Sjakk

På sporet av den tapte tida

Ein stressa Magnus Carlsen i tidsnaud jaga konkurrentane i dei to verdsmeisterskapane i Saudi-Arabia, men føre det 36. og siste partiet kunne ingen ta han att.

Det var eit premiepodium i lynsjakken etter vår smak då Carlsen stod øvst med våre vener Karjakin og Anand på dei to neste plassane.
Det var eit premiepodium i lynsjakken etter vår smak då Carlsen stod øvst med våre vener Karjakin og Anand på dei to neste plassane.
Publisert

Den femte dagen tok Carlsen skjegget og heldt seg unna pressa inntil alt var over. Då skjøna ein kor mykje gullmedaljen tyder for han, og alle var letta då han endeleg tok bladet frå munnen og gav eit intervju som vart fanga opp over heile sjakkverda: «Ein kan ikkje arrangera VM på ein plass der kvalifiserte spelarar frå Israel ikkje får vera med.» Det finst andre etiske problem òg, men dei kvinnelege spelarane fekk om ikkje anna lov å spela utan den vanlege saudiske kledekoden.

Tidtrøyte

Arrangementet gjekk føre seg i ein stor, moderne hall i ørkensanden, ein plass i utkanten av hovudstaden Riyadh. Skulle NRK1 verkeleg sende sjakk i fem lange dagar herfrå? Tankane gjekk til Sølve Grotmol og europameisterskapen i venting i Dortmunder Wartehalle ein gong på 1980-talet. Det hjelpte heller ikkje at den sovjetiske verdsmeisteren Mikhail Botvinnik skal ha sagt: «Eg har òg spela lynsjakk. Det var på eit tog. I 1929.»

Men då turneringa fyrst kom i gang, såg ein kvifor Magnus Carlsen reknar desse to meisterskapane som dei viktigaste turneringane i 2017, eit mellomår føre VM-kampen i klassisk sjakk i november 2018. Sjakk med kort tenkjetid er den nye tidsånda etter at Carlsen vann dobbelsiger i VM i snøggsjakk og lynsjakk i 2014. «Eg skjønar ingenting, men det er jo så spanande», seier folk til meg. Sjakken har tradisjonar attende i 1500 år, medan sjakk-klokka berre er 135 år gamal, men kvifor skal ein ikkje konkurrera i å vera «kjapp i hovudet», spør Carlsen.

Matematikken

Kor stor sjanse er det eigenleg for at favoritten kan vinna båe turneringane, slik det norske TV-publikummet rekna med? Motstandarane er hundre av dei beste spelarane i verda, og somme av dei vil statistisk sett spela over evne. Eg plar ta fram fylgjande reknestykke: Om han har 30 prosent sjanse for siger i snøggsjakk (15 minutt + 10 sekund per trekk) og 1/3 sjanse for siger i lynsjakk (3 minutt + 2 sekund per trekk), der Carlsen har endå høgare rating, har han likevel berre 10 prosent sjanse for dobbelsiger. Det høyrest rart ut, men så brutal er no eingong matematikken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement