Kunnskap
Pels
Sjøpattedyr som havoteren har ein pels som gjev godt vern mot kulde i både luft og vatn.
Foto: Robert E. Klein / AP / NTB
Alle pattedyr har hår, og det er berre pattedyr som har det. Vi menneske er ganske nakne, i lag med elefantar, griser og kvalar, medan mindre pattedyr som mus og ekorn er blant dei mest hårete. Eit tett hårlag over heile kroppen kallar vi ofte pels, men går vi tett på, er det store skilnader i strukturen og funksjonen til hårlaget hos ulike dyreslag.
Eit av dei vanlege spørsmåla om pels er kvifor vi sjølv ikkje har det, men berre nokre spreidde tustar på hovudet, kring kjønnsorgana og under armane. Men før vi svarar på det, skal vi sjå på historia til håret.
Kvifor har dyra pels
Skal vi halde oss til Darwin og evolusjonsteorien, må hår ha blitt utvikla fordi det tente til betre overleving eller meir effektiv reproduksjon. Nokre har føreslått at hår har utvikla seg frå skjel eller andre strukturar i huda, men arkeologar har til no aldri funne fossil med overgangsformer frå slike skjel til hår.
Dei har faktisk aldri funne noko anna enn fullt ferdige, «moderne» hår. Og det er litt merkeleg, fordi oppbygningen til håra gjer at dei er svært haldbare, og vi kan finne fullt bevarte hår i arkeologiske funn og fossil, slik skulle det ha vore også for dei tidlege overgangsformene.
Dreiv utviklinga seg fram med hår og pels fordi det gav dyra betre vern mot kulde? Det er uråd å seie noko om det, og vi veit ikkje kva som kom først, dei varmblodige dyra eller pelsen. At det har noko å gjere med vern mot nedkjøling eller andre ytre påverknader, verkar sannsynleg, men det kan òg ha vore ein kombinasjon av ulike evolusjonsmekanismar vi i dag ikkje veit noko om.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.