Sport
Økonomi i løypa
Jakob Ingebrigtsen har ein, ikkje uventa, heilt rå løpsøkonomi.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Tek ein pause på joggeturen og studerer dei som passerer, kan ein observere mykje rart. Eg tenker på teknikk. Nokre flyg elegant av garde, mens andre kan sjå ut som dei bruker like mykje krefter sidelengs og oppover som framover.
Den tidlegare idrettslæraren min, Leif Inge Tjelta, som blant mykje anna har forska på Ingebrigtsen-brørne, friskar opp minnet mitt om løpsøkonomi. Ein utøvar med god løpsøkonomi har relativt lite forbruk av oksygen ved løp i submaksimal fart. Løpsøkonomi handlar om å bruke minst mogleg krefter i kvart steg.
Alt i 1930-åra såg forskarane at det var skilnad i oksygenforbruket blant løparane på ein gitt fart. Sjølv om to løparar målte det same maksimale oksygenopptaket (VO2maks), så kunne dei nytte oksygenet ulikt i eit løp. Dette var fordi den eine løparen sprang meir økonomisk enn den andre. Vidare har fleire studiar vist at det er stor variasjon i korleis løparar med same V02maks nyttar oksygen når dei spring.
Praktisk erfaring og nyare forsking fortel oss at det er visse ting ein kan trene på for å springe meir økonomisk. Ein skal ha avslappa skuldrer som ikkje roterer for mykje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.