Osten som berga byenDOLOMITTANE: I mellomalderlandsbyen Bagolini i Nord-Italia er osten viktigare enn mykje anna.

DOLOMITTANE: I mellomalderlandsbyen Bagolini i Nord-Italia er osten viktigare enn mykje anna.

Far og son Stagnoli med ostane sine.
Far og son Stagnoli med ostane sine.
Publisert

– Vil du ha han pikant eller mild?

Mannen i den vesle butikken tar ned den 20 kilo tunge osten og skjer av eit lite stykke. Vi har køyrt i to timar frå Verona eine og åleine for å smaka og få vita meir om osten hans.

Vi er i Bagolino i Dolomittane i Nord-Italia. Byen – ein tett, liten mellomalderlandsby med 4000 innbyggjarar – ligg oppe i fjellsida med gardar nedanfor, på andre sida av dalen og vidare innover dalen. Byen er kjend for to ting: eit Venezia-inspirert karneval og osten som butikkmannen tilbyr meg å smaka.

Bagoss, heiter han. Eg tek ein bit av den pikante tre år gamle osten. Eg kan ikkje skildra ostesmakar, så eg overlèt det til ein ekspert i eit internasjonalt osteblad: «Bagoss er ein fastost med ein rik, intens aroma, med smak av mandlar og hint av safran og andre krydder. Ettersmaken er lang, med ein krydra nøttesmak.».

To timar før ostesmakinga var vi hjå bonden og ystaren Francesco Stagnoli og far hans Guiseppe. I 200 år har slekta på garden drive og laga den same osten. Når vi kjem, har Francesco akkurat fått ostemassen i formene. Og som om han var sunnfjording, må han eta fyrst, så han ber oss om å koma tilbake om ein time.

Vi køyrer rundt i området i mellomtida. Det er 23 gardar i Bagolini som produserer mjølk og ystar Bagoss-ost. Det verkar som Francesco er blant dei største bøndene i Bagolino. Iallfall har han ein av dei største driftsbygningane. Her er ingen siloar eller rundballar. Låven er full av høy, for kyrne hans et berre høy om vinteren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement