Sjakk

Opium for intelligentsiaen

Blabla
Blabla
Publisert Sist oppdatert

Dei ideologiske hjernane bak sjakkrevolusjonen i Sovjet lukkast nesten for godt. Under ei stor turnering i Moskva i 1925, den fyrste statsfinansierte turneringa i sjakkhistoria, var det fullt kaos. Sjakkinteresserte moskovittar strøymde til spelelokalet for å få eit glimt av spelarane og partia. Ein politimann, som fortvila over at trafikken i Moskva sentrum var paralysert av folkemengda som ikkje hadde fått tak i billettar, skal i desperasjon ha skrike ut: «Gå heim! Partiet vert kor som er remis.» Ukrainaren Bogoljubov vann turneringa over tjue rundar føre verdsmeistrane Lasker og Capablanca.

Sjakk kom inn i matematikkundervisninga på skulane, særleg i dei store byane. Ein av arkitektane bak sjakkeventyret, Iakov Rokhlin, blei etter kvart uroleg for kvar dette ville enda. I 1927 sa Rokhlin: «Skuleborna elskar sjakk. Men dei spelar heller sjakk enn å studera. Og lærarane misser all autoritet når borna seier ‘Korleis kan eg læra noko av denne læraren som eg kan slå i sjakk?’ Vi må få sjakken i skulen på rett kjøl. Denne alvorlege saka må få ei løysing på den neste kongressen.»

Unge Jurij Averbakh, fødd 1922, var eit uvanleg skuleljos som tidleg skulle velja mellom ein karriere som sjakkspelar eller vitskapsmann. Frå dei eldre kameratane sine i Moskva fekk han dette rådet, skriv han i memoarane sine: «Kva slags framtid er det i vitskapen? Om du er heldig, vil du enda opp som ein av mange tusen spesialistar i landet, medan sjakken vil ta deg til internasjonale turneringar, og du vil få sjå verda!»

Sjakken var opium for den sovjetiske intelligentsiaen konkluderer Michael Hudson i doktoravhandlinga si frå Santa Cruz i 2013: Storming Fortresses. A Political History of Chess in The Soviet Union, 1917–1948.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement