Essay
Nullvisjonen
Nokre gonger sviktar systemet. Andre gonger kan ingen klandrast.
Dette er sjette og siste del i serien om sjølvmord.
I eit par dagar etter sjølvmordet hans rakk eg å vera av den oppfatninga at far min måtte ha fått for dårleg helsehjelp. Eg ville skrive ein klage. Vi i familien måtte få erstatning. Det måtte bli stadfesta, svart på kvitt, at vilkårleg og overdriven medisinering hadde gjort han til misbrukar, noko som i sin tur øydela tenkjeevna hans og kosta han livet.
Fagre ord
Hausten 2020 la den dåverande regjeringa fram ein «handlingsplan for forebygging av selvmord 2020–2025», og skreiv: «Med den innføres en nullvisjon for selvmord i Norge. Det er en forpliktelse til å jobbe ut fra at vi ikke har noen å miste.»
Her ligg ein openberr parallell til nullvisjonen for dødsfall i trafikken. Denne er ikkje særleg kontroversiell, så vidt eg veit. Men faktorane som fører til trafikkulykker, er lettare å identifisere og ta tak i enn dei svært samansette årsakene til sjølvmord. Ein nullvisjon kan likevel høyrast ut som eit fint prosjekt, men langt frå alle fagfolk er overtydde om at eit så «hårete» mål er ein god idé. Anders Malkomsen og Carl Tollef Solberg skreiv ein kronikk om dette seinast i februar i år, under tittelen «Det er altfor mange urealistiske forventninger til psykiatrien».
Eit av hovudpoenga deira er at dødsfall som kjem av «vanlege» sjukdommar, stort sett blir aksepterte utan nemneverdig protest – alle veit jo at visse somatiske lidingar er kroniske og/eller døyelege. Dødsfall i psykiatrien, derimot, blir omtala som «katastrofar» og som resultat av «systemsvikt». Kvifor er det slik?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.