JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Odd-Bjørn Fure (1942–2022)

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Odd-Bjørn Fure.

Odd-Bjørn Fure.

Foto: Erlend Aas / NTB

Odd-Bjørn Fure.

Odd-Bjørn Fure.

Foto: Erlend Aas / NTB

7152
20230106
7152
20230106

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

To dagar før jul gjekk Odd-Bjørn Fure ut av tida, 80 år gamal. Med han har norsk historievitskap mista ein djuptpløyande forskar og ålmenta ei markant røyst.

Odd-Bjørn Fure vart fødd på Ytre Fure på Stadlandet i 1942. Etter å ha disputert i 1984 på ei avhandling om radikaliseringa av norsk arbeidarrørsle i kjølvatnet av den russiske revolusjonen verka han frå 1986 som førsteamanuensis og frå 1998 til 2002 som professor i historie ved Universitetet i Bergen. Her skilde han seg ut med si sterke interesse for teori og grunnlagsproblem og ei kritisk haldning til den nærsynte, hendingsorienterte historieforskinga. Landskjend i ålmenta vart han fyrst i 1997, då han tok eit krast oppgjer med Hans Fredrik Dahls lefling med den notoriske holocaustfornektaren David Irving. Då amerikanarane førebudde invasjonen av Irak vinteren 2003, rykte han òg ut og åtvara i sterke ordelag mot dei katastrofale konsekvensane av ideen om ein førebyggjande åtakskrig. I 2002 vart han tilsett som direktør ved det nyoppretta HL-senteret (Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter), som han bidrog avgjerande til å byggje opp som eit miljø for forsking og kunnskapsformidling. Etter mange år som historisk forskar og lærar i relativ «einsemd og fridom» fekk han no utfalde ei anna side av seg sjølv: den målmedvitne institusjonsbyggjaren og realpolitikaren.

Eg trefte Odd-Bjørn fyrste gongen då eg tok historie mellomfag i Bergen hausten 1987. På eit seminar la han fram utkast til ein kritisk artikkel om vitskaps- og historiesynet hjå Ottar Dahl, den dominerande vitskapsteoretikaren i det norske historiefaget gjennom meir enn tre tiår. Den unge studenten Haldis Haukanes, som seinare har vorte professor i sosialantropologi, hadde fått i oppdrag å leite etter svake punkt i argumentasjonen.

Dette seminaret viste fram nokre karakteristiske trekk ved både historikaren og mennesket Odd-Bjørn: Det var berrsynt for oss at han hadde høge ambisjonar. Han gjekk laus på leiande autoritetar i faget og dermed på dei premissane som låg til grunn for den heimlege historikartradisjonen. Samstundes synte han stor fagleg respekt for den unge opponenten sin og lytta noggrant til argumenta hennar. Odd-Bjørn testa alltid ut tekstane sine på kollegaer han stolte, på før han publiserte dei. Til grunn låg eit medvit om at det skrivne ordet forpliktar. Det står der for all framtid; vi kan korkje trekkje det attende eller ha full kontroll over korleis det vert lese. At den språklege stilen hans kunne vere noko stiv og omstendeleg, reflekterte ei kjensle av ansvar for at det ein ytra offentleg, skulle vere presist, etterretteleg og solid fundert. For Odd-Bjørn stod det alltid noko på spel når han ytra seg.

Dette var haldningar han hadde fått innprenta av rettleiaren sin, professor Rolf Danielsen, som han sette særs høgt. Men under låg òg formative røynsler frå Ytre Fure, eit veglaust fiskarbruk mellom bakkar og berg der Odd-Bjørn voks opp som yngstemann i ein syskenflokk på ti. Der ute ved det lumske Stadhavet, der ungane måtte klyve fleire kilometer langs bratte fjellsider og over steinete strender for å kome seg på skulen, var medvitet om risiko og ansvar vove inn i dagleglivet. Med ein far som var 54 år då Odd-Bjørn vart fødd, og ei livsform med djupe røter i fortida, vart Odd-Bjørn ein mann som levde i fleire tidsepokar samstundes. Dette trur eg må ha gjeve eit særskilt tilskuv til den historiske forskinga og tenkinga hans.

Som student og ung forskar tok Odd-Bjørn del i den venstreradikale rørsla i tida og engasjerte seg i fagkritikk og politikk. Seinare drog han vidare til Paris, der han tok for seg av livet, lærte seg flytande fransk og vende heim med franske manerar, som å kysse kvinner på båe kinn til helsing eller slå om seg med vendingar som «det totale ensemble av kulturelle ytringsformer» i akademisk daglegtale. Ytre sett var brotet med opphavet iaugefallande. Men han brende aldri bruene til slekta og heimemiljøet. Kvar sumar var han attende på Ytre Fure, der han gjerne fiska saman med storebror Julius, lokal høgrepolitikar og ei tid fylkesordførar i Sogn og Fjordane. Hit tok han òg med nokre av oss som hadde vore studentane hans ein mørk novemberkveld i 1999. Medan vinden utanfor auka til orkans styrke, sat vi under Kristus-portrettet i stova og høyrde i radioen at «Sleipner» var gått ned.

Mellom nordiske historikarar har det vore lang tradisjon for å hevde at medan historievitskapen handla om kjeldekritisk analyse av avgrensa problem, var syntesen – heilskapssynet på fortida – forma av historikarens konstruktive fantasi og forteljargrep. Dette kunne ikkje Odd-Bjørn slå seg til ro med. I den materialistiske historieoppfatninga, etter kvart utvida gjennom studium av fransk «mentalitetshistorie», fann han utgangspunkt for å forme ut vitskapleg funderte historiske syntesar med eit djupt tidsperspektiv som samstundes kunne kaste ljos over samtida og framtida. Ei anna viktig inspirasjonskjelde var den tysk-britiske sosiologen Norbert Elias, som framstilte europeisk historie frå mellomalderen og framover som ei gradvis sivilisering av menneskelege omgangsformer. Odd-Bjørn såg nazismen og holocaust som eit sivilisasjonssamanbrot – eit brot med åtferdsnormer som var bygde mødesamt opp gjennom hundreår.

Odd-Bjørn Fure då han drog heimanfrå for å studere.

Odd-Bjørn Fure då han drog heimanfrå for å studere.

Foto: Privat

Om sansen for historisk syntese – for dei store samanhengane i historia – hadde faglege røter i den materialistiske historieoppfatninga, var han truleg òg stimulert av oppveksten ute i havgapet. Livet på Ytre Fure danna ein organisk heilskap, der samanhengen mellom dei materielle vilkåra, arbeidet og det djupt religiøse utsynet på tilværet låg i dagen. Dette var eit kulturmønster med røter langt attende i tid. Den langsame tida, dei «tunge strukturane»: For Odd-Bjørn, og den franske Annalesskulen han var inspirert av, var det dette historia djupast sett handla om, snarare enn politiske hendingar og andre «overflatekrusingar».

Eit særtrekk ved vestlandskulturen, har det vorte hevda, er at sosial likskap og rotfaste demokratiske haldningar har gått hand i hand med ei dyrking av det framifrå, og då særleg på det kulturelle området. Odd-Bjørn var i dette stykket ein klassisk vestlending: Han var på eine sida djupt fascinert av store forskarar og tenkjarar, som franske Marc Bloch eller vår eigen Stein Rokkan. Han kunne òg verke noko olympisk sjølv, med si ruvande framtoning, strenge faglege krav og tunge akademiske språk. Som ein av studentane hans ein gong sa, var det «noko monumentalt ved Fure».

Men samstundes var Odd-Bjørn ein særs menneskeleg mann. Om han stundom kunne vere hard i domen over det han meinte ikkje heldt mål, var han òg romsleg og hjarteleg. Eg minnest, tre tiår attende, korleis han reagerte då eittåringen hans åt med heile andletet og grisa til alt kring seg. Lenge tok han det heile med knusande ro. Så braut han ut i ein karakteristisk, brummande latter som fekk heile kroppen til å rista. Denne avvæpnande latteren høyrde til eit robust menneske som gledde seg over tilværet, og som ikkje hadde vondt for å stå oppreist når stormen rasa. Slik vil eg hugse han, i takksemd over å ha vore hans student og ven.

Fredrik W. Thue

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure
Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis