Reportasje

¿ Nullpunkt

Vi er komne til London, men London er ein stor by. Og her er nok å forstå seg på.

For sein! Den rotlause undomen har lagt frå land. Ikkje alle, ser eg, nokre ligg nok framleis og søv etter festen i natt, og det er taparane, dei som ikkje klarte å fullføre.
For sein! Den rotlause undomen har lagt frå land. Ikkje alle, ser eg, nokre ligg nok framleis og søv etter festen i natt, og det er taparane, dei som ikkje klarte å fullføre.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Putney... Ordet flyt opp i medvitet idet eg glir ut av svevnen på golvet i Richmond.

Putney, eg må til Putney, og eg må vere der før klokka to. Då legg den rotlause ungdommen ut på den siste etappen sin, gjennom London. Korleis veit eg det? Dei har sagt det. Klokka to snur tidevatnet, og då kan dei padle med straumen. Og med hell og velvilje kan eg følgje med dei, ja, om eg finn dei, om dei vil.

Eg famlar etter telefonen. Går eg rakaste vegen, tek det knapt halvannan time å gå til Putney. No vil jo eg følgje Themsen, og det vil sjølvsagt ta noko lengre tid, men klokka er berre 07.57 GMT. Tid har eg meir enn nok av.

Herre min, så godt eg har sove. Eg har lege på luftmadrassen til Dale, og eg har sytt ein del over denne romfrekke madrassen, og med god grunn, vil eg seie, fordi han tok altfor stor plass i det vesle tomannsteltet. Også her på rommet i Richmond Park Hotel tek han plass, men du verda så komfortabel han er å ligge på. Madrassen er som senga mi heime. Ikkje å undre seg over at Dale har sove frampå om morgonane.

Eg høyrde han buse inn utpå natta, god i gassen etter øl og fotball, og eg lét som eg sov, og det var nok ikkje langt unna sanninga, for snart var eg igjen inne i ei verd av draumar og ingenting, og vakna ikkje til før morgonsola steig opp over Richmond Hill og sildra mildt gjennom tyllgardinene.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement