JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

På tomannshandFeature

– Likskap er berre eit verktøy

Per Olav Olsen er ein av få norske klassisk figurative målarar. Kor går vegen frå slåstkampar i Verdal til kunstakademiet i Firenze i Italia?

Per Olav Olsen: «Meditatum I», 45 x 60. Teknikk: Grafitt og kvit pastell på handtinta akvarell­papir. Utført etter levande modell.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12676
20230519

Per Olav Olsen

Biletmålar og kurshaldar

Fødd i 1980 i Trondheim

Uteksaminert frå Advanced Painting-linja ved The Florence Academy of Art i Firenze i 2005

I dag busett i Stavanger

Instagram: perolavolsenstudio

redaksjonen@dagogtid.no

Med rutete skjorte og sikspens minner Per Olav Olsen meir om ein røsleg slaktar frå mellomkrigstida enn ein kunstmålar. Han dumpar ned i ein lenestol i Stavanger og opnar med å fortelje om oppveksten i Trøndelag. Frå 1970-talet såg Verdal kommune starten på eit enormt industrieventyr, men ein kan trygt seie at medaljen hadde ei bakside.

– Eg tilhøyrer det kullet med ungdommar som stort sett var barn av tilflyttarar. Berre i mi bygd, Verdalsøra, tredobla innbyggartalet seg på få år. På denne tida kunne det komme store kontraktar, og så var det bråstopp ein periode. Dette gav ustabil inntekt, til- og fråflytting og rusproblematikk, og ungdommane gjekk vel litt på laust. Sjølv vaks eg opp i ein trygg og god heim, men mange hadde det tøft.

Den nye guten

Olsen fortel om ei skuletid prega av mykje slåsting og mobbing og lærarar som gjorde sitt beste, men som i stor grad lèt elevane ordne opp seg imellom. Olsen lener seg fram, og eit drag over andletet vitnar om at desse minna framleis er levande.

– Dei som var så uheldige å stikke seg ut på ein eller annan måte, fekk særleg gjennomgå. Det var heilt klart andre som stakk seg meir ut enn meg, men på eit tidspunkt var eg «den nye guten». På den tida var eg ni år og fekk ein periode jamleg gjennomgå med juling på vegen heim. Eg endra meg mykje på den tida. Eg gjekk frå å vere ein trygg og glad gut til å bli ei målskive.

Etter kvart gjorde Olsen motstand. Han innsåg at det var eit punkt der dialog ikkje lenger fungerte.

­­– Eg aksepterte ikkje den behandlinga. Eg slo tilbake. Det var det einaste som var igjen av utvegar.

Utan retning

Olsen vil få fram at det også var mykje positivt i Verdal. Den eine tingen han hadde likt på skulen, var formingsfag. Alt i barneskulealder fekk han anerkjenning for teikningane sine frå lærarar og rektor.

– Så du hadde tidleg eit talent for teikning?

– Ja, eg vil kanskje påstå det. I musikktimane sat eg stort sett og teikna. Bakarst i musikkbøkene fann eg oljemåleri av dei store komponistane gjengjevne i svartkvitt. Eg kopierte heile gjengen: Mozart, Beethoven og Grieg. Rektor, som også var musikklærar, sette Grieg-teikninga mi i glas og ramme og hengde ho opp på musikkrommet. Til og med dei eg slost med, skrytte av teikningane mine.

Mykje kan skje når ein ikkje har ei klar retning. Det kom seglande eit tilbod om å starte på hotell- og næringsmiddelfag i Leksvika, men då blånekta mor til Olsen.

– «Du ska itj til Leksvika», sa ho, og meinte at det ville bli drepen for meg.

Løysinga blei folkehøgskule.

– Etter ni års grunnskule var eg ganske skadeskoten, og kunstlinja på Namdals folkehøgskole i Grong blei redninga for meg. Det høyrest sikkert litt korny ut, men på denne skulen fann eg meg sjølv. På eit vis måtte eg lære meg å handtere folk på ny. Då eg kom, hadde eg jo alle klørne ute, med ei sjølvkjensle på kjellarnivå.

Han fortel at han med åra hadde blitt ganske effektiv til å forsvare seg sjølv fysisk.

– Om nokon såg litt skeivt på meg, så var det berre å slå dei ned. Eg stolte ikkje lenger på folk. Eg følte at den einaste som var på mi side, var meg. På folkehøgskulen lærte eg fort at folk ikkje var ute etter meg heile tida. Gode medelevar og vakne lærarar gjorde at eg på eit vis var friskmeld då eg drog vidare. Dette vendepunktet er årsaka til at eg sit her i dag.

Regndans og Strax-måling

Vegen vidare var ikkje heilt som Olsen såg for seg. Han kom inn på formingslinja på vidaregåande, men blei sittande og teikne geometriske figurar samen med frisørane. Etter eitt år hoppa han av, søkte på Kunstskolen i Bergen og kom inn. Heller ikkje her gjekk det som han håpa. Den figurative stilen fascinerte Olsen, og han var klar for å lære å måle. Raskt fekk han høyre at flink var det lett å bli, men her handla det om å vere nyskapande.

– Eg gleda meg til dømes veldig til den dagen me endeleg skulle teikne akt, men då eg troppa opp, skjønte eg fort at her var det noko rart. Alle staffelia stod vende mot veggane. Aktmodellen kom inn, kasta slåbroken og tok opp ei tromme. Han starta ein slags regndans medan han kauka. På staffelia hadde me flippover og på golvet bøtter med Strax-måling i primærfargane. Då var det berre å stå med ryggen til aktmodellen og utrykkje det ein følte.

Olsen ler høgt og hjarteleg, før han understrekar at han ikkje har noko vondt å seie om Kunstskolen i Bergen, anna enn at det var galskap for han.

Avisa i peisen

Olsen flytta heim utan ein framtidsplan. Hausten kom, og temperaturen sank. Ein dag sat han i stova. Faren krølla samen ei avis for å tenne i peisen, men eit foto fanga merksemda. Han bretta ut att avisa og fann annonsen for ein privat kunstskule i Steinkjer. Dette var starten på det klassiske studiet hos Torhild Ramberg. Olsen knipsar i fingeren.

– Og der kjem linken til Firenze. Ramberg hadde sjølv studert i Firenze og gav meg det grunnlaget eg trong for å komme inn på Florence Academy of Art tre år seinare.

Kroppsarbeidarar

– Mange ser for seg at klassisk-figurative kunstnarar kjem frå ein heim full av kunst, bøker og eit svært flygel midt på stovegolvet. Kva med deg?

– Eg vaks opp med gode kjerneverdiar og null kultur. Som gutunge hadde eg mykje fantasi. Ein gong tok morfar meg med på Trondheim kunstmuseum. Her såg eg nasjonalromantikarane og blei svært fascinert. Du kan seie at eg primært nedstammar frå ein gjeng med sjøfolk og kroppsarbeidarar, men eg har lært nyttige ting som arbeidsmoral og det å vere nøyaktig.

Når Olsen får spørsmålet om kva eigenskap som har vore viktigast i livet som kunstnar, kjem svaret raskt.

– Eg er motstandsdyktig. Eg har aldri oppnådd noko gratis, og eg har aldri motteke noka form for støtte. Evna til å bite tennene saman og jobbe tolmodig mot eit mål ein ikkje heilt veit kva er, har vore avgjerande. Eg har nervar av stål. Dette er min viktigaste eigenskap.

Den menneskelege natur

– Kva liker du best med livet som kunstnar?

– Det er prosessen. Det er som ein konstant konkurranse eg har med meg sjølv. Kor langt kan eg komme denne gongen? Arbeidet mot eit mål som ein trur på, tek ein igjennom heile kurva frå toppen av verda og ned i kjellaren. På mange måtar er det ein privat prosess. Når eg sjølv er fornøgd, er det interessant å vise fram bileta på utstillingar, men det er den anerkjenninga eg får av kollegaer, som betyr mest.

Olsen fortel at han liker best å måle menneske. Han startar med ein visjon, men ikkje sjeldan dukkar det opp alternativ som er betre enn den opphavlege planen, undervegs.

– Den menneskelege naturen interesserer meg. Eg har gjerne ein spesifikk idé til ei scene og ei historie som skal bli fortald når eg bookar ein modell. Vidare har modellen med seg sin personlegdom, sitt kroppsspråk og si kroppshaldning. Viss eg er sta og tviheld på å gjennomføre min eigen visjon, må eg som regel gi opp halvvegs. Eg har lært meg å planleggje alt i detalj, til dømes når det handlar om lyssetting, men så vere open for endringar. Modellen må på eit vis søkke inn i ein posisjon som er naturleg og stabil. Eg kan ikkje vere heilt rigid og prøve å rette på modellen. Eg vil heller leite etter det modellen kan bidra med for å auke kvaliteten på det ferdige verket.

– Kva kjenneteiknar dei verka som du er mest fornøgd med?

– Eg synest det er artig viss eg med femten strok kan få fram kven det er som står framfor meg. Då veit eg at eg har fanga essensen. Starten er avgjerande. Om eg ikkje finn dette relativt raskt, så kjempar eg mot noko gjennom resten av prosessen.

Olsen knakkar i bordet for å illustrere augneblikket der han berre veit at han har fått på plass dette litt ubeskrivelege, som handlar om mykje meir enn likskap.

– Det er augeblikket der eg veit at «Yes! Eg naila det».

– Korleis er det å leve som klassisk figurativ kunstnar i Noreg i dag?

– Ein treng ikkje å vere aleine. Det er eit godt miljø her. Me har jo Nerdrum og gjengen hans. Dei har si eiga retning og haldning og sin eigen estetikk som er beundringsverdig. Samstundes er det viktig å få fram at det finst fleire av oss her i landet. For min del trivst eg best utan ein bestemt doktrine.

Mykje meir enn likskap

– Mange tenkjer vel først og fremst på likskap når det er snakk om figurative måleri?

– Eg vil påstå at klassisk figurativt måleri i svært liten grad handlar om å etterlikne noko nøyaktig. Likskap er berre eit verktøy som du har tilgjengeleg, fordi du kan det. Den høgste forma for realisme oppnår eg når eg klarer å berre ta med akkurat det som skal til for å «fange» personen eg målar. Eg må fjerne alt anna, utanom essensen. Dette handlar like mykje om målestrøka som eg lèt vere å bruke. Eg må bestemme meg for at kvart penselstrøk er viktig, som om eg berre har nokre få strøk tilgjengeleg. Då får eg fram liv og autentisitet.

Olsen knakkar i bordet igjen. Han leiter etter det eine ordet som beskriv dette som han alltid jobbar mot. Det litt vage, som han kjenner når han ser det. Det sublime? X-faktoren? Olsen leiter etter eit spansk ord som er meir nøyaktig. Bordet får eit nytt møte med leddet på langfingeren.

– Eg veit når det skjer. Det same skjer i musikk og litteratur. Det er ikkje lenger intellektuelt, men abstrakt og intuitivt. Felles for kunstnarar eg ser opp til, som Krøyer, Rembrandt, Repin og Velázquez, er at dei treffer kjernen i den menneskelege tilstanden, kan du seie. Enkelte av Rembrandts seine sjølvportrett er som eit slag i mellomgolvet. For meg er eit portrett interessant når det gir eit bilete av korleis vedkommande ser på livet og verda.

Olsen antydar at me no kan risikere at han snakkar i timevis, og kastar eit blikk på klokka. Det nærmar seg tid for jobbing på atelieret, og me må snart runde av.

Per Olav Olsen fortel at han har nervar av stål, og at det er den viktigaste kunnskapen hans.

Foto: Ådne Thomassen

Ein har ansvar sjølv

– Kva motiverer og inspirerer deg mest i kvardagen?

– Ein har ansvar for å skape motivasjon sjølv. Livet går sin gang, opp og ned. Eit liv som kunstnar kan vere økonomisk utfordrande. Det er ein klisjé at lidande kunstnarar lagar bra kunst. Glade kunstnarar lagar bra kunst, meiner eg. Om ein står heilt fast, kan det vere ei løysing å berre starte på noko. Kva som helst. Vel noko du er god på, sånn at du freser opp egoet litt. Då kjem ideane, og ein er klar for utfordringar.

Målet vidare er å etablere seg på ny i Noreg. Dei fire siste åra i Italia jobba Olsen som faglærar og avdelingsansvarleg på The Florence Academy of Art. Like etter returen til Noreg stengde statsministeren ned landet på grunn av pandemien. Ei tid har det handla om å stable på plass privatundervisning, kurs og portrettoppdrag. Vidare er målet å få meir tid til produksjon knytt til eigne idear.

Det ordnar seg

– Eg har eit siste spørsmål, som eg skreiv før du fortalde om ein tøff ungdomstid, Per Olav.

– Ja?

– Kva ville du sagt til Per Olav, 13 år?

Olsen humrar, og tenkjer litt.

– Først og fremst ville eg gitt meg sjølv nokre openberre tips om aksjeinvesteringar. Nei da, skal me sjå... Eg ville sagt: «Ikkje heng sånn med hovudet». Det ville eg hatt mest behov for å høyre den gongen. «Ikkje ver så redd heile tida». Eg var ein engsteleg ungdom og blei først i vaksen alder kvitt det, meir på grunn av flaks enn noko anna. Eg har lært meg å omgi meg med menneske som gir meir enn dei tar. Eg ville sagt: «Ta det med ro. Det ordnar seg.»

Me tek ein tur inn på atelieret. Veggane er draperte med mørke stoff, og vindauga er blenda for å gi full kontroll på lyset. Til venstre heng eit par teikningar av gipshovud. Olsen forklarer at det er elevar som jobbar med desse. Rundt omkring står krukker med penslar i alle former og lengder, staffeli, rullar med papir, glas med kolstiftar, tubar med oljemåling, og midt på golvet ei lita opphøgd scene med ein enkel stol.

Kven ser?

Olsen set lyskastaren på og festar eit kraftig, grovt teiknepapir til staffeliet. Ein ung mann entrar podiet. Dette blir eit portrett med kolstift.

To timar seinare får eg kikke innom og kan alt sjå at han klarer det, Per Olav Olsen, dette som er vanskeleg å setje ord på: å fange personen, få liv i blikket, legge merke til den særeigne kroppshaldninga og sjela, om du vil.

Vegen frå Verdal til Firenze kan verke absurd, men kanskje er det ein styrke i desse motsetningane? Kva er det du ser, når du ser på ei teikning eller eit måleri? Du ser med målaren sitt blikk.

Men korleis hamna eigentleg Per Olav Olsen i Stavanger? Kjærleiken, sjølvsagt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis