Kunnskap

Parasittar i fiskekjøtet er ikkje berre ulekkert, det kan òg vere helsefarleg

Ein kan finne kveis i levra til sei og torsk.
Ein kan finne kveis i levra til sei og torsk.
Publisert Sist oppdatert

Draumen om ein velsmakande fiskemiddag kan døy brått når du står der og sløyer fisken og finn ut at magesekken, levra og bukhola er fulle av små, samankveila rundormar, nokre bleike, andre meir raudbrune i farga. Og det stoppar ikkje der, fiskekjøtet kan òg vere fullt av same slaget, frå buksida og heilt inn til ryggbeinet.

Tek du deg litt tid under sløyinga, før du kastar svineriet, kan du oppdage at det er fleire typar kveis i fisken. Nokon er det mest av i muskulaturen, nokon mest i bukhola, og nokon finn du overalt i heile fisken. Kveis i fiskekjøtet er ikkje berre ulekkert, det kan òg vere helsefarleg, og det seier seg sjølv at dette ikkje er noko du vil ha i maten.

Komplisert

To vanlege artar av kveis, som også er dei som oftast gjev sjukdom hos menneske (anisakiose), er Anisakis simplex (kvalorm) og Pseudoterranova decipiens (torskemark). Vaksne Anisakis held til i magen hos kval som niser, spekkhoggarar og vågekval, Pseudoterranova decipiens har sel som sluttvert, medan andre artar av kveis har satsa på sjøfugl, som skarv.

Kvalormen Anisakis likar feitt og er ein vanleg parasitt hos sild, makrell og vill laks, og du finn ofte mykje av han i levra til sei og torsk. Dei blanke og fargelause larvane held til både i bukhola og inne i fiskekjøtet, der dei kan vere ganske vanskelege å få auge på. Kveis av typen Pseudoterranova er vanleg hos torsk (derav namnet torskemark), dei sit ofte inne i muskulaturen, men er meir raudbrune i farga enn Anisakis og er mykje lettare å sjå når du skjer opp fisken.

Felles for all kveis er at dei har ein temmeleg komplisert livssyklus. Dei kjønnsmogne ormane lever trygt inne i magesekken til dei varmblodige vertsdyra sine, der dei nyttar tida til å ete, pare seg og legge egg. Nokon slår seg ned i større koloniar i mageslimhinna, og det kan føre til smertefulle magesår for verten. Egga som kjem ut med avføringa, blir klekte til larvar som for å utvikle seg vidare må bli etne av krepsdyr, som kril og tanglopper. Men før dei kan kome attende som vaksne og bu i ein varm magesekk, må dei også innom ein fisk eller ein blekksprut på turen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement