NOREG, DEL 2:
Om noko er Noreg minutt for minutt, er det landhevinga. Men det er bryet verdt. Ho kaster nytt ljos over øvre Telemark.
Heddal stavkyrkje.
Kvifor var øvre Telemark så avsondra? Ligg eit spor i sjølve namnet? Alt i eit skrift frå 500-talet vart folket telane nemnt, og namnet kjem visst av tel som tyder «det indre», «det djupe», «kjernen». Me seier framleis at det er tæl i einkvan.
Når eg no er attende der eg vart fødd, høyrer det med å vitja stavkyrkja, prestegarden og statuen av Olea Crøger inst i Heddalsvatnet.
TELEMARKSVASSDRAGET
Det avsondra såg Crøger ein verdi i. Ho samla mykje av stoffet til Norske Folkeviser, boka Landstad gav ut same året som Ivar Aasens Prøver af Landsmaalet i Noreg, i 1853. Den gong drog folkeminne- og målgranskarar hit av di dei isolerte stroka hadde eit etterslep i utviklinga. Fortida heldt seg her. Det gjekk korkje vassveg, jarnveg eller høveleg landeveg hit. Frå Christiania i aust enda sivilisasjonen i Kongsberg; vegen vidare gjekk mellom rovdyra på Meheia. Frå vest og nord måtte ein ta seg over fjellheimen eller Hardangervidda. Frå Grenland i sør stogga vassvegen alt med dei fyrste stryka i Skien. Norrøn tru heldt seg inn i katolsk tid, katolsk tru heldt seg inn i protestantisk tid.
Men samstundes som folkloristane drog hit, drøfta Stortinget bygging av ei ferdselsåre frå Grenland til Heddal. Kva med jarnveg? Frå 1854 batt Eidsvollbanen Mjøsa med Oslofjorden. Jarnbane bygde ein for å knyta saman vassvegar. Då Setesdalsbanen mellom Byglandsfjord og Skagerrak i Kristiansand opna, vart reisedøger til reisetimar.
Kva med kanalisering? Medan Byglandsfjord og Mjøsa ligg høvesvis 200 og 123 meter over havet, ligg Heddalsvatnet berre 16 meter over. To sluser ved Skien var nok. Frå 1861 gjekk skip til Heddalsvatnet og det som snart vart Noregs største innlandshamn, Notodden. Og med fabrikkane kom folk som nytta bymål til folkloristanes tidlegare mekka. Telemarksvassdraget var opna – att. For det hadde nok vore ope for rett lenge sidan. I bronsealderen. Før det vart lukka av landhevinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.