Kultur

På skjermoffensiven

Den av dykk som er utan skjerm, kan kasta den fyrste steinen.

Publisert

Eg skal i butikken, og køyrer inn på parkeringsplassen, trykkjer av motoren og går ut av bilen og mot inngangen.

Nei, vent litt. Det er feil, no kjem eg ikkje med heile sanninga. Eg trykkjer av motoren og tek opp telefonen. Det er rundt ti minutt sidan eg såg på han sist, like før eg køyrde heimanfrå. Ingen har ringt, ingen har sendt melding. Eg opnar e-postprogrammet og oppdaterer kjapt. To nye e-brev, Clas Ohlson og Cubus som har medlemsfordelar å melda om. Eg slettar begge utan å opna dei.

Dette gjer eg så fort, det tek berre nokre sekund, eg veit nett kor dei aktuelle appane er plasserte. Chup, chup, chup med tommelen over skjermen, så er eg ferdig.

Fyrst no går eg ut av bilen og mot inngangen. Eg skal henta ein pakke i posten, til sonen min på ti år.

Han skal få sin fyrste mobiltelefon.

Det er med delte kjensler tiåringen får mobiltelefon. Eg har ikkje forskinga på mi side. Ho seier mellom anna at skjermbruk hos skuleborn kan gå ut over konsentrasjonen, hugsen og svevnen. Eg veit dette vert point of no return – ingen veg tilbake.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement