Reportasje
Paradiset
BORACAY: Omstridde president Duterte vitjar den vesle øya som øko- og urfolkforkjempar.
Borte er motoriserte køyretøy på vatnet, stranda og sandstigen: vasscooterar, bananbåtar og speedbåtar med fallskjerm.
Alle foto: Håvard Rem
Boracay, ei 7000 meter lang øy, har endra seg sidan sist. Kvitstranda er ikkje til å kjenna att. Når National Geographic skriv at ei strand er verdas venaste, kjem så mange at ho etter kvart ikkje er det lenger. Kva politikar vågar å snu ei utvikling som på lang sikt bergar lokale arbeidsplassar, men som råkar dei på kort sikt? I 2014 rydda Thailands militærstyre dei kommersialiserte strendene i Phuket, og på Boracay tok i fjor den filippinske presidenten Rodrigo Duterte hardare grep – overgrep, vil somme meina – og stengde øya i eit halvt år. Kvifor? For å kvila korallreva og gje øya ein økologisk pause, for å ta løyva frå hotell og restaurantar utan ordna kloakk og avlaup, for å setja i verk ei landreform og avgrensa talet på årlege gjester, og mest synleg: for å rydja Kvitstranda. Fastbuande som brått vart arbeidslause, fekk ei låg månadstrygd frå styresmaktene.
Atiane
No er Kvitstranda fri for parasollar, solsenger, seljarar og uteservering som fylte ho sist eg var her. Som ein Robinson Crusoe kjem eg dit i soloppgangen og ser berre kvit sand og turkis vatn. Borte er motoriserte køyretøy på vatnet, stranda og sandstien: vasscooterar, speedbåtar med fallskjerm, bananbåtar og motorsyklar. Drivstofforbodet er veker unna. I landsbyen vert dei støyande trehjulsmopedane bytte ut med stillegåande elmodellar.
Duterte kom ikkje til den høgtidsame opninga, omtalt verda over, men éin dag høyrest helikopter. Seremonien han kjem til, får nasjonal merksemd. Det vert folksamt kring rådhuset i kommunesenteret Manoc-Manoc – filippinarane elskar dobla namn: nasjonalhelten (og -drinken) heiter Lapu-Lapu, hovudstaden på granneøya heiter Iloilo, og han som sel sjølvisstenger på marknaden, ropar sjølvsagt «selfie-selfie».
Til vitjinga er skilt på daglegvarebutikkar endra til Duterte. Mange vil sjå presidenten. Somme vil sjå han daud òg, så tryggleikstiltaka er strenge og SWAT-styrkane tel mange. Etter å ha gjeve frå meg kulepennen av stål slepp eg gjennom sperringane.
Før presidenten talar, får me sjå tradisjonell dans av dei som fyrst kom til Boracay, før filippinarane og spanjolane, før japanarane, som i 1940-åra nytta øya som militær lufthamn, før hippiane i 1970-åra og backpackerane i 1990-åra, før koreanarane som har dominert dei siste åra, og kinesarane som vert fleire for kvar vinter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.