Teknologi

Perpetuum mobile

Den revolusjonerande energiløysinga til WorldPower Energy.
Den revolusjonerande energiløysinga til WorldPower Energy.
Publisert Sist oppdatert

Eg huskar matematikkbøkene me hadde i småskulen. Oppgåvehefte med små flittige maur på utsida. Og flittige var me. Læraren fôra oss konkurrerande gutar med stadig nye hefte. Då kjelda var tom, bad han oss tredela ein spiss vinkel med berre passar og linjal. I møte med det umoglege fekk den vesle hjernen verkeleg noko å bryna seg på.

– Du må velja yrke i motfase, sa far min.

Eg tok han på ordet og studerte det vanskelegaste eg kunne tenkja meg, nemleg gravitasjonsbylgjer. No har me funne desse bylgjene, så arbeidet er gjort. Har eg vorte arbeidslaus? Nei, kunnskap om fysikk har ein heldigvis stendig bruk for.

I studietida var eg litt avundsjuk på ein doktorgradstudent som hadde fått i oppgåve å ta imot gjestar med alternative verdsbilete til Institutt for teoretisk fysikk. Det var som regel tjukke avhandlingar med nye teoriar eller funn av smetthol i naturlovane. Studenten lytta respektfullt og prøvde å argumentera mildt med dei som vitja oss. Ein lærer særs mykje av å verta utfordra på eiga forståing.

Her om dagen fekk eg e-post frå ein kollega om ein artikkel han hadde lese i Teknisk Ukeblad om det norske selskapet WorldPower Energy som skal laga ein maskin (figur 1) som skal suga energi ut av gravitasjonsfeltet ved hjelp av fall og oppdrift. Ifylgje den lattermilde kollegaen min hadde denne historia alt. Dei får støtte av Innovasjon Noreg, Universitet i Stavanger har forska på det, Klima- og miljøminister Espen Barth Eide er positiv, tidlegare finansminister Jan Tore Sanner har vore på vitjing, og til alt overmål er Norwegian Catapult Centre «Sustainable Energy» med, der min eigen arbeidsgjevar, Høgskulen på Vestlandet, er samarbeidspartnar.

Ifylgje informerte kjelder skal leiaren for katapulten omtala det heile som «eit unntak frå Arkimedes lov». Eg har høyrt at det ikkje finst reglar utan unntak, men der er nok naturlovar eit unntak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement