Sport

Proff

Linda Medalen vart oppdaga av den japanske klubben Nikko i VM i Kina, 1991.
Linda Medalen vart oppdaga av den japanske klubben Nikko i VM i Kina, 1991.
Publisert

I skuledagbøkene der ein skulle fylle ut kva ein drøymer om, svara eg alltid proff i Japan. Kvifor Japan? Det var der jenter kunne bli fotballproff, sa bror min.

At kvinner kunne leve av å spele fotball, var på 1990-talet uvanleg. Linda Medalen var ei av dei få som klarte det. Under VM i Kina i 1991 vart ho oppdaga av japanarane, og året etter spelte ho profesjonelt for Nikko. Medalen fortel ikkje om luksusliv, men om ein overgangskontrakt som vart nøye drøfta, og med eventuelle bonusar kunne ho tene langt betre som fotballproff i Japan enn som politibetjent heime i Noreg.

I 2020 har vi 27 kvinner som speler fotball i utlandet. Den mest profilerte er Ada Hegerberg i Lyon. Ho tener meir enn åtte gonger så mykje som ein norsk politibetjent, men likevel berre ein brøkdel av det Lionel Messi tener.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement