Nytt stormaktsspel trugarTrumps avvising av globaliseringa vil berre skade dei små landa.Vi var lova ei verd utan grenser. I 1985 underteikna fem europeiske land Schengen-avtalen, som fjerna grensekontroll mellom dei. I 1990 gav den japanske økonomiprofess
Trumps avvising av globaliseringa vil berre skade dei små landa.
President Donald Trump fekk applaus då han forsvarte nasjonal suverenitet frå talarstolen i FN.
Foto: Lucas Jackson / Reuters / NTB scanpix
Vi var lova ei verd utan grenser. I 1985 underteikna fem europeiske land Schengen-avtalen, som fjerna grensekontroll mellom dei. I 1990 gav den japanske økonomiprofessoren Kenichi Ohmae ut boka The Borderless World, som hylla globale forsyningskjeder. I 1996 skreiv John Perry Barlow boka Declaration of the Independence of Cyberspace, som vende seg til «regjeringar i den industrialiserte verda, slitne gigantar av kjøt og stål». Han melde utfordrande til dei: «Cyberspace ligg ikkje innanfor grensene dykkar.»
Litt meir enn to tiår seinare er grenser attende. I talen til hovudforsamlinga i FN for to veker sidan var Donald Trump utvitydig: «Om vi ønsker anerkjenning av historia, må vi oppfylle pliktene våre overfor det folket vi trufast representerer. Vi må verne nasjonane våre, interessene deira og framtida deira. Vi må avvise trugsmål mot suverenitet, frå Ukraina til Sør-Kinahavet. Vi må oppretthalde respekten for lov og rett, respekten for grenser og respekten for kultur, og det fredelege engasjementet desse gjev høve til.»
«Som USAs president,» sa han, «vil eg alltid setje USA først, akkurat som de, som leiarar av landa dykkar, alltid vil og alltid bør, setje dykkar land først.» Til liks med Trumps referanse til den nordkoreanske diktatoren Kim Jong-un som «Rocket Man», og trugsmålet om å «øydeleggje totalt» landet til Kim, var dette meint å verke sjokkerande på dei folka Steve Bannon kallar «globalistar». Likevel var Trumps forsvar for nasjonal suverenitet ein av dei få uttalane i talen som fekk applaus.
Verda er ikkje i ei global stemning. Brexit handlar om å sikre suvereniteten att, først og fremst over innvandring, sjølv om (slik Theresa Mays tale i Firenze gjorde det klart) det å trekkje Storbritannia ut av EU er lettare sagt enn gjort.
Angela Merkel vart attvald som tysk kanslar søndag, men talet på partirøyster gjekk noko ned, stort sett av di ho mista kontrollen over dei tyske grensene for to år sidan. Og Trump klamrar seg til valløftet om å byggje ein mur langs grensa til Mexico og stengje ute innbyggjarar frå først og fremst muslimske land, som vert assosierte med terrorisme.
Europeiske elitar hånflirer som seg hør og bør av Trump, men meiningsmålingar syner at det er fleirtal i mange europeiske land for å nekte muslimsk immigrasjon til EU. Samstundes pressar dei same elitane på for å skattleggje og regulere dei som tener mest på ei verd utan grenser, dei gigantiske teknologiselskapa i Silicon Valley.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.