Sport
Punk og Nike
Om ein elev har gym i Converse no, er det fordi han har gløymt dei ekte gymskoa sine.
Foto: Steven Senne / AP / NTB
Michael Jordan hadde nye sko i kvar kamp. Kjensla av å tre inn i salen med heilt nye sko sette han tilbake til barndommen – og det er sant, eit lite barn med sko rett frå eska spring ekstra fort.
Basketsko er ikkje berre til basket. Det er vanskeleg å vite kor skiljet mellom mote og funksjon faktisk går. Converse All Star, som er kalla opp etter NBA-All-Star, kom alt i 1908 og skulle vere eigna til sport og basket, då spesielt på grunn av den tynne og sklifrie solen. Converse-skoen var god nok til sport, heilt til punkarane overtok han, og frå 1960-åra er skoa meir brukte til rock enn i basket.
Mykje sidelengs rørsler og vertikale hopp gjer anklane sårbare i basket, difor har basketsko støtte rundt anklane. Solen på nyare sko er tjukk, slik gjev han demping og gjerne litt ekstra spretteffekt. NBA-spelarane har også ofte to par sokkar for å få maks svikt mellom hæl og sko.
Fram til 2018 var det strenge reglar for korleis ein basketsko i NBA skulle sjå ut. Før dette skulle det vere minst 51 prosent kvitt eller svart. Jordan, til dømes, betalte like greitt bot for kvar kamp for å ha den perfekte mengda raudfarge på Air Jordan-skoa sine.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.