Historie

Pioneren for ein ny norsk møbeldesign

I år er det 100 år sidan Ingmar Relling vart fødd. Relling gav form til ei ny møbellinje, tufta på norske verdiar, men ikkje utan tilknyting til internasjonale stilimpulsar.

Den første Siesta-stolen. Opphavleg var stolen tenkt som eit utemøbel utan puter. Då stolen fekk puter, vart han flytta inn i stovevarmen, og salet skaut fart.
Den første Siesta-stolen. Opphavleg var stolen tenkt som eit utemøbel utan puter. Då stolen fekk puter, vart han flytta inn i stovevarmen, og salet skaut fart.
Publisert

Ingmar Rellings mest kjende møbel er stolen Siesta. Stolen som vart teikna i 1964 og lansert i 1965, har ei enkel og tidlaus form. Stolen er god å kvile auget på, samstundes som han gjev høg sittekomfort. Siesta-stolen er typisk norsk, men samstundes så grunnleggande ålmenngyldig at han appellerer til møbelbrukarar over heile verda.

Kva er så typisk norsk i denne samanhengen? I møbelbransjen har dei eit bilete som kan vere med å illustrere eit trekk ved den kulturelle eigenarten vår. Når nordmenn er på møbelmesser og skal vurdere ein stol, spør dei om han er god å sitje i. Ytre form og estetikk som ikkje er forankra i funksjonelle og praktiske omsyn, appellerer i mindre grad.

Nordmenn er nok like forskjellige som menneske i andre land, men denne observerte forskjellen i messeåtferd verkar forståeleg om ein ser litt nærare på nyare norsk kultur- og samfunnssoge. I motsetnad til mange andre land hadde ikkje Noreg ein stor overklasse med preferansar for møblar og innbu som knytte gruppa til ein felles europeisk stiltradisjon. Gjennom migrasjon frå landsbygda til byane voks det i Noreg fram ei potensiell kjøpargruppe som først og fremst hadde behov for rimelege møblar som var praktiske for dei føremåla dei skulle fylle.

Møblar for folk flest

Rett nok ville mange av dei nye møbelkjøparane gjerne vise fram nyvunnen status og kjøpeevne ved å utruste stasstover som berre vart nytta høgtidsdagar. Men då var det at ein ny generasjon møbeldesignarar og sosiale reformatorar appellerte til fornufta: Få ut stasmøblane, sa dei. Få inn dei funksjonelle møblane som alle familiemedlemer kan nytte til kvardags.

Dette var med å rydde vegen for ein ny norsk møbelindustri, ein industri som i hovudsak voks fram på landsbygda på Vestlandet, og som trong formgjevarar som kunne gje uttrykk for det som låg i tida, og gje vakre kvardagsvarer til alle. Ein av dei som stod i fremste rekkje i dette sosiale reformarbeidet, og i demokratiseringa av det norske innbuet, var Ingmar Relling.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement