Reportasje

Numedølar er ikkje nordmenn

KRAVIK: Fleire av langlofta og kyrkjene er frå tida før svartedauden. I Numedal ligg mellomalderbygningane tett som perler på ei snor. Snora er Lågen.

Ryttarar på sundagstur ved Nordre Frygne, der Fjordvegen går rakt gjennom tunet.
Ryttarar på sundagstur ved Nordre Frygne, der Fjordvegen går rakt gjennom tunet.
Publisert

Kvar endar, eller byrjar, Nume­dalslågen? Som no nedlagde Numedalsbanen endar han i Rødberg, øvst i Nore, staden som aldri vart ein stasjon på Bergensbanen. Men historisk har ikkje Rødberg vore endestasjon i ein sekkedal. Heilt nord i Numedal kom vegen over vidda frå Hardangerfjorden, frå Eidberg og Ullensvang: Nordmannsslepene.

Vassdraget strekkjer seg frå Hardanger­vidda til Skagerrak, frå innsjøar på vidda til utlaupet i Larviksfjorden. Numedalslågen er Noregs tredje lengste elv, etter Glomma og Pasvikelva, 35 mil, som vegen frå Oslo til Røros.

Vegen til lia

Sist veke kom me til Rollag prestegard og stavkyrkje. Mindre enn ei mil i nord, framleis i Rollag kommune, ligg Veggli. Der er dei stolte av heimstaden. Ein fastbuande fortel:

– Her har me fått til mykje. Berre sjå på Vegglisenteret, kjøpesenteret. Eg arbeider i dei nye omsorgsbustadene for funksjonshemma. Me har omsorgsbustader for eldre òg. Og no skal me byggja nytt helsehus.

– Kvar kjem inntektene frå?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement