Kunnskap
Pest og plage
Dag og Tid-grisene Per og Aslak i sitt rette miljø, men utan kontroll med spreiinga av afrikansk svinepest kan det i framtida bli vanskeleg å halde gris utandørs.
Foto: Svein Gjerdåker
Afrikansk svinepest herjar framleis i grisefjøsa i Kina, nye virusvariantar dukkar opp, og i år har den nye smittebølga fløymd inn over fleire delar av landet. Frå det første utbrotet av afrikansk svinepest (ASF) i byrjinga av august 2018 tok det berre to månader før dei hadde påvist pesten i åtte ulike provinsar, og eitt år seinare hadde helvta av grisane i Kina døydd av sjukdom eller blitt slakta i forsøk på å stogge smittespreiinga.
Etter ein kort periode med færre utbrot og ny vekst i svineproduksjonen ser det no ut til at pesten er på ny offensiv i Kina. Afrikansk svinepest spreier seg i fleire asiatiske land, i Afrika og i Aust-Europa. Det kan sjå ut til at gardbrukarar og styresmakter over store delar av verda må leve med denne sjukdommen i lang tid framover – med dei problema det vil ha for både dyrehelse og matproduksjon.
Pandemi
ASF-viruset går til åtak på lymfatisk vev og blodceller og øydelegg blodets evne til å koagulere. Dyr med akutt sjukdom får høg feber og døyr etter kort tid, medan øyra og beina kan bli raudsvarte av blødingar under huda. I meir kroniske tilfelle kan grisane magrast av og få betennelse i lunger og ledd. Sjukdommen spreier seg raskt, i dei verste tilfella døyr heile besetninga på kort tid og ASF blir av FNs mat- og landbruksorganisasjon FAO omtala som verdas mest alvorlege husdyrpandemi. Ein liknande sjukdom, klassisk svinepest, skuldast eit virus av familien med det illevarslande namnet pestivirus, men vanlegvis er det færre grisar som døyr ved klassisk svinepest enn ved den afrikanske pesten. Til alt hell er det ingen av svinepestvirusa som kan infisere menneske, i motsetnad til det vi ser ved svineinfluensa.
Svineri
Gris finn vi som husdyr i alle verdsdelar, og med aukande etterspurnad etter rimeleg svinekjøt har det vorte ein stadig meir industriell produksjon. I Noreg slaktar vi 1,7 millionar grisar i året, i Danmark meir enn ti gonger så mange. Men det er Kina som har førsteplass, der dei før pesten slo til i 2018, hadde vore oppe i ufattelege 500 millionar grisar i året.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.