Perfeksjonisten
For fem hundre år sidan døydde Leonardo da Vinci, renessansemennesket framfor nokon.
Leonardo da Vincis «Nattverden» var ferdig i 1497. Det var som om veggflata i matsalen til munkane i Milano opna seg til eit anna rom – aldri før hadde folk opplevd denne bibelske nøkkelscenen så nært og levande.
Sjølv om han var eit arbeidsjern, kom ikkje alltid resultata så fort for Leonardo. Han kunne sitja ein heil dag og fundera framfor lerretet eller veggen han skulle utsmykka, for så berre å påføra verket eit penselstrøk eller to. Dette gjekk prioren i dominikanarklosteret Santa Maria delle Grazie i Milano på nervane. I refektoriet, matsalen til munkane, hadde Leonardo i 1495 fått i oppdrag av Milanos hertug Ludovico Sforza å måla ein nattverdsscene.
Men arbeidet gjekk i sniglefart. Det var vanleg å gjera slike veggmåleri al fresco, teknikken der ein pensla fargane direkte på fuktig kalkpuss. Men slike freskemåleri krev at ein arbeider lynsnart før pussen tørkar. Difor eksperimenterte Leonardo seg fram til ein måleteknikk på tørr murpuss, som gav han meir tid. Slik ville han kunna fylgja nye idear og innfall undervegs i skapingsprosessen.
Prioren klaga til hertugen, som kalla kunstnaren til seg. Men orsaka Leonardo seg for sniglefarten? Nei, han greidde heller ut om kunstnarsynet sitt. Ei stort åndsmenneske arbeider mest nettopp når han ikkje arbeider, meinte meisteren. For arbeidet ligg i å finna fram til og utarbeida fullkomne idear, som han så i etterkant kan uttrykkja med hendene.
Dysleksi
Det er overlevert meir enn 6000 ark med notisar og kring 10.000 dels ørsmå skisser etter Leonardo. Men det eksisterer berre 13 ferdige målarstykke som heilt sikkert er laga av han. Dette er ørlite om ein samanliknar med andre renessansemeistrar som Michelangelo og Rafael. Likevel revolusjonerte han målarkunsten. Ja, han er i dag den mest kjende av alle renessansekunstnarane, fortel Gunnar Danbolt, professor emeritus i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen.
– Kunsthistorisk er han viktig av di han markerer overgangen til noko nytt, frå ungrenessansen til høgrenessansen, og det er «Nattverden» eit døme på. I tillegg var han ein banebrytande vitskapsmann som arbeidde strengt empirisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.