Reportasje
Ord frå Bergen
DANSKETIDDIKTAREN: Michael Segelcke Sandberg
Det fyrste norske skodespelet på dialekt vart skrive i 1811 av den Os-fødde offiseren Michael Segelcke Sandberg (1785–1814), med den lange og tidstypiske tittelen Et Optog i Livet fra forrige Aarhundre på Ousøren i Sundhorlehn, Ous Præstegjeld, Bergens Stift, og undertittelen «Et Drama med Chore i tyve Acter». Spelet –?eit syngjespel med innlagde songar –?er friskt i tonen, ikkje minst i songane, men som professor Agnete Nesse kommenterer: «Humoren er grov, men ikkje seksualisert.» Stykket må ha vore populært, for det vart trykt i fleire opplag. I ein av songane kjem «Synneve» med ei klar melding til «Kleppe»:
Førbeitte skal være dæg slår du mæg
Ein minnelæ dag ska da værta dæg
Du sete å drikke
te vommo de sprikke
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.