Reportasje

¿ Noregs ukjende Sapfo frå 1750

Stine Lund-soga skulle vore avslutta førre veke, men så dukka det opp ukjende dikt, ein melodi og ein tidleg karakteristikk av diktaren.

Kannik i Stavanger. Her låg Stine Lunds gate fram til 1960-talet. Alle foto: Håvard Rem.
Kannik i Stavanger. Her låg Stine Lunds gate fram til 1960-talet. Alle foto: Håvard Rem.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

I to artiklar har me reist i Rogaland i spora etter dialektvisa «Reis dæg, Brita». Kven skreiv henne, skulemannen Jacob Rasch (1669–1737) frå Sør-Jæren eller organisten Stine Lund (1715–1761) frå Stavanger? Saka har vekt interessa til fleira forskarar, og nye Stine Lund-funn dei siste dagane gjer det naudsynt med ei oppsummering her i bladet.

Forskarane kjem ikkje til å gje slepp på Stine Lund, og norsk litteraturhistorie om 1700-talet må rydja plass til henne og Brita-visa.

Hovudspørsmål har vore: Var ho diktar? Dikta ho på dialekt? Og kven skreiv Brita-visa om ikkje ho? Denne veka kjem me nærare nokre svar. Me skal fylgja tre spor: tradisjonen, gatenamnet og dikta.

Tradisjonen

I 1956 fekk språkforskaren Didrik Arup Seip vita frå Stavanger Museum at «samtlige dikt av denne første dikterinne i Stavanger har vært ansett som tapt». Kring 1900 skreiv litteraturhistorikaren Andreas E. Erichsen: «Denne Kristine (Stine) Lund var ogsaa digterinde. Der existerer endnu en liden samling digte af hende.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement