Om yrkesforbod og omdømeran i Johaugsaka

Publisert

Er det verkeleg ingen i den norske medieverda som har vågemot til å forsvara Therese Johaug mot den uretten ho no blir utsett for i eit sjølvoppnemnt «rettssystem» i idretten?

Ho er faktisk dømt til yrkesforbod i 13 månader og omdømetap livet ut for doping som ikkje har funne stad, og personleg «aktløyse» i form av berre å spørja landslagslegen, som skaffa og gav henne leppekremen mot munnsår, om det var greitt å bruka han. Ho skulle ha undersøkt stoffa i kremen sjølv også, krev dei.

Etter første avklarande runden som følgje av idrettsleg ulovleg stoff i rutineprøve, var fakta som følgjer:

n Funnet var av ei slik mengde at det ikkje kunne hatt prestasjonsfremjande (dopande) verknad.

n Funnet vart identifisert til å koma frå leppekremen mot munnsår som landslagslegen hadde skaffa til henne under treningssamling i Italia.

n Therese Johaug hadde forsikra seg om at det var greitt å bruka kremen ved å spørja landslagslegen om dette.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement