Reportasje

Norsk-ambassadøren i Tsjekkia

BRNO: Miluse Jurickova kom til Noreg som utvekslingsstudent i 1978. Åtte år seinare var ho leiar for norskstudiet på Masaryk-universitetet, og ho har omsett fleire norske romanar til tsjekkisk.

Norskstudentane i Brno vil gjerne snakke norsk, omsetje, tolke, reise og reise meir.
Norskstudentane i Brno vil gjerne snakke norsk, omsetje, tolke, reise og reise meir.
Publisert

– Skål, seier Miluse og løftar glaset med den gylne drikken mot meg.

– Vi treng litt medisin denne kalde dagen.

Brennevinet varmer godt, og eg spør kva det heiter. Det er då eg lærer det eine av dei to tsjekkiske orda som sit att i hovudet etter dagane i Brno.

Miluse Jurickova og eg ventar på maten på ein tradisjonsrik kaverna i eit av dei mange funkishusa i den betre delen av Brno. «Brnos Frogner», kallar Miluse området. Brno (Brünn på tysk) er Tsjekkias nest største by og ein like viktig studiestad som hovudstaden Praha. Universitetslektoren har teke på seg å vere guide under besøket mitt her, slik ho har vore for mange besøkande nordmenn. Dei kjem hit for å halde gjesteførelesningar på universitetet og for å halde kontakten med Miluse Jurickova, som er dosent i norsk på Masaryk-universitetet i Brno og har gjort meir enn nokon annan for norsk kultur og litteratur i Tsjekkia dei siste åra.

Bjørnson-park

Brno er vel heller ukjend for nordmenn flest, mens det er heilt annleis andre vegen. Her har Bjørnstjerne Bjørnson fått sin eigen park, og norsk språk og litteratur er eit populært studium, noko det har vore i fleire tiår. Studentane les Hamsun og Vesaas og tar doktorgradar på norske dialektar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement