JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

På filosofifestival

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7759
20190913
7759
20190913

Eg har vore på filosofifestival i Kragerø, og den byrja for min del, og for to andre filosofar, torsdag kveld, og temaet for festivalen denne gongen var «lukke», og vi tre skulle samtala på ein kafé, om kva vi tenkte om lukke, og det heile vart litt rølpete, og det var mi skuld, ettersom Anita Leirfall og Ingmar Meland var saklege, i det minste den kvinnelege kantianaren, før ho vart helt svimeslegen av det uregjerlege hovudet mitt. Den andre filosofen byrja med ei historie om mor si og hadde alt teke av, så eg tok berre litt meir av, men det vart morosamt, og publikum skreik av latter, og eg kosa meg, men eg hadde vondt av kantianaren, for eg såg at ho ikkje hadde det bra.

Så eg og Ingmar Meland tulla mykje, og han fortalde ein vits om lukka, som eg syntest var skral, så eg kom med ein annan og betre vits, han var òg på eit vis om lukka, eller mislukka: Det var ein gut som ville tatovere ryggen med bandet han elska, og på ryggen skulle det stå Turboneger, men tatovøren var ein gammal dauv hippie som hadde vore på for mange Rolling Stones-konsertar og røykt for mykje rev, så då han var ferdig og guten fekk sjå eit spegelbilete av ryggen, stod det ikkje Turboneger, men Thorbjørn Egner; publikum skreik av latter, og etter dette vart det meir snakk og etter kvart ex auditorium.

Så var det ein gubbe som tok ordet, og det var syskenbarnet mitt, som eg ikkje hadde sett på mange, mange år, og han syntest eg var litt røff i kjeften, og så vart eg spurd om kvifor eg ikkje ville lesa frå essaysamlinga mi Der hvor vi er lykkelige frå 2000. Men eg hadde ikkje lyst, og eg hugsa ikkje om vi tre, som hadde hatt eit møte lenge før vi skulle i elden, hadde vorte samde om at eg skulle lesa, og så fekk kantianaren eit spørsmål om ho hadde mista styringa på grunn av meg og den andre filosofen, eg trur ho tok det pent, som eg hugsar det, etter det mista eg oversynet, og det heile vart rørete, lukkeleg rørete.

I dei små timane etterpå gjekk somme av oss på ein bar og snakka om filosofikafeen, og eg fekk både skryt og kritikk, og det var nokon som sa mykje pent om kantianaren og at det var ho som heldt det saklege nivået oppe, som eg drog ned, sa eg, og då var det ingen som protesterte.

Før samtalen vår i kafeen var det Kristin Bolstad som heldt eit vakkert og flott musikalsk føredrag, mellom anna med ei filmframsyning av ein av strykekvartettane hennar, komponert til ein kanadisk strykekvartett som er kjend for å spela svært stilt. Bolstad hadde laga ein av dei mest bråkete strykekvartettane eg har høyrt; musikarane gnissa hardhendt på instrumenta, trampa med føtene og skreik for full hals, og på slutten tok dei to fiolinistane til å fekte med bogane.

Dagen etter var det fleire ulike program; det første var for tidleg for meg, då gjekk det ei ferje til Saltneven for å høyra på eit føredrag av Thomas Hylland Eriksen: «Det gode liv i klimaendringenes tid». Eg vart sitjande på hotellrommet og lese tredje band av Den guddommelige komedie, før eg gjekk opp ei forferdeleg trapp; ho var lang og hard, til eit gamalt bedehus; det var for å høyra «Om det gode liv», det skulle vera ein samtale mellom ein filosof og ein psykolog, men filosofen hadde gløymt av dagen, så psykologen vart sitjande åleine og fortelja i éin time om å vera psykolog på ein institusjon i Kristiansand, og han dreiv med gruppeterapi, og han var svært underhaldande, og folk frå Kragerø var flinke til å møta opp, og dei var flinke til å ta ordet under ex auditorium og stilte gode og lærde spørsmål.

Om kvelden var det suppe, brød og vin i eit rom som eg trudde kunne bli ein slags brudesuite, med eigen veranda, men der var det to langbord, ikkje dobbeltseng, stor suppekjele, og dei som skulle eta, var både dei som stod for arrangementet og dei som opptredde; eg kom i samtale med teologen Notto Thelle, og han er ein godt skulert teolog; dagen etter skulle han ha ein samtale med leiaren for buddhistforbundet, Egil Lothe; han var også der, men eg prata mest med teologen; suppa var god og brødet var flott, vinen var heilt grei.

Neste dag ville eg få med meg fleire ting; det var det same bedehuset, men denne gongen gjekk eg rundt, for eg ville høyra på den unge doktorstipendiaten Hilde Vinje og foredraget hennar om Aristoteles, «En svale gjør ingen sommer». Igjen var det tett med folk, og igjen fekk ho mange interessante spørsmål og spesielt om van Gogh og om å vera lukkeleg etter døden. All den stund, meinte ho, han berre selde eitt bilete i heile sitt liv, og det var til broren, men som død selde han mykje, for ho var også oppteken av det å ha levd eit godt liv og siterte eit fyr eg ikkje hugsar, men han brukte dei same orda som den franske forfattaren Montaigne om å ha levd eit godt liv, som ein ikkje burde feire før ein var i grava, sidan ein då kunne sjå at ein hadde levd eit godt liv; deretter snakka ho mykje om den greske historikaren Herodot.

Eg kom på noko eg hadde lese i boka hans, Historie, utan å seia det høgt, det var frå reisa hans til Nord-Afrika, for ved foten av fjellet Atlas møtte han eit folk han kalla «atlantar», og dei ville ikkje eta animalsk føde, og dei drøymde ikkje medan dei sov. Så vart det meir om Aristoteles; under ex auditoriet bad eg om ordet for å spørja henne kvifor Thomas Aquinas var så oppteken av Aristoteles.

Etter at ho var ferdig, var det ein filosof som snakka om «Lystig ja, men ikke lykkelig», det var eit sitat frå Et dukkehjem, det er Nora som seier dette mot slutten av stykket, etter at Torvald spør henne om ho ikkje har vore lukkeleg i ekteskapet deira, då seier ho «lystig ja, men ikke lykkelig», og då tok filosofen til å forklara om den objektive og den subjektive lukka, av di han meinte at Nora hadde hatt eit ulukkeleg liv, fyrst under dominansen frå faren, deretter ektemannen.

Det nest siste programmet for meg laurdagen var ein debatt mellom kantianaren Anita Leirfall og hedonisten Ole Martin Moen om temaet «Kjemisk lykke», og det vart ein forrykande debatt om det å leva i kontrasten mellom smerte og lukke som overlappar kvarandre, og det å leva i konstant ekstase, for å setja det litt på spissen, og i eit raskt ordskifte som eg meinte at kantianaren vann, dabba heile debatten bort i ein felles samtale om å tenkja på eit tenkt tilfelle om å leva i ei kjemisk kule, akkurat den same som vår eigen hjerne lever i, med stimulans som ein får intravenøst, som om det vi trur er røyndomen, er heilt feil, liksom i filmen Matrix.

Om kvelden var det «Filosofisport», og der var det fleire av filosofane som stilte opp på ein scene, og på kommando av ein ordstyrar skulle dei seia noko om «lukka» på to minuttar, etter eit anna ord som hadde filosofisk interesse, så fekk neste mann eller kvinne eitt minutt, og alle dei som opptredde, var rett og slett imponerande.

Den siste dagen var det «Søndagsfrukost» i bedehuset, saman med mange folk frå Kragerø, leiaren for Norsk Folkehjelp, fleire forfattarar og vitne frå flyktningleirar i Hellas, og det var svært opplysande og deprimerande, når ein veit kva som skjer i kongeriket nett no: Mange druknar og døyr i Middelhavet, medan vi er opptekne av bompengar.

På bussen heim sat eg saman med kantianaren og aristotelikaren, og over hovudet, det var ein dobbeldekkar, sat hedonisten, men han fekk eg ikkje tala med, derimot fekk eg fine synspunkt frå kantianaren og frå aristotelikaren; det gjorde meg ikkje til filosof; eg er forfattar, men eg fekk vita mykje som eg kan bruka som rabiat forfattar. Det var flott å ha vore på filosofifestival og stas å samtala med to skarpe filosofar.

Ole Robert Sunde

Ole Robert Sunde er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg hadde vondt av kantianaren, for eg såg at ho ikkje hadde det bra.

Suppa var god og brødet var flott, vinen var heilt grei.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis