JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Om ein turistattraksjon som
er overraskande lite populær

Saltstraumen har mykje å by på, snart kanskje eit rekonstruert vikingtun òg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Å vera berre sightseeingturist i Saltstraumen kan verta noko keisamt, anten ein gjer det frå ein RIB, eller berre står og ser på at vatn strøymer. Etter kort tid har ein jo sett det som er å sjå.

Foto: Marianne Løvland / NTB

5594
20201016
5594
20201016

Trass i at NRK inkluderte Saltstraumen i minutt for minutt-sendingane sine i 2016 og sende 12 direktetimar derifrå, og meir enn ein million sjåarar var innom sendinga, har denne tidevasstraumen aldri kome høgt opp på lista over dei mest vitja turist- og naturattraksjonane i Noreg. Ifølgje VG ikkje eingong mellom dei 25 mest vitja. Dette sjølv om han noko tvilsamt vert marknadsført som verdas sterkaste og området har eit rikt tilbod av einskildattraksjonar i tillegg til sjølve naturfenomenet.

Ein av attraksjonane er den no freda, nesten 800 meter lange brua over straumen frå 1978, bygd i spennbetong, med vakre bogar som rammar inn straumen. Brua fungerer dessutan som byrjinga av ein av Noregs flottaste turistvegar, Kystriksvegen, som går langs helgelandskysten heilt til Steinkjer.

På austsida av straumen ligg eit moderne turisthotell og ein stor campingplass. Der står òg ein kongebauta som norske kongar frå Oskar 2. har skrive seg inn på, om enn ikkje Harald enno. Like ved brua ligg Magic Saltstraumen Opplevelsessenter, ein arkitektonisk spektakulær bygning som likevel aldri har fungert økonomisk.

Men ifølgje Avisa Nordland skal nye eigarar no satsa, mellom anna med ein undervassfilm i 3D frå straumen, med konferansar og events og vitjing frå cruisepassasjerar, om slike finst etter covid-19. I tillegg skal dei laga kunstsenter og skulpturpark, i von om at det skal dryssa nokre pengar på dei frå alle millionane til den kommande europeiske kulturhovudstaden i 2024, Bodø, som Saltstraumen er ein del av. Elles er det fleire selskap som arrangerer RIB-turar frå Bodø til Saltstraumen, ikkje minst for hurtigrutepassasjerar, den gong slike fanst.

Straumseien

Litt lenger innover i straumen, på Ripnes, er det, også ifølgje Avisa Nordland, planar om å byggja eit undervassobservatorium av glas, laga av Saltbrygga AS, der ein kan stå turt under vatn og observera faunaen. Om fylkesmannen tillèt det. Men der finn ein alt Kjelen Kafé, litt mindre internasjonalt straumlina, og litt sliten, men han byd på lokal tradisjonsmat. Eg vil særleg tilrå «skomakarlaks»: kald, kokt sei, servert som avkokt laks. Ikkje mist av di straumseien held høg kvalitet, sterke musklar som han får i straumen. Denne og andre fiskar, som torsk og uer, har vore ein av dei viktigaste grunnane til at det både bur folk og kjem turistar til straumen. Å fiska straumsei kan vera like morosamt som å slåst med ein sterk sjøaure eller villaks.

Derimot kan vera noko keisamt berre å vera sightseeingturist i Saltstraumen, anten ein gjer det frå ein RIB, eller berre står og ser på at vatn strøymer, noko som forklårar den låge rangeringa blant turistattraksjonar. Etter kort tid har ein jo sett det som er å sjå.

Historia

Difor vil eg tilrå at ein skaffar seg eit vidare tidsperspektiv gjennom å fordjupa seg i historia til denne staden, noko ein best kan gjera ved å vitja eit utvendig smålåte, lokalt museum, som ligg like ved kyrkja, før ein køyrer inn på brua. I motsetnad til dei andre institusjonane i området som eg har nemnt, er dette, Saltstraumen Museum, ikkje kommersielt, men ei stifting utanfor dei statlege musea i fylket, drive av dugnadsånd, den same ånda som no har fått slikt oppsving av di ho skal få oss gjennom pandemien. Og organisert av Saltstraumen historielag under leiing av Elisabeth Nilsen. Slike historielag utgjer eit kulturelt grunnfjell utover i distrikta.

Kommunen har pussa opp og leigd ut den gamle skulen til museet. Det er innreidd slik at det gjev oss historia til området heilt frå 11.000 år tilbake, ikkje minst gjennom utstilling av gjenstandar frå området. Den største skatten til museet er ein 5000 år gamal såkalla brummar, kanskje Noregs eldste musikkinstrument. Han lagar i alle fall lyd festa til ei snor og svinga rundt. Ein forlaupar til ein hurre, laga av tre, og brukt i nyare tid til å varsla andre båtar ute på sjøen.

Frå jarnalder og vikingtid er det funne mange båtgraver, og ikkje minst spor av eit langhus frå rundt år 1000, som det no er planar om å rekonstruera for etter kvart å laga eit vikingtun ved museet. Noko dei nyss har fått pengar til frå Bodø kommune. Den einaste skriftlege kjelda frå denne tida er Snorre, som fortel korleis Olav Tryggvason tok livet av høvdingen Raud, som budde ved Saltstraumen, ettersom han ikkje ville omvenda seg.

Kyrkja

Men frå nyare tid, frå hansatida av, har ein mykje dokumentasjon som syner at det har vore stor aktivitet i området. På det meste var det ti stader i området som utrusta jekter som vart sett inn i Bergens-trafikken. Og heilt fram til 1850 var Saltstraumen det tettast folkesette området i Bodø sokn.

Om ein vil ha meir kunnskap i form av guiding i landskapet og forteljing av lokale historier, kan ein melde seg på noko som heiter Saltstraumen Stories, som òg vert drive av Elisabeth Nilsen. Då kan ein til dømes få høyra historia om kvifor det vart bygd kyrkje i Saltstraumen i 1886 (NB spoiler!): Før det måtte ein bruka båt over Saltfjorden til Bodin kyrkje. Men eit gravferdsfølgje vart teke av stormen, og alle omkom unntatt to, nemleg han som klamra seg til kista med liket inni. Så eigenleg berre ein. Men då skjøna dei at det måtte byggjast kyrkje i Saltstraumen.

Mi tilråding er å invitera Tom Cruise til å styrta ned i straumen i ein Mission Impossible-film og tilsvarande driva i land på ei kiste. Då ville turistane skjøna at dei måtte koma dit.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved UiO og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis