JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

På tomannshandFeature

Ein bit av Borgny Svalastog

Kroppen heng så vidt saman, men kunsten til Borgny Svalastog (79) verkar endelaus.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kunstnar Borgny Svalastog har sterk medkjensle med folk som lir.

Foto: Silje Pileberg

13209
20220617

Borgny Svalastog

Fødd i 1943 i Nesset i Romsdal

Tar del i utstillinga Jeg kaller det kunst på Nasjonalmuseet i Oslo. Her viser ho installasjonen «Draumkvedet», der hennar eiga historie møter historia til Olav Åsteson, hovudpersonen i det episke mellomalderdiktet «Draumkvedet». Delar av mellomalderdiktet blir presentert i ti broderi, og Svalastogs eiga historie kjem fram i to broderte stolpar.

redaksjonen@dagogtid.no

I 2004 kom enkelte biskopar med nokre utsegner om skeive som Borgny Svalastog ikkje likte. Då var det greitt å vere den største kyrkjekunstnaren i Noreg. Svalastog hadde nettopp sydd ferdig reisebispekåpa til agderbiskop Olav Skjevesland. Ho tok kåpa tilbake og sydde regnbogefargane på innsida.

– Det kosta meg 10.000 kroner og mykje arbeid, men eg er ikkje så nøye på det. Viss det er noko eg vil, så…

Kunstnaren møter meg utanfor huset sitt på Lillehammer; ho har hinka seg opp på vegen med krykka si. Her har ho budd i over 30 år i ei gamal, påbygd tømmerstove. Det er ikkje første gongen vi snakkar saman. Vi har hatt fleire samtalar på telefon. I den første fortalde ho meg at interessa for kunsten hennar er ekstra stor no.

– No trur alle at eg døyr snart, så då slåst dei om materialet mitt.

Ikkje berre kyrkjekunst

Det er ikkje noko nytt at ho snart kan døy. Helsa har vore tander heile livet. Men kven skulle tru det, når dei ser kunsten hennar?

50 kyrkjer har ho utsmykka med tekstilar og monotypiar, altså grafiske trykk som vert trykte i berre eitt eksemplar. Men det er ikkje alt. I pilegrimsbyen Santiago de Compostela stilte ho ut eit tonn med glassko, som i dag heng i Gulset kirke i Skien. Elles har vi Maihaugen, Sørlandets Kunstmuseum, den tyske Meissen-katedralen… Lista er lang. Laurdag 11. juni opna Nasjonalmuseets Jeg kaller det kunst, der Svalastog har fått 125 kvadratmeter.

Men ho har aldri hatt ein plan med kunsten sin, fortel ho.

– Det å vere vellukka er for meg at du klarer å avslutte det du held på med… Kom inn!

Vi har sett oss ved kjøkkenbordet, snakka ei lita stund, Svalastog har skjenkt kaffi. No kjem det ein mann inn døra.

– Nei, det der med måtehald og mot, at eg har mot til å ha måtehald i forhold til arbeidet, eller at eg… Nei, no vart det tull. Eg ser, og eg føler, og så går eg inn i det.

– De gløymer å drikke kaffi, ser eg, ler mannen.

– Det der er Ragnar, seier Svalastog.

Den pensjonerte prosten er ein av Svalastogs mange vener og hjelparar. Han kjem på slaget tolv for å ta oss med på ein køyretur, vi skal sjå på kunsten til Svalastog i Lillehammer-området. Programmet har Svalastog sydd saman.

– Det åndelege er jo der, held ho fram.

– Men målet ligg alltid i det konkrete: å klare dagen. Hjelp meg, du som har vore prost… Ein vet aldri kva det skal bli. Men når eg først har bestemt meg, så blir det jo det, da.

– Det blir til undervegs, seier Ragnar.

På ein annan måte

Borgny Svalastog hadde ingen plan om å bli kunstnar. Då ho voks opp i Nesset i Romsdalen, såg ho føre seg at ho kunne ha eit lite kvistrom oppe i lia og ta livet med ro.

Ho var kjøpmannsdotter, hadde seks søsken og lærte seg tidleg å rekne, springe ærend og hjelpe til. Ikkje fordi ho måtte.

– Eg likte å vere der far var, seier ho.

Familien trudde på Gud, men det var ikkje syndene dei snakka om. Svalastog hugsar at ho i femårsalderen fekk eit kristusbilete av ei kvinne i bygda, der «det stod om synd og skam og skuld» på baksida. Då ho spurde mora kva som stod der, svarte ho: «Det står berre at Jesus elskar deg.»

Då Svalastog var tolv år, flytta familien til Skien. Også der dreiv dei butikk. Ein gong ho fekk styre butikken, gjorde ho feil og selde te og krydder for kilopris i staden for hektopris, altså til ein tiandedel av prisen. Nokon av kundane oppsøkte faren og viste henne alt dei hadde fått. Men ho fekk ikkje skjenn.

– Eg var ei følsam jente, men alle rundt meg støtta meg, fortel ho.

Ho hadde også dysleksi. Likevel las ho juleevangeliet høgt på juletrefest då ho var ti år, framfor heile bygda.

– Eg lærte det utanåt. Alt som var vanskeleg, gjorde eg på ein annan måte. Eg vart sterk på ein annan måte.

Gode hjelparar

Eit råd ho fekk frå far sin, har fått bu i henne heile livet: Dette får du til. Du må berre bestemme deg, og ta ansvar for det du har tatt på deg. Alt det praktiske kan du få hjelp til.

Sjølv om Svalastog trivst best for seg sjølv, med broderiet i fanget, får eg i løpet av dagen på Lillehammer helse på ei rekkje andre som på ein eller annan måte har noko med arbeidet hennar å gjere: nokre på telefon, andre heime i huset og atter andre med nøklar til utsmykkingar og utstillingar.

Barnebarnet Tarjei, som er arkitekt og jobbar saman med henne, seier det slik: «Eg trur at alle opplever at å hjelpe henne kostar veldig mykje og gir enda meir. Dei som toler å stå i det når det buldrar, får mykje igjen.»

Og nettopp dette er eit av Svalastogs fascinerande trekk: motsetnadene. Ho buldrar og brakar, men har ein krutsterk empati. Og medan kaos rår i ordflaumen, kan du feste blikket på det største tekstilverket og finne at alt er komplett, ned til den minste femkantstjerne; eit symbol ho ofte nyttar.

Til dømes er det slike stjerner som dekorerer heile kunstverket «Havet», ein 1,6 tonn tung figur av rustfritt stål som står utstilt ved heimen til diktaren Bjørnstjerne Bjørnson på Aulestad. Femkantstjerna dannar også grunnmønsteret – så smått at du nesten ikkje ser det – på tekstilverket «Måneskinnskåpen». Også det er på Aulestad. Svalastog viser fram begge delar etter ein liten køyretur.

– Ingen av stjernene rører ved kvarandre. Alle er ulike, alle får lov til å vere individ og del av fellesskapet. Vi er eitt folk, med fem fingrar, fem tær og fem sansar, seier ho.

Regnbogens fargar

Det var slike tankar som gjorde at Svalastog vart forarga av homofilidebatten i Den norske kyrkja. Heilt sidan 1960-talet hadde ho lurt på kva som var gale med å vere homofil, og no sydde ho inn regnbogefargane i reisebispekåpa.

– I 2004 hadde vi framleis ei statskyrkje i Noreg. Ei slik kyrkje må ha ei tydeleg haldning til mangfaldsverdien og følgje norsk lov, der alle er inkluderte.

Det spirituelle er ikkje dekkande nok, ein må ta det spirituelle og gjere det om, meiner ho.

– Eg har alltid gjort det. Eg har alltid vore ein organisk truande.

I eitt tilfelle, det var rundt juletider for ein god del år sidan, gjekk det opp for henne at det ikkje var Jesu fødsel dei vaksne barna hennar kom heim for å feire. Det var julestemninga, som ho sjølv skapte, ved å vaske og bake og klargjere. Nokre månader etter skapte ho overskrifter då ho stilte ut tørkestativet og juledukane sine på Høstutstillingen i Oslo med tittelen «Maria og barnet».

– Det eg gjer, er at eg tar det religiøse i det kvardagslege og omset det til politiske spørsmål.

Krigen på trappa

Vi er tilbake ved kjøkkenbordet, eller denne gongen stovebordet, der Svalastog har tent eit lys og lagt ut ti–femten bøker som journalisten kan lese i og fotografere.

Vi har besøkt Aulestad, Maihaugen, Lillehammer kyrkje og Lillehammer bibliotek, men vi må berre hoppe over enkelte ting. Vit det, du som framleis heng med, at det er umogleg å få med heile Borgny Svalastog i éin tekst.

No vågar eg meg inn på det eg eigentleg var tenkt å spørje om ved kjøkkenbordet heilt i starten, men som Svalastog meinte at vi måtte ta medan vi snakka om Bjørnson: krigen i Ukraina.

For på telefon har Svalastog fortalt korleis ho opplevde det 24. februar 2022: «Eg fekk krigen på trappa. Eg klarte ikkje å røre på meg», sa ho. Ho fortalde om det gamle ekteparet som var så glade i heimen sin – no var han borte. Ho fortalde om barn på flukt som likna på hennar eigne barnebarn. Ho gret om kveldane, sa ho.

Og alt dette, skal vi no forstå, heng saman med Bjørnstjerne Bjørnson. For i 1889 skreiv han historia «Et styggt barndomsminne» om eit av sine eigne minne som sjuåring. Svalastog har streka under nesten kvar einaste linje i teksten ho viser fram, mellom anna: «En ung, vakker gutt, godt voksen, finlemmet og heller liten, med mørkt, ikke stærkt hår, med tiltalende øyne (…), jeg fik så ondt av ham, at jeg kan ikke sige det.»

Guten var uskyldig, men han skulle halshoggast på grunn av eit brotsverk mora hadde gjort. Dagen etter at vi snakkar saman, skal Svalastog avduke eit kunstverk på Lillehammer bibliotek som er inspirert av denne historia.

Løgn alle stader

– Det er det same som skjer i Ukraina som med halshogginga til Bjørnson. Det vonde er så grufullt, og det er vi som er ansvarlege.

Råskapen blir dekt til av ord og politikk, meiner ho.

– Og så aggresjonen til Putin, som då liksom skal… og USA, dei seier at vi kunne ha vunne den krigen. Korleis kan dei finne på å bruke ordet «vi» på den måten? Det er enkeltmenneske som lir og er i fare. Det er så mykje løgn alle stader.

Ho er også sint på den russisk-ortodokse kyrkja, som har støtta Putins invasjon.

– Kva er det dei gjev seg sjølve lov til? Skal dei frårøve oss alt vi har? Det er heilt uakseptabelt. Vi må få lov til å ha trua vår, så vi kan håpe at det finst kjærleik ein stad.

Under Balkan-krigen på 1990-talet laga Svalastog ei utstilling i Bergen Kunstforening med tittelen Requiem: ein stor vegg i raudt med fleire mindre monotypiar som låg framfor han, som gravstøtter. Ho trur ikkje at ho vil lage kunst om krigen i Ukraina.

– Eg kan ikkje lage kunst om det.

Skisser i senga

Det var først i trettiåra at Svalastog begynte på det arbeidet som skulle ta henne til kunsten. Ho gifta seg i ung alder, fekk tre barn, og etter å ha vore sjuk vart ho plassert på husflidskule på halv tid som attføring. Der begynte talentet å vise seg. Etter kvart fekk ho hjelp til å utvikle det.

Sidan har ho stort sett jobba – i ulike land og ulike byar, og dei siste femti åra på Lillehammer. Ektemannen Sondre, som døydde for ti år sidan, sa at ho brukte senga som kontor.

– Eg fekk ikkje sove om natta, og då teikna eg skisser. Eg kunne ikkje brodere digre kåper i senga, ikkje når han låg ved sida av, ler ho.

Om prøvelsar

Svalastog har fått sin del av kroppslege plager. Det er ikkje alltid ho klarer å vere den ho ønskjer. Kanskje er dette ein av grunnane til at ho blir så sterkt gripen av historia om Kristin Lavransdatter.

Ho løftar opp siste boka i trilogien og les høgt om Kristin – kvinna som bergar ein liten gut frå å bli gravlagd levande. Forfattar Sigrid Undset har skapt ein edel karakter, men når krigen rammar nokre år seinare, kjem Undset med sterke rasistiske ytringar om tyskarane.

– Vi veit aldri når prøvelsane blir så store at vi må gje opp. Vi veit ikkje når vi kjem dit at vi ber nokon halde kjeft, som vi skulle ha vore hyggjelege mot. For smerta er så stor, du klarer ikkje meir i dag, seier Svalastog.

Men ho er praktisk av seg.

– Om du har bestemt deg for å vere her på jorda, får du stå opp kvar dag, då, med dei hendene og føtene og kjenslene du har. Det er lite du kan låne av naboen der.

Heile tida handlar det om det ho fekk prenta inn i barndommen: at ein må ha ein vilje. Svalastog har også eit anna ord for det, nemleg eit korsett.

– Å bli gamal handlar ikkje om korleis ein har det, men om å handtere dei sjukdomane og plagene ein får. Etter kvart må ein ha eit langt strammare korsett, som gjer at ein klarer å vere her. Ein må vere ein del av fellesskapet, og ein må inkludere dei som er her.

Ein må tole livet, det lærte ho av far sin.

– Det eksistensielle, det som gjeld liv og død, får ein ikkje gjort noko med. Men det praktiske kan ein alltid få hjelp til.

Tru, håp og kjærleik

Eg merkar at Svalastog er sliten. Det har vore ein lang dag. No sit ho ved stovebordet med alle bøkene framfor seg og pratar framleis. Ho kallar seg sjølv ein drøvtyggjar: Ho les og les, heilt til ho forstår det og kan gulpe det opp att.

Med bakgrunn i det folk som Sigrid Undset, Bjørnstjerne Bjørnson og Dante Alighieri har tenkt før henne, gjer ho sine refleksjonar. Så lagar ho eigne uttrykk, annleis enn alt anna.

På Nasjonalmuseets utstilling tar ho utgangspunkt i mellomalderdiktet «Draumkvedet». Men ho trekkjer i mange trådar, mellom anna til eige liv: På to broderte stoffstolpar finn ein bitar av Svalastogs historie, i det siste biletet er ho saman med Sondre, mannen sin.

– Han møter meg i himmelen, med linjal og greier, for han har målt opp rommet mitt. I min Faders hus er det mange rom, og eg får mitt eige, for alle er individuelle i paradis.

Den dagen ho døyr, håper ho at ho – akkurat som Dante Alighieri i diktverket Den guddommelige komedie – skal ha forsona seg med livet sitt, slik at ho berre ser det vakre. Då vil ho vere klar til å møte himmelens stjerner.

Midt i alle motsetnadene er det nemleg kjærleiken som er livsprinsippet hennar. Men trua og håpet, dei er der, dei òg.

– Trua skaper håpet. Og å håpe er den tyngste sigeren eit menneske kan vinne over seg sjølv, for når du håper, tar du ein risiko. Lengselen etter paradis nektar å døy som eit jordisk håp for meg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Om du har bestemt deg for å vere her på jorda, får du stå opp kvar dag, då, med dei hendene og føtene og kjenslene du har.

– Alt som var vanskeleg, gjorde eg på ein annan måte. Eg vart sterk på ein annan måte.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis