NOREG, DEL 4:
Østfold var Noregs forlenga arm inn i ein sørskandinavisk sivilisasjon som endra Europa med folkevandringar.
Utsyn frå bygdeborga på Ravnefjellet ved Hunn i Østfold.
Alle foto: Håvard Rem
Kva kjem først, veldet som vaklar eller folka som vandrar? Ein samanheng er det, før som no, mellom menneska som legg ut på vandring, geografisk eller åndeleg, og riket som knelar, anten det no er Romarveldet på 400-talet, i folkevandringstida, eller det dansk-norske eineveldet på 1800-talet. Kva skal me tenkja om folkevandringstida me lever i no? Er den vestlege verda det vaklande veldet?
På ferda gjennom Østfold, eit fylke som gir mange døme på migrasjonar, melder spørsmåla seg. Som ein del av den norske invasjonen av Bohuslän skal me sjølve kryssa ei landegrense undervegs, på veg til eit norskeigd sommarhus i Bullaren. Det var ikkje som rikingar me passerte Svinesund sist på 1960-talet, heile familien i ei stasjonsvogn, og slo opp teltet på ein campingplass i utlandet. Mindre var ikkje spaninga for gutelaget i fotball midt på 1970-talet, då me slapp ut av bussen i Strömstad og stadfesta at svenskesynda ikkje var oppskrytt. Østfoldingane hadde denne fleirkulturen som kvardag.
PORTEN TIL NOREG
Østfold har fleire av dei viktigaste hovudferdselsårene inn og ut av Noreg, både til lands og til sjøs, ein kombinasjon som tyder at fylket alltid har vore åstad for vandringar, og at Østfold har vore knytt til verda utanfor – før Noreg vart Noreg.
E6 har vore hovudferdselsåra ut av landet, ikkje berre i bilismens hundreår, men lenger attende enn me har minne. Framleis ligg deler av vegen, til dømes E6 mellom Moss og Halden, på det store raet – endemorenen som låg att etter isbreen for ti tusen år sidan. Med raet som ferdselsveg kom færre vasslaup i vegen, men éin dramatisk stad bryt Noregs største elv gjennom raet og vert til Europas største foss – i dag kryssa av både jarnbane- og vegbru: Glomma vart til Sarpefossen, og fossen vart til ein by som Sarpsborg og ei verksemd som Borregaard.
Sidan 1880 har jarnbanen gjennom Østfold vore ein veg til kontinentet. Til sjøs ligg Østfoldkysten mot både Skagerrak og Kattegat. I mellomalderen var dette sambandet særs sterkt av di «Østfold» i 600 år rakk heilt sør til Göteborg. Frå 1050 til 1658 var Bohuslän norsk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.