Teknologi
Omvend ingeniørkunst
Figur 2: Blokkskjema for iPhone 4
Hugs, tyskarane hadde dei beste ingeniørane. Den eldre kollegaen min har vore ute ei vinternatt før. I 1942, blåfrosen på eit skipsdekk i ein konvoi over Atlanteren. Dei tyske ubåtane herja vilt, og skip sokk i røyk og flammar rundt venen min. Ubåtane jakta i flokk og kunne kommunisera fritt fordi dei hadde forbetra krypteringsmaskina si. Dei allierte måtte kapra ubåtar og stela kodebøker for å halda tritt med tyskarane.
Tyskarane var også langt framme med radarteknologi. Engelskmenn gjekk til åtak på ein radarstasjon på franskekysten. Sju blei drepne, men dei fekk med seg heim delar av radaren og ein operatør. Då dei opna boksane, fekk dei sjokk og ny lærdom. Tyskarane konstruerte ved hjelp av modular for å takla kompleksiteten, medan engelsk elektronikk på den tida minte meir om skjorereir.
Lat oss prøva å forstå noko ved å bruka slik omvend ingeniørkunst. Me kan pitla i sund eit eller anna. Kva med å starta med ein iPhone? Eg har ein iPhone 4 liggjande. Garantien ryk når eg bryt han opp, men kva gjer ein ikkje for å få ny kunnskap? Ein ser med det same at tyskarane sin måte å gjera ting på, har overlevd. Etter mykje kvalitetstid saman med venen min Google har eg klart å finna ut kven det er som lagar dei ulike modulane. I figur 1 ser du elektronikken med ei liste over produsentane.
Det første som slår ein, er at her har det vore mange med. Apple er ikkje åleine om å laga telefonen sin. Dei hentar kunnskap og delar frå andre og set dei saman til eit framifrå produkt. Det neste ein må gjera, er å prøva å forstå korleis dei ulike komponentane samspelar.
Det er på sin plass å laga eit blokkskjema som fokuserer på funksjonalitet. Blokkskjemaet er ingeniørens måte å ordna verda på. Somme trur det er politikarar eller kapitalismen som styrer. Ingeniørane veit at det er blokkskjema som har gjort at me er der me er. Utan blokkskjema, ingen atombomber, datamaskiner, internett eller tur til månen.
Okke som, lat oss heller sjå på detaljane. Figur 2 er eit blokkskjema for iPhone 4. Der er dei ulike modulane gitt ulik farge for å visa ulik funksjonalitet, og linjene mellom blokkene fortel oss kven som snakkar saman.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.