Reportasje

Porten til hi side

JAPAN: Sundag kveld vert japanarane råka av ein elektrisk støyt. Helga er snart over, og dei må finna utgangen. Med eit rykk i kroppen byrjar dei å førebu seg på kvardagen.

Ein boge framom eit tempel i Nikko.
Ein boge framom eit tempel i Nikko.
Publisert

Kor mange fotballmål står det på dei britiske øyane og kor mange tempelportar på dei japanske? Fleire enn du trur. Men blandar ikkje samanlikninga i hop det kvardagslege og det heilage, spel og tru? Eller er det motsett – at både måla og tempelportane definerer eit større felt der dei står som eit skilje mellom kvardag og magi?

Har eg vorte så tenksam av di eg forlèt Japan i morgon? Har ferda lært meg noko? Me lyt vera like medvetne når me går gjennom opne dører som gjennom dei me må banka på eller låsa opp. Dei viktigaste dørene kan vera dei som alltid er opne, som snautt nok er dører, utan panel og plater, berre opningar i tomt rom, luft ramma inn av stolpar og overliggjarar, portar som vaktar andre grenser enn dei me kan kryssa ved hjelp av ein nykel eller einkvan på innsida som kjenner att røysta.

Har eg vorte metaforisk no? Nei, kring templa i Japan er portane like røynlege som ei kyrkjedør, og det må finnast ein million av dei. Som ei grind eller ein perleport, ei Narnia-dør eller eit fotballmål markerer dei overgangen frå ei verd til ei anna. Somme står uti vatnet, andre står tett i tett i tusental og lagar ein tunnel.

Laurdagskvelden

Det er sundag ettermiddag i Asakusa, ein Tokyo-bydel med landsbypreg, låge hus og lite biltrafikk. Landemerket i området, og det du skal seia til sjåføren om du tek ein taxi hit frå ein annan bydel, er Kaminarimon, namnet på den kjende porten som er møtepunkt og samlingsstad her på vestbreidda av Sumida-elva, ei halv mil nordaust for Tokyo sentralstasjon.

Laurdagskveldane har vorte eit minne. Born og unge, vaksne og gamle et på fortausrestaurantane og flanerer i gater og smug, i ei stemning av ro og sorgløyse, låg lått og tryggleik. Det er ei anna verd enn laurdagskvelden i vestlege millionbyar, og ei anna verd enn Tokyo måndag morgon, i mylderet på den overfylte metroen der kvinner har meldt om så omfattande tafsing at Tokyo metro på somme strekningar har sett opp kvinnevogner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement