorte flytta over på det nye fjerntoget me venta på. Med eit såpass fullt tog måtte me stå taktisk plasserte på plattforma, meinte han.

Det gav avkastning. Dei tre sveibuane med quizmeisterfølgje enda opp med eigen «hjørnesofa» i kafévogna.

LOBBYERING OG GRATIS MAT

I sofaen leste me oss opp på forseinkingsreglane. Dei tre timane våre var langt innanfor definisjonen av vesentleg forseinking. Då skal ein få gratis kost «når dette er naudsynt». Kor mykje er det naudsynt for Go-Ahead å spandere på kvar passasjer, tru? Lobbyverksemda var i gang. Kafévertinna kunne fortelje at dette ikkje var opp til henne – her måtte me snakke med konduktøren. Sistnemnde fauk rundt i ein kaotisk dag på jobben og landa på «om lag 100 kroner». Det svarar til ein halv middagstallerken, eventuelt to vaflar.

Eg gjekk for «sørlandsburger fra Idsøe med coleslaw og brioche» til 179 kroner. Dei siste 79 ville eg betale sjølv. Men ordet mellomlegg var framandt for kasseapparatet, så eg fekk heile gratis. Smaken var god, og kombinasjonen med Utopiabrus var lekker. Ta orda med ei klype salt, sidan dei kjem frå quizmeisteren og ikkje matskribentane i avisa.

KRETI OG PLETI

Det var mange som ville nytte dei 100 tildelte kronene sine. Me i sofaen fryda oss med å observere mangfaldet i køen. Ho som kom med blomar til den iherdige kafévertinna for heiderleg innsats. Den nyopererte fotballguten som var regjerande meister i Dana Cup og skulle ned for å heie på lagkompisane. (Eg tipsa han forresten om hamburgaren og mellomlegget, han takka for det.) Dama som gjekk med bikkja på skuldra gjennom heile kafeen og plutseleg kom tilbake andre vegen utan hund.

Dessutan hadde me ein lengre griseprat, for to av sveibuane driv med smågrisproduksjon på Jæren. «Dei er like tunge som meg når me sender dei vidare», konstaterte åtteåringen nøgd. Ho testa òg kategoriane «Nugatti» og «Snømann» i ei barnequizbok eg skriv. Store og små var takksame for underhaldninga.

Vel framme i Kristiansand gav konduktøren klar beskjed om kven som skulle gå av først. Dei utvalde var dei som måtte beinflyge for kanskje å rekke Color Line. Me vonar kapteinen møtte dei med godvilje.

Etterpå takka me hjarteleg for turen, eg og sveibuane. Eg som skulle til Oslo, kunne velje mellom å verte sitjande på toget eller hoppe på ein direktebuss. Det vart buss.

På veg ut frå toget fekk eg ein kaffikopp frå kafévertinna. Gratis. Takk for i dag!

Quizfasit

1. Vestland fylke

2. Fartein Valen

3. Svi

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kva rekk du på ein time i Egersund, tru?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis