JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

På tomannshandFeature

Lengsel etter herlegdom

TRONDHEIM: Den nye katolske biskopen i Trondheim, Erik Varden, utfordrar kyrkja til å finne nye uttrykk. Sjølv peiker han på erfaringa av lengsel når han skal seie kva mennesket er.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erik Varden då han vart utnemnd til katolsk biskop-prelat 6. november i fjor.

Foto: Kristin Svorte

10519
20201106

Bakgrunn

Biskop Erik Varden O.C.S.O

46 år gammal

Frå Degernes i Østfold

Cisterciensarmunk og tidlegare abbed ved trappistklosteret Mount Saint Bernard Abbey i England

Vigsla til katolsk biskop i Trondheim 3. oktober 2020

eivor.oftestad@inn.no

Kva er eit menneske, Erik Varden?

– Det kallar eg rett på sak! Det å vere menneske er å vere støv med lengsel etter herlegdom.

– Det var eit særs poetisk svar?

– Ja, eit teologisk svar, på sitt beste, er poetisk. For dei elementa som bur i mennesket, er motstridande, og ei teologisk forklaring av det å vere menneske må samanfatte motsetningar.

Erik Varden er den nye katolske biskopen i Trondheim. Han voks opp i Degernes i Østfold, studerte i Cambridge og vart etter kvart katolikk og munk i den nær tusen år gamle cisterciensarordenen. Dei siste åra har han vore abbed ved trappistklosteret Mount Saint Bernard i England, der dei ber og arbeider. Blant anna bryggjar dei ølet Tynt Meadow som du får kjøpt på spesialpol i Noreg. I tillegg skriv han bøker som syner at han har både den klassiske og den kristne tradisjonen under huda. Den siste boka hans, Lengsel er mitt vesen, er omsett til ti språk.

Om nokon må Varden vere den som kan tenkje høgt om korleis kristendomen, ein to tusen år gamal religion, kan kommunisere inn i ei moderne tid. Difor tok eg toget over Dovre og trefte Varden i det nøysame, men stilige husværet han disponerer som biskop i Nidaros. Vi drakk røykt te på engelsk vis. Utanfor vindauget låg Nidelva og regntunge åsar. Det vart ein samtale om kyrkjespråket og om lengslane menneska ber på.

– Du har sagt at kristendomen kan synast like utdatert som Sovjetregimets slagord. Meiner du at det kristne språket har gått ut på dato?

– Det er ikkje språket, men ei uttrykksform som er utdatert. I seg sjølv er det kristne språket særs relevant, rikt og aktuelt. Men slik eg ser det no, har eit tradisjonelt kriste ordforråd mista meining. Og det ser eg på som ein stor fordel.

– Fordel? Det må du utdjupe…

– Det er altfor lett å bruke gedigne ord utan å tenkje på kva dei betyr.

Det Erik Varden tenkjer på, er dei heilt grunnleggjande kristne orda som nåde, synd og frelse. Folk veit ikkje lenger kva desse omgrepa tyder.

– Vi må oppdage bodskapen og orda på nytt. Det same gjeld kanskje alle idealistiske samanhengar. Ord som demokrati, likeverd, nestekjærleik – det vert så lett berre slagord ein nyttar – ja, nett for å slå andre med. Orda er tiltalande, men dei endar i eit rungande tomt ekko.

– Og folk sit i kyrkjebenkane og geispar, og nokre puggar salmevers medan presten preikar. Korleis kan kyrkja nå fram med bodskapen sin viss orda er tomme? Kvar går vegen vidare?

– Vegen vidare for kyrkja handlar om å ha mot og å vere audmjuk nok til å tenkje alt om att frå byrjinga av.

– Det er radikalt.

– Ja, eg meiner det ligg ei forplikting på dei kristne. Vi må freiste å snakke om dei enorme verdiane, måla, og dei store forklaringane som ligg i den kristne openberringa og den kristne arven utan at det vert banalt, seier Varden og forklarar korleis han meiner at erklærte ateistar ofte har rett. Dei fornektar Gud, men det dei fornektar, er ei førestilling om Gud som er så redusert at ho vert absurd. Vi lyt snakke om Gud på nye måtar.

Sjølv har Varden vore oppteken av å gå tilbake til røtene, og han hentar døme, bilete og språk frå kristendomens eldste historie.

– Ofte nemner du kyrkjefedrane, altså dei teologane som verka i dei seks fyrste hundreåra. Kva var det dei hadde som vi ikkje har i dag?

– Eg trur dei hadde akkurat det same som det vi har. Svaret er ikkje at dei hadde noko meir. Kyrkjefedrane er tvert om viktige fordi det er så mykje i deira tid som liknar på vår. Dei levde i ei tid då dei berande strukturane kollapsa. Folk flytta på seg enormt, mange var engstelege, og mange levde med eit verdssyn der dei trudde dei var fanga som i ein spindelvev. Sosial mobilitet var mest ikkje tenkjeleg.

– Kristendomen i denne perioden var framleis veldig marginal, du tenkjer på tida før kristendomen vart majoritetsreligion?

– Ja, og kyrkjefedrane er viktige for oss nett fordi dei – som kyrkja i dag – måtte kommunisere med ei verd som ikkje delte føresetnadene deira. Men det vi har gjort i Europa dei siste hundreåra, er å gjenta den same forteljinga og dei same orda og rekne med at alle framleis forstår.

– Det er fleire år sidan eg slutta å verte overraska over at studentane mine korkje visste kva den miskunnsame samaritanen eller den bortkomne sonen tyder.

– Det er eit kulturelt nederlag same kva ein trur eller ikkje trur på. Det burde fylle oss med djup skam, og det gjeld i like stor grad dersom folk ikkje lenger kjenner verk som Terje Vigen og Brand. Det er sørgjeleg, for dersom den historiske resonansbotnen vantar, så vert ein framand for heile kulturarven vår.

– I eit intervju sa du at det å vere kristen fyrst og fremst er å hugse. Det har med historie å gjere, kva meinte du med det?

– Kristendommen er jo ein historisk religion. Han baserer seg på noko som faktisk skjedde. I den forstand er det å vere ein kristen å hugse, og kyrkja tilbyr ei tenking omkring det å minnast. Gudstenesta er på sett og vis eit einaste stort minne om at Gud vart menneske, men også av alt som gjekk føre seg, og alt som kom etterpå. Det å hugse handlar om å innlemme historia i notida, å leve i ein samanheng.

– Men kyrkja bør vel ikkje berre vere tilbakeskodande. Har det kristne synet på verda og mennesket noko i aktuelle samfunnsdebattar å gjere?

– Eg er overtydd om at den kristne tradisjonen har mykje å komme med. Men nettopp fordi vi ikkje har eit samlande kulturgods, verkar det på meg som at ofte – og dette seier eg allment, ikkje om norsk debatt – når kyrkja kjem med prinsipielle utsegner i samband med aktuelle samfunnsdebattar, så står dei som eit knippe pudlar i band og bjeffar mot ein kortesje av gravemaskinar som køyrer forbi. For meg er det heilt vesentleg at vi har meir å kome med enn berre bjeff.

– Kva kan det vere?

– Det viktigaste vi kan gjere no, er å finne nye uttrykk som gjer at folk skjønar bodskapen.

I staden for å proklamere sublime svar på spørsmål ingen stiller, meiner Varden at kyrkja i større grad må formulere bodskapen sin ut frå dei spørsmåla og lengslane som menneska har i dag.

– Eg tenkjer ikkje fyrst og fremst i polemisk debatt, men meir som i ein vekselsong med samtida, som for å utdjupe ein resonans. Det er den slags uttrykk eg tenkjer på når eg seier at kyrkja må finne nye uttrykk.

– I Noreg har det kristne språket handla mykje om synd, soning og frelse. Er ikkje dette kjernen i kristendomen?

– Den kjende dominikanarpateren Hallvard Rieber-Mohn spøkte ein gong med at i Noreg skulle den fyrste trusartikkelen, den som startar med «Eg trur på Gud», vore formulert annleis. Her hjå oss skulle den første artikkelen vere «Eg trur på synd», sa han. Men nei, altså – det vanskelege problemet er jo døden, ikkje synda. Mennesket er skapt med ein lengsel etter eit liv utan grenser, men lever i skuggen av døden som fortonar seg som ei utsletting. Den grunnleggjande spenninga er mellom liv og død. Her er spenninga mellom synd og frelse berre eitt aspekt. Dette er ikkje noko eg sit her og finn på, det er ei overtyding vi møter i tidleg kristen forkynning.

I samtalen kjem Varden stadig tilbake til lengsel. Då eg las den nyaste boka hans på toget over Dovrefjell, tenkte eg at ho treffer noko viktig. Ho treffer eit av dei spørsmåla som er brennande i vår tid, nemleg kva det vil seie å vere eit menneske. I dag vert dette spørsmålet sett på spissen, ikkje minst i debattar som gjeld byrjinga og slutten på livet. Slike debattar endar ofte i tomme slagord, medan den tendensen som har vind i segla, er å tenkje på mennesket som eit avansert dyr og vekte livet som liding eller velvære, det vi kallar for utilitarisme.

Eg lurer på korleis kyrkja kan møte utfordringa frå dette moderne menneskesynet. Her vil Varden peike på erfaring. Han meiner at der radikal utilitarisme føreset at menneskelivet ikkje har ei ibuande meining eller eit siktemål, der vil erfaringa av lengsel peike mot eit djupare sjikt.

– Lengselen seier noko om grensene for ein moderne tenkjemåte som baserer seg på kva mennesket attrår, seier Varden.

– Mi erfaring er at ein kan følgje behova sine, tilfredsstille attråa si og det som fører til velvære, slik utilitarismen vil, men likevel oppleve ein knusande frustrasjon over at ein ikkje finn fram til den indre freden og den tryggleiken ein søkjer. I den opplevinga der, i det å ikkje verte tilfredsstilt, er det noko i meg som opnar for ein lengsel. Eg trur at eit av dei vesentlege spørsmåla ein kan stille eit nedslått og deprimert menneske, er: Kva lengtar du etter?

– Då snakkar du om lengsel som noko anna, eller noko meir, enn behov og attrå?

– Ja, attrå går ut frå det eg har lyst på, medan lengselen er noko eg opplever som ein klangbotn i meg sjølv frå ei røyst som kjem ein annan stad frå. Lengsel dreg i meg frå motsett retning. Vi ser det i omgrepet heimlengsel. Ein har ikkje heimlengsel når ein er heime.

– Sjølv har du fortalt at det var musikken, faktisk Gustav Mahlers symfoni nr. 2, som ein gong sette deg på sporet av lengselen og trua då du var tenåring. Det er kunstens oppgåve å minne mennesket på at det har ei sjel, sa du til meg ein gong. Er det kunsten – litteraturen, musikken og venleiken – som får oss på sporet av lengselen?

– Ja, kunsten er så viktig, altså reell kunst, fordi han rører seg nett i grenseområdet mellom attrå og lengsel. Når lengselen vert ei reell erfaring, inneber det at eg treng noko meir enn berre meg sjølv for å finne den fylden eg lengtar etter. Med andre ord, at meininga og venleiken i livet peikar mot noko som går utover meg sjølv, det vi kallar transcendens.

– Du har nett gått frå eit tilbaketrekt, kanskje vi kan seie poetisk, liv i kloster til ein posisjon i ein prosaisk og hierarkisk institusjon. Kan verkeleg ei institusjonalisert hierarkisk kyrkje svare på dei lengslane menneska har?

– Kyrkja kan ikkje svare på lengslane i kraft av det å vere ein institusjon, men nettopp ved å bere lengselen formidle ei oppgåve og eit kall som kjem utanfrå oss sjølve. Det vil eg nesten seie er eit kriterium for å vere kyrkje.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis