Offside

Linjedommar Sonia Kahn har betre kontroll med resten av dommarlaget på øyret.
Linjedommar Sonia Kahn har betre kontroll med resten av dommarlaget på øyret.
Publisert

I 1925 skjedde det ei viktig endring i fotballen. Offsideregelen vart radikalt endra. Frå å vere tre spelarar mellom angripar og mållinja for å vere onside trong det nå vere berre to. Endringa til slik vi kjenner offsideregelen i dag, viste seg å vere viktig for fotballen.

Nå var det ikkje lenger like lett å drive motstandarane inn i offsidefella, som vil seie å trekke forsvarslinja opp i akkurat den rette augneblinken, slik at motstandaren står i offside. Den nye måten å spele på førte til målrike kampar og ein annleis forsvarstaktikk. Forsvararane vart forvirra, og nokre klarte betre enn andre å utnytte dette. Evertons Dixie Dean scora heile 60 mål i fyrste sesong med ny regel.

Offsideregelen har ikkje stått heilt urørt sidan. Fram til 1990 vart det blåse offside dersom angripar var på linje med bakarste forsvarar. Nå må spelaren som er i angrep, vere mellom bakarste forsvarspelar og mållinja for å bli blåse på. Også denne endringa gjev ein liten fordel til angripar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement