JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

På breidda laus

Liten bil, eg? Langt ifrå. Han har aldri vore større.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Collage: May Linn Clement

Collage: May Linn Clement

11878
20230707
11878
20230707

maylinnclement@hotmail.com

Kor brei er han? Er han breiare enn den eg alt har?

– 1,8 meter, nett det same som den førre, seier bilseljaren.

– Ok. Godt.

Eg skal kjøpa ny bil, og har eit mål om ikkje å leggja på meg i breidda.

Køyremønsteret mitt har endra seg. For berre nokre år sidan kunne eg køyra gjennom Storebø, kommunesenteret i Austevoll, utan å vika. Eg visste det var plass til to bilar, om det ikkje kom ein buss, lastebil eller annan tungtransport mot meg. Då stoppa eg i eit møtefelt.

Dei siste åra har det blitt til at eg ventar i eit møtefelt på personbilar òg. Det går ikkje lenger to i breidda. Å køyra i Austevoll er som eit spel der eg skundar meg mellom vikeplassane. Det minner om då me på skulen hadde tikken i kanonballfeltet og det var fri i hjørna.

Då NRK for litt sidan skreiv at bilane er vortne 16 centimeter breiare på 20 år, var det noko som fall på plass. Me får færre born og breiare bilar. Me har ikkje berre sove i timen, me har sove i to tiår.

Medan me har vore opptekne med heilt andre ting, som å byggja på huset vårt og få færre born, har bilprodusentane rusta opp, utvida bilane litt og litt, og brått kjennest det som vegane me køyrer på, er krympa, og parkeringsplassane er kvelande små.

Det er same kjensle eg får når eg i vaksen alder har vore på stadar der eg var som lita, den gongen var det så stort, no er det så lite. Men det er berre eg som har vakse.

Tryggleiken vert trekt fram når det snakk om årsaka til bilveksten. Det er tryggare å vera på vegen i ein stor, polstra bil enn i ein liten. Når ein stor bil krasjar med ein mindre bil, er det størst sjanse for at dei i den vesle bilen døyr.

Ein småbil i dag er ikkje stort større enn ein stor bil var før i tida. På internett ser eg bilete av ein folkevognbuss frå 1970-talet ved sida av ein moderne Fiat 500. Dei kunne gått i same klasse, så like er dei i storleik.

Men det er ikkje berre småbilane som har vakse. Det har dei store òg.

Snittbreidda på nye bilar i dag er 187 centimeter. Mange er smalare, medan nokon trekkjer snittet vesentleg opp, og eg får somme gongar inntrykk av at alle desse «nokon» bur her i kommunen min.

Både Tesla, Audi og BMW har populære utgåver som strekkjer seg mot tometersbreidda, men den breiaste personbilen eg møter på i dag, er Hongqi. Namnet betyr raud fane, og merket er eigd av FAW Car Company, som igjen er eigd av staten Kina. Tidlegare laga dei luksusbilar berre til den kinesiske partieliten, men no lagar dei kvardagsluksusbilar til Bygde-Noreg òg.

Denne månaden er bilen på supersal, den enklaste utgåva får du frå 699.900 kroner. Bilen er 5,209 meter lang og 2,10 meter brei. Då kjem speglane i tillegg.

Med ny bil er eg ekstra var når eg møter på ein Hongqi, og me gjev kvarandre ein ufrivillig bilklem der me nesten stoppar opp, eg trykkjer på knappen som vippar inn speglane, før me sniglar oss forbi einannan. Eg ser opp og vil nikka til føraren, me er jo så nære, men kvifor er det slik at dei med størst bil har stuttast smil?

Litt forarga tenkjer eg at desse bilane ser jo ikkje ut. Dei er som ein overdimensjonert muskelmann – ein klem frå ein slik er ikkje god, han er berre hard.

Ein teikneleik eg likar, er den der ein brettar eit ark før ein teiknar kvar sine delar av ein kropp, alt utan å sjå kva dei andre har teikna. Til slutt brettar ein opp att arket og ler, fordi dei ulike delane ikkje passar saman.

Denne leiken ser det ut som designarane av Hongqi likar òg. Bak liknar bilen på ei vanleg stasjonsvogn. Men framme liknar han ein ruvande, kantete grill på ein omn, meir presist grillen på omnen i kjellaren til McCallister-familien i Alene hjemme (1990), den Kevin er livredd for.

I dyreriket liknar bilen ein oppdretts- torsk, som me sporenstreks vil rynka på nasen av fordi han ser feil ut.

Men det går seg sikkert til. Etter ei tid ser nok Hongqi ut som ein heilt vanleg bil.

Eller vert det som far sin 1980-tals ambulanseutgåve av Citröen BX, som han fekk tak i tidleg på 2000-talet? Om ein vanleg BX likna ein laks, såg denne ut som ein pukkellaks.

– Det finst berre fire slike bilar i heile landet!

Far gliste, han sa det som det var noko positivt, noko å vera stolt av, som ein vinst.

Men eg såg det annleis.

– Det er kanskje ein grunn til at det berre er fire slike bilar i landet.

Det var den bilen far og eg køyrde til Haugesund i då eg skulle ta sertifikat i 2004. Eg kunne teke det heime i Norheimsund òg, men i Haugesund praktiserte dei noko som heitte intensivkurs. Det betydde at eg i løpet av fem dagar gjorde alt det naudsynte eg trong før oppkøyringa, ikkje ein kilometer meir. Prisen for pakken var like under 10.000 kroner, pluss det det måtte kosta å bu i den enklaste hytta på Haraldshaugen camping saman med far.

Om ettermiddagane, når eg var ferdig med det obligatoriske, køyrde me rundt i pukkellaksen, øvde på einvegskøyrde gater, rundkøyringar og bakkestart opp frå Smedasundet. Eg bak rattet, far i passasjersetet.

Ein ettermiddag rettleia han meg med høgre og venstre heilt til me var oppe i eit byggjefelt eit stykke frå sentrum. Det var noko han pønska på, noko han ville visa meg.

– Der! sa far.

– Stopp ved neste hus på høgre side!

Eg sakka på. I det tunet framføre huset openberra seg, såg eg overraskinga.

Der, på grusen, stod ei grå Citroën BX stasjonsvogn, ambulanseutgåve med høgt tak. Identisk den eg køyrde. Me stoppa heilt, gjekk ut og tok bilete av tvillingane.

Halvparten av dei norskregistrerte bilane var lokaliserte og samla.

Alle kjenner til nokon som har ein hang til eldre Citroënar. Det er noko med dei, dei likar å gjera ting motsett av alle andre, men er òg kreative og løysingsorienterte. Far min er ein slik. Eg har tusen Citroën-historier, frå den fyrste «limousinen» rulla inn på tunet i 1993 og til dags dato.

Ein gong fekk han EU-godkjent to bilar på to dagar, med dei same delane. Smak på den.

Slik eg minnest BX-en, var det ein stygg, men stor og praktisk bil. Det var pinleg å bli henta i han, men då eg skulle flytta heimanfrå, var han god å ha. Han tok heile flyttelasset mitt frå Norheimsund til Stavanger då eg var 20 år, og han fekk plass til uendeleg mange kassar med brusflasker over frå Danmark med danskebåten.

Hadde eg plassert han ved sida av ein Hongqi, ville han sett liten ut. Han er nesten ein halv meter smalare og ein heil meter kortare.

Faktisk er BX-en 12 centimeter smalare enn min eigne bil.

Eg har eigd fire bilar så langt i livet. Den fyrste, ein Ford Ka 1997-modell, kjøpte eg i 2009. Breidde: 1,63 meter. Den andre, ein Volkswagen Passat, var 1,74 meter brei. Den tredje er den einaste nye bilen eg har kjøpt: Heilelektriske Kia Soul frå 2015 var 1,8 meter brei.

Denne likte eg så godt at då eg no skulle skifta han ut med ein som har større rekkjevidde, altså kan køyra lenger utan å måtta lada, ville eg helst ha ein heilt lik bil.

– Kia Soul har vorte min Citroën, sa eg til bilforhandlaren, som kjenner far min og skjønte nett kva eg meinte.

Han gav meg ein god pris på ein Kia e-Soul 2020-modell, som kan gå over tre gongar så langt, men best av alt: Han har same breidde som den førre.

Som alltid når eg har kjøpt bil, går eg over for å sjå kva eg kan gjera på bilen sjølv. Skifta pærer? Vindaugsviskarar?

Eg kjem frå ein familie der me vil ordna ting sjølv. Syster mi googla seg fram og skifta skjermen og heile lykta på bobla si sjølv etter ein krasj på motorvegen i Los Angeles i fjor. Så slapp ho bruka forsikringa og mista poeng der.

Då bror min bygde garasje, var det med elektrisk bilheis.

Inga tid på året er mor og far nærare kvarandre enn når dei har ein EU-kontroll å jobba mot. Då er det nesten uråd å få kontakt med nokon av dei. Dei ligg under bilar, kuttar i kablar og sveiser på røyr, og til slutt får dei bilane gjennom, saman. Dei har aldri hatt ein bil på verkstad.

Nye bilar skal ein helst ikkje gjera noko på sjølv i dag, knapt opna panseret.

Den førre Kiaen lærte eg aldri å skifta vindaugeviskarar på, det berre skjedde av seg sjølv når eg var på service, men eg kunne framleis skifta lyspærene. På den nye kan eg ikkje eingong gjera det.

– Nei, pærene bør skiftast på ein verkstad. Men spylarveske kan du fylla på sjølv, trøystar seljaren.

Det er rart kor fort eg venner meg til endringar. Før kunne eg berre køyra bilar med manuelt gir, no hugsar eg ikkje lenger kva den pedalen til venstre heiter. Før var ein ledig parkeringsplass ein stad eg kunne parkera bilen. No er det ikkje lenger gitt at det er mogeleg.

Når eg leitar etter parkeringsplass i parkeringshus, køyrer eg ofte forbi ledige, men innklemde plassar, for eg ser dei er for små. Det er vorte heilt vanleg, eg tenkjer ikkje over det lenger. Parkeringsplassane passar ikkje bilane, og eg kjem til å tenkja på Tor Åge Bringsværds vesle novelle frå 1971: «Faen. Nå har de senket takhøyden igjen. Må huske å kjøpe nye knebeskyttere.»

For medan Statens vegvesen og Sintef tilrår å laga parkeringsplassar som er 2,5 meter i breidda og 5 meter i lengda, er dette berre eit råd, ikkje eit krav. Så ved det seks år gamle Helsehuset her i Austevoll, der me finn legekontoret, legevakta, Nav, fysioterapeut og elles alt ein treng av helsetenester, er parkeringsplassane streka opp i 2,20 og 2,30 meter breidde. Eg har målt med måleband.

Ein kan råda så mykje ein vil, men det er å krevja me er best på. Når eg skriv «dette har du» inn i søkjefeltet på Google, er dei ni fyrste alternativa som kjem opp, om ulike greier eg har krav på. Det tiande er «dette har du gjort feil heile livet».

Går det an å krevja at dersom ein skal parkera ein stad, må bilen passa inn på parkeringsplassen?

Spørsmålet er ikkje kven som kom fyrst av vegen, bilane eller parkeringsplassane, men kven som må retta seg etter kven. Er det storleiken på bilane folk vel å køyra, som skal definera breidda på vegen?

No skal kommuneplanen her i Austevoll rullerast, og i samband med det har ordføraren og administrasjonen hatt ein runde med offentlege høyringsmøte. Her sa ordføraren at dei ynskjer at grensa for grunnflata i naust skal auke frå 40 til 50 rutemeter, og høgda frå fem til sju meter, for «å dekkja dagens behov». Folk har jamt over større og fleire båtar enn før, pluss at me vil bruka nausta til feriebustad. Altså rorbu. Difor treng me større plass.

– Kva med oss som alt har bygd eit naust på 40 rutemeter, spurde ein i salen.

– Får me byggja ut til 50 utan å søkja om det, eller vert me straffa?

Så lo folk litt, og ordføraren sa at det skulle dei nok finna ei ordning på.

Det vert eit spanande prosjekt når rekkjer av naust med grunnflate på 40 skal utvidast til 50 utan å koma nærare naboen.

For mange av vegane her er smale, dei skal byggjast ut i breidda ein gong, det ligg i planen til det omfattande vegprosjektet Austevollpakken. Fram til dess, kunne det vore ei maksbreidde på personbilane som får køyra her? Berre ein tanke eg fekk, så eg googlar «maksgrense+breidde+personbil». Maksgrensa finst! Ho er på 2,55 meter.

Heile denne situasjonen og alt eg har skrive om menneskelynne og bilstorleikar, får meg til å tenkja på noko standupkomikar Ron White så treffande sa. Han opna showet If You Quit Listening, I’ll Shut Up frå 2018 med å fortelja at han kjem frå eit lite hus som far hans bygde i Texas, men at han no bur i eit svært, nytt eit i Beverly Hills.

Ein journalist spurde om det hadde endra han, all anerkjenninga og rikdomen han har opplevd. «Eg trur ikkje det», hadde White svara, men så tenkte han på det sidan, at det hadde nok endra han litt likevel.

– Då me bygde det nye huset, valde kona mi nokre moderne japanske toalett der loket opnar seg automatisk når eg nærmar meg. Eg vart fyrst sint då eg såg desse – «kastar du vekk pengane våre på slikt?» – men etter ei stund vart eg van med det. Så når eg no nærmar meg eit toalett og det ikkje opnar seg automatisk, pissar eg rett på loket.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis