På festival Eg var på Bjørnsonfestivalen i Molde i år. Eg budde på Molde Fjordstuer, og det var utsikt til Moldefjorden og dei ville og spisse fjelltoppane i Moldepanoramaet, til og med veranda hadde eg, men eg sat ikkje der; eg sat i det store rommet mitt
Eg var på Bjørnsonfestivalen i Molde i år. Eg budde på Molde Fjordstuer, og det var utsikt til Moldefjorden og dei ville og spisse fjelltoppane i Moldepanoramaet, til og med veranda hadde eg, men eg sat ikkje der; eg sat i det store rommet mitt med mange meter under taket og jobba med det eg skulle seie under festivalen, og eg las meg opp på det eg skulle seie om eg blei spurd om ulike dyr, ettersom eg, den første kvelden, skulle samtale med Alfred Fidjestøl, han som skreiv ein biografi om apen Julius; og apen er ein av dei største kjendisane på Sørlandet, og det som er ein gjengangar hos barnebarna mine. Om dei reiser til Kristiansand, er det for å oppsøke Julius, deretter kaptein Sabeltann.
Naboen til hotellet er Røkkes gåve til Molde: Aker stadion. Bak stig Bjørnsonhuset opp som er ein slags miks av hotell, kultur- og konserthus; bygget ser ut som eit stort og stivna segl eller haleroret til eit fly; enten for å svinge vekk, eller forsvinne for godt, viss det ikkje blir stante pede og ljos i si pussige form mot det mørke havet, eller som det står i Odysseen: «det vinmyrke havet».
Det var ikkje mykje «vinmyrkt» med Julius, men eit eller anna mørkt var det der; første gong eg høyrde om boka, var eg svært skeptisk, men i ettertid må eg bøye meg og gje Fidjestøl rett; det er noko merkeleg med dyr, og det er underleg at vi veit så lite om kva som går føre seg inne i hovudet til ein hund, når vi veit kva som skal til for å få ein rakett og eit menneske på månen; Fidjestøl gjer er ei omdreiing til på skruen til Darwin; menneske blir mindre og verda større.
Om økofilosofen Arne Næss får rett, får vi store problem når rugen får rettar; kjøtet blir sikkert syntetisk, men kva med poteter, tomatar og kveite?
Julius er ikkje eit menneske; han er eit farleg dyr, som har gått til åtak på menneske, men i dyreparken held dei han i live; det er jo han som gjev saltet i maten; eller som Fidjestøl sa det; Julius er den næraste slektningen vår i dyreverda, men han er den andre, den heilt framande, tenkte eg, så blei vi sitjande å snakke ein heil time om dyr og om maur og om jomfrufødslar hos bladlus, liksom Det nye testamentet, sa eg, går føre seg i verda til insekta, så blei det meir om Julius; som den gongen han beit fingeren av ein søppelsjåfør, sidan han bråka så mykje med søppelspanna sine, og at apar, slike som Julius, fortalde Fidjestøl, og han var reine doktoranden på Julius, blei aggressive av mykje støy. Om enn det var litt glissent i salen, var det ein fin kveld, og han som heldt det heile saman og var godt førebudd, var bergenspoeten Henning H. Bergsvåg.
Den neste dagen intervjua Arne Borge meg om boka mi, Penelope er syk, og då var det mange fleire publikummarar enn dagen før, ikkje på grunn av meg, men på grunn av temaet sorg, og eg prata med Arne Borge om sorg; det vart mykje om sorg, og eg såg på publikum, og det var mange kvinner, men fleire menn enn det pleier, sa nokre av dei som jobbar der; og nok ein gong tenkte eg på sorg; alle moldensarane som jobbar frivillig, er flotte typar; eg vart jo òg henta på flyplassen av ein grei type som køyrde meg og tre andre som òg skulle på festivalen; den eine, som var statsvitar og ein klok fyr, kjende eg litt frå før, eller mest systera hans; det var ein til av dei, ettersom dei var trillingar; så eg spurde, i baksetet, om ikkje foreldra hans måtte ha vore heilt på felgen då dei var barn, stakkars mor di og far din, sa eg, og tenk, då eg fekk vite kva han jobba med no, rundt i verda, at nettopp fredsarbeid var det rette for han, men det han sa om foreldra sine, var nok at dei hadde vore slitne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.